lørdag, september 29, 2007

Hamstring og bil



I dag har eg vore ute å hamstra ein del som eg ikkje veit om eg får tak i i Juliaca. God honning, Nutella og peanøttsmør. Kjekt å ha!

I morgon formiddag reiser me til fjells. Silas, Peter og eg køyrer i bussen me skal disponera. Me tar og med Elisabeth og lærerane. Brith-Jorunn, David og dei to minste reiser med fly i morgon ettermiddag. Så då kjem me til Juliaca heile gjengen i morgon.

Glede oss til å koma i hus!

fredag, september 28, 2007

Flytting og pizza


Denne veka har me hatt ei samling med alle misjonærane på feltet. Me har hatt bibeltimar, og forskjellige tema som me har samtalt om. Det har vore fint å vera saman.

Denne helga satser me på å koma oss til Juliaca. Det er mulig at eg og nokre av gutane køyrer, og at Brith-Jorunn og dei minste tar fly opp.

Det er haustferie på skulen neste veka, så det blir ein mjuk start på fjell-livet for skuleungane våre. Men dei gleder seg til å koma på plass der me skal bu nå.

Det skal vera eit pastorkurs i Juliaca neste veka. Der rekner eg med å treffa ein del folk som eg kan snakka med, og planlegga litt korleis eg skal jobba i sonene på fjellet. Kjenner at eg gleder meg til å koma i gang nå.

Det er lett å finna på negative ting å sei om Juliaca, men eg prøver å fokusera på det positive. Og noko som eg gleder meg til å nyta i Juliaca er ein utrulig god pizza. Me hadde oss eit par sist veka når me var oppe med flyttelasset. Snadder!

Eg er litt usikker på kor mykje oppdatering det blir heilt med det første, for eg trur ikkje eg har internett i huset i Juliaca ennå. Men det blir høgt prioritert å få på plass så fort som mulig!

mandag, september 24, 2007

Fotball i parkbassenget



I ettermiddag var Silas, Peter og eg i ein av parkane rett rundt her. Me sparka litt ball og leika oss. Etter kvart fann me ut at me kunne bruka eit uttørka basseng til fotballbane. Sjekk bilder og video.


Stilig verfenomen




Når me var i Juliaca, såg me noko stilig. Det var ein ring rundt sola. Eg tok ein del bilder av dette, og når eg kom ned og skulle visa dei, sa Peter: Du må huska at det er raskt gjort å ta masse bilder, men det går litt seinare når eg skal sjå alle. Det vart visst litt mange bilder av eit motiv, slik eg forsto han. Her skal dokke få sjå eit par av dei beste!

lørdag, september 22, 2007

Flyttelasset er i Juliaca






Torsdag morgon reiste me til Juliaca med flyttelasset til alle som skal bu i Juliaca. Det vart to store, og ein liten lastebil. Lasset var fullt av senger, stolar, bord, pultar, sofaer, syklar og andre ting me treng i husa og skulen i Juliaca.

David og eg var med frå vår familie. Det var mykje jobbing i tynn luft, men det gjekk godt. Me fekk alt i hus, og skrudde saman sengene, slik at det er klart til me reiser opp med heile gjengen.

Det var kjekt å vera i Juliaca igjen etter meir enn 6 år. Ganske likt som før, men litt forandring var det. Ringveien var blitt ein god vei, og i sentrum var det litt nytt. Fortsatt masse sykkeldrosjar(triciclo).

Huset vårt var veldig greit, med god plass og stor uteplass. Skulen var og flott. Stor tomt, og gode rom til skulebarna og Solveig.

Me var i Juliaca to dagar, reiste ned fredag kveld. Sist me budde i Peru, måtte me rekna ca 8 timar i kjøretid på turen. Nå var det ny, flott vei, og me køyrde på litt over 3,5 time. Det var ein flott tur, med både lama, alpaca og vicuña langs veien. Høgaste punkt er 4528 m.o.h.
Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei:)

mandag, september 17, 2007

Aktiv krabat


Mika er i ein aktiv periode av sitt liv. Han liker best å vera i nærheten av mamma. Men ser han at porten er oppe til trappa, er han rask avgårde. Og kjem han langt opp i trappa før han blir oppdagt, ser me eit svært fornøgd fjes.

søndag, september 16, 2007

Ny sofa



Me bestilte sofagruppa for nokre veker sidan. Den var ferdig for nokre dagar sidan, men då var den ikkje heilt slik me hadde bestilt. Me diskuterte litt, og vart enige om at dei skulle prøva å ordna den så den vart slik som me hadde blitt enige om. David, Silas og eg reiste opp i går, og då var den slik den skulle vera. Me tok med oss ein sofa og ein stol på ein pick-up, så tok me ein sofa og ein stol på taket av ein bil.

fredag, september 14, 2007

Vaffelsalg


I går var alle misjonærane i Arequipa innbudt til å kjøpa vafler hos oss. Det var Silas og Karl Andreas som inviterte. Dei har ein plan om å bygga hytta i Juliaca, og då treng dei litt startkapital til å handla materialer for. Det var mange vaffel-svoltne folk, så det vart god butikk for hyttebyggerane.

torsdag, september 13, 2007

Forandring i planane


Me hadde tenkt å flytta til Juliaca denne helga, men nå blir det ikkje ennå likevel. Solveig har feber og bronkitt, og i følge doktoren bør me ikkje reisa opp på ei veka ennå. Det var ein nedtur, for nå var me veldig klar for å reisa. Men me kan ikkje gjera noko med det.

