mandag, desember 29, 2008

Jula i Juliaca


Nå er juledagane over, og me ser tilbake på nokre fine dagar saman.
På julafta åt me graut saman med dei andre norske her, og etter det fekk dei som ville sjå "3 nøtter til Askepott".
Me fekk dei to minste til å ta seg ein god kvil.
Så var det å gjer klar til årets måltid, pinnakjøt som pappa hadde røykt sjølv. Det smaka verkeleg godt. Etter oppvasken var det juletregang, noko Mika og Solveig storkosa seg med. Etter det begynte det store pakkestyret. Silas kom først trippande med ein pakke til foreldra, noko han hadde laga sjølv. Det var eit flott lite vevt bilde, verkeleg ein fin presang.
Alle var så fornøgde og glade for det dei fekk under treet.
Etter pakkane var pakka ut og testa, var det tid for kaffi og snadder, før me måtte ut å sjå på fyrverkeriet. Her feirer dei verkeleg at Jesus vart født. Og det er midnatt som er fødselstidpunktet. Då legg dei Jesus-barnet i krybba, og sender opp rakettar.
Me har hatt koselige besøk til middag og kvelds, og i går var me på tur opp til skogen saman med fam Hamre.

onsdag, desember 24, 2008

God jul!


Nå ligg pinnakjøtet i vatn, og me er klar for julefeiring. Peter og eg fekk vera med på noko flott i ettermiddag. Me reiste til Azangaro for å ha eit førjulsmøte, og dela ut kakao og boller. Me hadde me oss eit par unge som hadde eit flott dukketeater som fekk fint fram kva som er viktig i jula. Me sang og leika litt, og eg hadde ein andakt. Kyrkja var full av barn og vaksne, mange var inne i kyrkja for første gang. Ein som var der, ønska å kjøpa ein bibel.
Det var utrulig kjekt å vera med på.

Nå vil me gjerne få ønska alle våre trufaste leserar ei velsigna jul!

Jes 9 2 Det folket som ferdast i mørkret,
skal sjå eit stort ljos;
over dei som bur i skuggelandet,
skal ljoset stråla.
6 For eit barn er oss født,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans aksler,
og han skal kallast:
Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,
Evig Far, Fredsfyrste.

mandag, desember 22, 2008

Ungdommane viser vei




Nå på laurdag fekk eg vera med ein gjeng med ungdomar til ein fattig bydel her i Juliaca. Dei arrangerte utlodning for nokre veker sidan, og pengene ville dei bruka til å gi fattige ungar ein oppmuntring til jul.

Dei rigga opp høgtalerar og inviterte ungane til å koma, og det kom masse folk. Det var leiker, sang, drama og vitnesbyrd. Ein del av ungane fekk synga i mikrofonen, og det var stas. Når dei hadde hatt eit ganske langt program, ba dei ungane å stilla i to køar, ein for jenter og ein for gutar. Så delte dei ut kakao, boller og ein leike til kvar av ungane. Det var mange fornøgde fjes å sjå.

På ettermiddagen same dag, var dei anna ungdomsgruppa som hadde utlodning for å hjelpa ei ung jenta som var blitt lurt for mange pengar.

Det er flott å vera saman med desse engasjerte ungdommane, som viser vei for dei vaksne og når det gjeld å visa at trua på Jesus får følger for livet vårt.

fredag, desember 19, 2008

Juleavslutning

Silas fekk tenna lys

I dag var siste skuledag, og gutane har vore å handla snop for to soles kvar. Hadde ikkje fått så mykje i Norge for 4 kroner, men her fekk dei både ostepop, fleire slikkepinnar, karamellar og tyggis.
På mandag hadde med juleavslutning på skulen, med julesangar, andakt og mange festlige innslag frå elevane. Til slutt var det tid for å smaka på julebaksten. Ein fin kveld.
Ellers er regntida begynt, og i dag regna det på dagen og.(vanligvis kjem regnet om ettermiddag, kveld og natt)


Peter og resten av 4. kl spela eit skuespel som dei hadde laga sjøl, David og dei andre store spela gitar og sang Tom Dooley. Silas og dei andre i 1. og 2. kl dramatiserte Julekveldsvisa.

mandag, desember 15, 2008

Ny høyderekord

Stemningen var lenge høg
Ein pust i bakken

Her ser me målet i det fjerne
Det var lenge godt humør

I år 2000 prøvte Brith-Jorunn og eg å koma oss opp på Chachani, det høgaste av fjella som omkransar Arequipa. Det er 6057 m.o.h. Men då vart me så sjuke, at me ikkje nådde toppen. Då tenkte me begge at dette skal me aldri meir prøva på.
Men me ombestemte oss, og denne helga var me ein heil gjeng som ville prøva å bryta 6000 meters-grensa. Me starta turen kl 01 natt til laurdag, og køyrde på dårlig vei oppover mot Chachani. Kl 04.30 begynte me å gå. Sekken var pakka med mat og drikke og litt ekstra klær.
Motet var godt, sjølv om BJ følte seg litt svimmel frå me gjekk ut av bilen.
Veret var som bestilt, og soloppgangen overveldande fin. Me gjekk seint og jevnt oppover, med stavar laga av kosteskaft. Ein del av turen måtte me gå i bratte skrentar, men det tyngste var å gå i laus sand. Me prøvte å drikka mykje, og eta litt etter kvart, men matlysten minka dess høgare me kom.
Det gjekk stadig tyngre oppover, og når me nærma oss toppen, måtte eg berre tenke eit steg om gangen. Og me nådde toppen! Det var fantastisk. Flott utsikt, og ny høgderekord.
Men det verste sto igjen. Veien ned var den store styrkeprøven. BJ fekk fryktelig hodeverk, og mista nesten hodet, så hu måtte gå i bånd eit stykke av nedturen. Hu vart og kvalm og uvel. Eg sleit mest med gele-føter og svimmelhet, ikkje den beste kombinasjonen. Men me kom oss ned og. Nå trur eg ikkje at eg kjem til å ombestemma meg, når eg seier at Chachani skal eg ikkje prøva å bestiga igjen. Men eg er åpen for å prøva Misti(ein vulkan som og ligg like ved Arequipa, men bare er litt over 5800 m.o.h)
Linker til same tur:
Tjelle-blogg
Høgsås-blogg
Mulelid-blogg Glade gutar

