tirsdag, mai 22, 2007

Bilder frå Israel

Glimt frå Israel


Me vaksne og minstemann Mika hadde ein opplevelsesrik tur til Israel frå 6. til 15. mai. Heime var både familie og venner i sving for å ta seg av resten av familien.


Me budde i ein leilighet i Jerusalem som me fekk låna. Dei første dagane var me mykje i gamlebyen og såg og handla. Å vera i Jeruslem som me har lest så mykje om i Bibelen var mest ikkje til å tru. Me såg bort på Oljeberget, gjekk over Kedrondalen til der dei trur Getsemane var og såg plassen der tempelet sto. Det var spesielt å sjå Vestmuren av tempelet der så mange kjem for å be.


Ein dag gjekk me til Gordons Golgata og gravhage. Det var ein flott plass. Då me såg hovudskallen i fjellsida vart me ganske overbeviste om at dette var plassen for "den store verdensbegivenheten", Jesus som ga livet i staden for oss. Og så gå gjennom hagen der og finna ei tom grav som passer til beskrivelsen frå Bibelen. Det var flott. Sjå www.gardentomb.com
Me leigde bil i tre dagar og reiste til Galilea. Skreiv litt frå hotellet der me budde. Det var flott å vera der. Me køyrde rundt sjøen og såg kor Jesus budde, fjellet der dei tru han hadde Bergpreika, og andre interessante plasser.
Me køyrde ned Jordandalen på vei heim, såg over grensa til Jordan og såg mange plantasjar med alle mulige sortar frukt og grønt. Me køyrde forbi Sakkeus sin heimby før me begynte stigninga mot Jerusalem igjen.
Siste dagen med bil vart brukt til ein tur til dødehavet, jorda sitt lågaste punkt. Me var oppe på fjellborga Masada før me flaut som korkar i dødehavet.
På søndag var me på møte i menigheten King of Kings. Sjå www.kkcj.org
Siste dagen i Jerusalem hadde me med oss ei svensktalande jenta som guida oss i ruinene etter Davids by. Interessant å sjå når dei grev ut 3000 år gamle ruiner. Me gjekk i ein ennå eldre tunnel som hadde vore vannledning. Sjå www.cityofdavid.org.il
Det var ein utrulig spennande og god ferie, og Mika oppførte seg eksemplarisk:)
Me sto opp kl 24 den dagen me skulle reisa heim. Det var godt å treffa ungane våre igjen!

torsdag, mai 10, 2007

I Israel!

Naa er Brith Jorunn, Mika og eg paa tur i Israel. Me har vore nokre dagar i Jerusalem, og i dag har me leigd bil og reist til Genesaretsjoen. Her bur me paa ein nydelig plass like ved bredden av sjoen. I morgon skal me koyra rundt og sjaa plasser me har lest om i Bibelen. Det er utrulig flott aa vera her. Det har vore veldig varmt desse dagane, men det taaler me. Dei plassene som me har tenkt aa besoka dei siste dagane her, er Dodehavet og Getsemane.
Dei foerste dagane har me vore i Jerusalem, og gaatt mykje rundt i gamlebyen, sett Klagemuren, Gordons Golgata og gravhagen og vore paa Holocaust museet. Mange sterke inntrykk.
Legg sikkert ut nokre bilder fraa Israel naar me kjem heim.
Her er ei nettside til plassen me er naa: www.inisrael.com/maagan