Me satser på å få sendt flyttelasset opp i midten av neste veka, og så flytter me opp heile gjengen litt etter det.

lørdag, september 08, 2007

Første frisørklypp



I dag var det Peter sin tur å gå til frisøren. På vei bort dit sa han til meg: Eg har aldri vore hos frisør før. Då var det på tide. Det kosta 16 kr, men det var det verdt. Mika var med, og sat i vogna og kika. Han var så rolig, at når Peter var ferdig, fann eg ut at eg kunne trenga ein klypp eg og. Så nå er me så hårfagre som aldri før i familien.

torsdag, september 06, 2007

Sporty lærerar


Det er tre lærerar som skal vera knytta til skulen i Juliaca. Det er dei nygifte: Eli-Anne og Kjell Magne.(1 og to frå høgre på bildet) Dei skal bu i Juliaca. Så er det Jeanette(uttales på karmøysk dvs janette). Hu skal koma opp til fjells ei veka i månaden. I tilegg skal Elisabeth(sjå Solveig sin blogg) ha nokon timar på skulen. Alle desse fira er spreke, unge folk. Dei har dratt i gang misjonærtrim kvar torsdag kveld. Det er fotball i ein av parkane i nærheten her. Dei store ungane er og med på den. Nå ser me bare fram til litt skikkelig høydetrening. Dette er bare 2340 m.o.h.

onsdag, september 05, 2007

Familiemøte




I dag hadde me familiemøte for misjonærfamiliane her i byen. Me fekk høyra om Paulus og Barnabas som vart uenige. Og det var mange som kjente seg igjen i det.


Dagens minnevers er noko me godt kan legga oss på minne, både store og små:


Ef 4:32 32 Vær gode mot hverandre, vis barmhjertighet så dere tilgir hverandre, likesom Gud har tilgitt dere i Kristus!


Dei største ungane på skulen hadde eit opptrinn der den dramatiske fortellingen om den barmhjertige samaritan vart levande for alle som fekk følgja med.


Og så var det ein overraskelse: Blåveisbamsen kom på besøk! Det slo an.


Til slutt hadde me kveldsmat.


søndag, september 02, 2007

Agua es vida



Agua es vida

Dette var mottoet til vannverket her i Peru sist me var her. Kanskje har dei det ennå. Det betyr vatn er liv. Når me bur i eit tørt ørkenområde, blir det så tydelig at vatn er heilt nødvendig for alt liv. Det er ein del parkar her i byen, og dei må vatnast jevnt og trutt, viss det skal veksa og blomstra der. Dei har nokre kreative vannsprederar.

Me har reist til Peru for å vatna eit tørt ørkenland med levande vatn. Då kan det bli liv, og ikkje berre det, men då kan nokon få evig liv.

Joh 4:10:
Jesus svarte og sa til henne: Kjente du Guds gave, og visste du hvem det er som sier til deg: Gi meg å drikke - så hadde du bedt ham, og han ville gi deg levende vann!

Eg synes dette verset seier noko om kva me skal gjera med Jesus, nemlig ta imot gaven Gud vil gi oss. Og at Han vil gi levande vatn til alle som ber Han om det.

lørdag, september 01, 2007

Mannen som skulle stelle heime


I dag har vore ein knallhard dag. Brith-Jorunn reiste til Juliaca kl 07 i dag tidlig og kom igjen kl 21.30. Og her var det sjukestova. Mika hadde mest ikkje sove om natta, han hadde feber. David var vond i magen og var heime frå skulen. Når Solveig kom heim, ville hu ikkje ha middag(sikkert teikn på at hu ikkje er i form). Når hu hadde kvilt, kjende eg at hu var varm i hovudet. Middagen kom kjørande på motorsykkel, god kinamat. Det var ein travel dag på heimefronten, men nå er den over.

Brith-Jorunn var oppe og inspiserte huset, og det såg ikkje verst ut. Det ser litt verre ut med hus til lærerane våre og den andre familien som skal bu i Juliaca. Så der har dokke eit konkret bønneemne. Me har tenkt å flytta opp om eit par veker, men då treng me nok hus.


Huset me skal bu i er ganske stort, har stor uteplass, og det er og ein grei leilighet til Elisabeth i det.