Kvinner på topp
40-åring med mann i 30-åra på topp

mandag, desember 08, 2008

Feiringen fortsatte


Sko vore innom og blogga for ei vega si, men bedre seint enn aldri:) Eg må jo bare få fortella om den fantastiska jentehelgå me hadde i fortsettelsen av feiringå på dagen min. Har aldri feira i fira dager t ende før, men nå har eg altså prøvd d og.......det va heilt konge. Eg visste ingenting om kor me sko når eg blei henta fred. ittemiddag (men endelig forsto eg koffor Sverre plent sko feira meg på dagen min og ikkje på fred. sånn eg ville,- eg hadde vore sjikkelig sur på han for d) og eg va kjempespent. Stemningen va ganske høg allerede i bilen og den sko visa seg å stiga utøve helgå. Me enda opp på et flott hotell et stykke utfor Puno. D låg nydelig t heilt ner med Titicaca-sjøen.....eg blei ganske øvevelda. Tenk ei heil helg uten mann og barn (og svigers:) :) :) ...eg senka skuldrene og bare nøyt d frå fysste stonn. Her har dokke ein kort oppsumering om ka helgå besto i: jenteprat, fjolling, spising, snop, prating, ut på tur, spa, fjolling, prating.......maten va nydelig,- d jekk helst i biff, og d å bli knadd itte et deilig bobblebad itte en lang fjelltur va aldeles fantastisk ubeskrivelig nydelig!!!!!!
D va peis på svitten.......den fyste kvelden blei me mesten røykforgifta, men den andre spraka d koselig og me bare nøyt livet.
Så nok ein gong jenter (Marianne,Randi,Veronika,Nina) 1000 millioner hjertelig TAKK for ei uforglemmelige helg........en leve ei stonn på sånne opplevelser :)

Ein misjonærs drømmeveka

Dette har vore ei utrulig flott veka. Mange muligheter til å vitna for folk som ikkje kjenner Jesus.

På ungdomsgruppa "Luteranos al toq" på onsdag kom det to nye jenter, som ikkje går i noko anna kyrkja. Trur dei var invitert med av nokon av ungdommane. Veldig kjekt.

På torsdag reiste eg til Azangaro saman med pastoren der. Det har ikkje alltid vore like god oppslutning på møtene på torsdagane, så me var litt spente. Men me reiste tidlig ut, for å invitera folk til møtet. Rett utforbi døra sat ein mann og ei dama. Eg fortalte litt om kyrkja vår og inviterte dei til møte. Me snakka ei stund, og mannen virka interessert og ønska at me kom på besøk der han budde. Han fekk med seg eit enkelt bibelstudiehefte.
Me tenkte me skulle visa film, og når me begynte kl 7, var det to trufaste ungar som var på plass. Me begynte på filmen: Pilgrims vandring, og rett etter at den hadde begynt kom huseigaren vår saman med mor si. Hu som er huseigar har kome ofta, og kjøpt seg ein Bibel, men mora har ikkje vore der før. Så forsvant hu som er huseigar ut, og kom tilbake med ei nabokona og ein ung gut. 3 nye på ein gang! Det var flott. Eit godt stykke ut i filmen kom han som eg snakka med utforbi kyrkja og. Utrulig kjekt. Og filmen var god. Me slutta av med nokre vers frå Bibelen og bønn.
Me reiste glade og oppmuntra heim til Juliaca.

I dag var me ein gjeng frå "Luteranos al toq" som var på besøk i fengselet her i byen. Me sang og vitna i ein luftegarde der mange var samla. Nokre spela kort, andre vaska klær, men mange lytta oppmerksomt på sang og vitnesbyrd, og det var ikkje noko bråk. Virka som dei var glade for besøk, så dette vil me gjerne gjera igjen.

For meg er det utrulig kjekt å koma i kontakt med så mange nye i løpet av ei veka.

For ungane har det og vore ei kjekk veka. Dei har hatt besøk av den norske skulen i Arequipa, og hatt juleverksted og vore på overnattingstur på ein leirplass ute på høgsletta. Der var dei og på tur til elva, og fekk seg eit kjølig bad. Stor stas.

Eg har tatt lite bilder, så dette får bli eit innlegg for dei som ikkje bare ser på bildene:)

torsdag, desember 04, 2008

For første gang i Huayrapata


Sist veka var eg på tur til Moho-sone, for å vera med til ein ny plass som dei har besøkt ein gang før. Dei tenker å starta opp med regelmessige møter der over nyttår.
Me køyrde frå Moho på ein vei som var ganske dårlig etter at det har begynt å regna. Når me kom inn mot Huayrapata måtte me stoppa å kobla til høgtalar. Så køyrde me rundt og fortalte at den evangeliske lutherske kyrkja var på besøk, og at me skulle visa film på Plaza de armas(torget).
Me fann ein kvit vegg der, og fekk låna straum. Mykje folk samla seg når me begynte å visa filmen. Me hadde litt problem med lyden, men ellers gjekk det bra. Etter filmen delte med litt frå Bibelen med dei. Det er spennande å koma til nye plasser. Ver gjerne med å be om at me får kontakter og kan få etablert ei kyrkja i Huayarpata.