mandag, oktober 22, 2007

Ut på tur.....nesten sur






På laurdag tok me ut på tur, nesten heile Juliaca-gjengen. Me skulle bada i basseng med vatn frå varme kjelder! Me såg på kartet, og me mannfolk fann ut at det sikkert ville vera fint med ein rundtur, i staden for å køyra att og fram same veien. Men det var ikkje den beste ideen me har hatt. Me tok veien om Azangaro. Frå Juliaca og til Azangaro var det flott asfaltvei, men frå Azangaro og til Putina(der dei varme kjeldene er) var det dårlig vei - og ganske langt, litt mildt sagt. Me hadde berekna at me kunne nå fram på eit par timar, og me var bare eit par timar frå å ha rett. Dei siste par timane vart litt lange for nokre. Ungane klarte seg overraskande godt, og eg syntes me hadde ein fin tur. Eg skal ikkje nevna navn, men nokon holdt på å gå sure ute i øydemarka.


Men plutselig dukka Putina opp, og der var basseng med rutsjebane. Då var alt anna bare bagatellar, for dette slo an hos store og små. Me bada å kosa oss til me var vasstrukne. Ein ting som eg syntes var litt irriterande, var at det regna når me bada, så me vart skikkelig blaute!


Veien heim gjekk på eit par timar. Me hadde gild matpause, og ingen sure miner. Når me kom heim var alle enige om at me hadde hatt ein storarta tur.
Fyldig dekning av turen finn dokke og på bloggane til fam Høgsås, Eli Anne og Kjell Magne og Elisabeth.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe..eg ser for meg at du va irriterande positiv på denne litt vel lange bilturen...?
Godt at dåkke hadde någe kjekt å komma te då ;-))

Unknown sa...

quiz!
Hvor mye vann skal egentlig til for å endre gamle hovdas humor!

Anonym sa...

Åh..det e myyyyye du!!

Sverre sa...

Går det an å be om nokre litt meir konstruktive kommentarar, og ikkje slike stygge personangrep og harselering. Helsing anonym.