tirsdag, april 22, 2008

Silas 6 år


På søndag fylte Silas 6 år. Me vekte han med Happy Birthday og presangar. Og han var i storform. Etter frukost gjekk me i kyrkja, så åt me middag på ein restaurant. Og om ettermiddagen hadde me selskap med kaker, vafler, muffins og is.

Han fekk mykje fint, sjølv om han såg litt skummel ut når han kledde seg opp i sitt nyaste antrekk.

Tilbake på åstedet

På laurdag var me på tur opp i åsane i Juliaca. Og då gjekk me forbi det berykta hoppet som ga meg mange sting i øre-nese-hals regionen. Eg hadde ikkje med sykkelen, men eg måtte bare prøva hoppet ein gang til. Og det gjekk bra!

fredag, april 18, 2008

Mika sin første klypp


Me har fått nokre velmeinte råd om at det snart er på tide å klyppa Mika. Men me synes nå han har vore koselig med hokkeysveisen sin og. I dag fann Brith-Jorunn fram klyppemaskinen, og hår og tårer falt.

Oppdatert fjesrapport


Marit og Joakim etterlyste fleire bilder av fjeset mitt. Det er ikkje kvar dag eg får slike oppfordringar, så her kan dokke sjå koss eg ser ut i dag.

mandag, april 14, 2008

Grua i hagen og telttur


Siste veka har me fått ordna eit par ting rundt huset her. Trampolinen vår står på sement, og først hadde me nokre tjukke bastmatter rundt den, men dei har gått meir eller mindre i oppløysning og var skitne og ekle. Så nå har me fått nett på trampolinen, sjå meir på Solveig sin blogg.

I tillegg til det så har me fått oss grua i hagen, og den vart innvia ein dag i sist veka, med pinnebrøddeig og bananer med sjokolade inni.


Frå onsdag til torsdag låg skuleungane i telt på skuletomta. Silas fekk og vera med sidan han har begynt på førskulen. Dei kom heim ganske trøytte på torsdag ettermiddag. Men dei hadde hatt det kjekt.

lørdag, april 12, 2008

Idrettsskade


I går var David og eg på sykkeltur oppe i åsane utforbi byen her. Me for høgt opp og sat og nøyt utsikten ei stund før me tok på heimvei. Når me var halvveis nede, kom me til ein plass der det er eit hopp som me har prøvt før. Nå var det eit par stutar som sto litt i veien, så det var litt vanskelig å få fart. David køyrde først og kom seg like heil over, men når det var min tur så satte eg hjulet nedi ei grøft og for kontant på nasen. Dette førte til omfattande skader i munn, nase og rundt forbi. David sykla for å sei frå heima, og eg sykla og heim. Brith-Jorunn fann ut at det var best å få meg på sjukehus, og der sette dei lokalbedøvelse og prøvte å gjera reint såra, men når dei såg i munnen, fann dei ut at eg måtte på operasjonsbordet. Så eg fekk narkose og dei prøvte å lappa meg saman så godt dei kunne. Litt vanskelig å sei korleis resulatet er ennå, men om eg ikkje er like fin, så er eg like grei som før. Eg har eit bilde før sying, men eg trur eg legg ut det etter.
Låg på sjukehus i natt, men nå er eg heime igjen. Mika syns eg var så stygg at han gadd ikkje ha noko med meg å gjera. Får håpa det går over.

tirsdag, april 08, 2008

Hompetitten



Frå torsdag til søndag var Geirmund Monsen og eg på reise i Moho sone. Me hadde tema om evangelisering, og Geirmund presenterte eit opplegg han har jobba med, som skal hjelpa kyrkjene med å gi systematisk undervisning i kyrkjene.

Me var i dei fleste utkantane av sona, og køyrde på utrulige veier og stiar. Den høgaste kyrkja i Moho var me og i, den ligg 4270 m.o.h. Me vart godt mottatt, dei set pris på at me kjem på besøk. På kvar plass fekk me noko å eta. Fleire dagar var det "fiambre", dvs at dei legg eit teppe på bakken, og så legg dei poteter og frysetørka poteter oppå, ofte er det og ein eller annan "dip".

Me var på besøk i eit par heimar. Hos ein familie ba me for ei kone som var sjuk. Når me hadde gjort det, ba dei oss om å fjerna eit steinbord som dei hadde i gardsrommet sitt. Det hadde vore brukt av ein trollmann til å tilbereda offer til moder Jord og åndene. Så me ba om velsignelse over heimen, og fjerna det som dei trudde kunne stenga for den.