lørdag, mai 31, 2008

Mannen som skal stelle heime

Nå har eg rigga meg til framfor ovnen, ungane er i seng, og Brith-Jorunn er på kvinne-helg! Det verste er at eg ikkje kan klaga, for det er eg som er mest vekke frå heimen. Brith-Jorunn reiste saman med nokre andre misjonærdamer, klokka 6 i dag tidlig. Dei er i Moho, og der er det visst 180 damer! Dei ligg som sild i tønna, og det kan sikkert vera nødvendig, for nå er det kaldt om nettene her oppe.
Første utfordring for meg var å få alle opp og påkledd. Så var det frukost og nister og få dei tre eldste på skulen. Eg fekk god hjelp av David og Peter. Peter dekka bord, og David skifta bleia og kledde Solveig. Når eg hadde levert Solveig hos Elisabeth, var Mika og eg ein tur i sentrum og handla råvarer til ein bedre middag.
Eg følger tradisjonen til pappa, og serverte utmerket spaghetti med pølser til. Det slo godt an!
To heile dagar igjen som gressenkemann. Plutselig så går det bra!

Nå sit eg og skriv på min gamle PC, den andre var det ikkje mulig å fiksa. Så nå har eg bestilt ny på nettet. Men det tar nokre veker før eg får den. Eg har fått henta ut alle data frå hardisken, det var ein lette!

Ellers går det bra!

torsdag, mai 22, 2008

Datatrøbbel

Denne veka har eg bibeltimar på eit pastorkurs på CLET(bibelskulen). Eg hadde forberedt ein god del på forhånd, og på søndagskvelden skulle eg skriva ut bibeltimen til mandag morgon. Men då var skjermen svart, og det har den vore sidan då. Eg har prøvt å få reparert PC-en, men det har eg ikkje fått til. Nå er den sendt til Arequipa, og eg håper jo litt at eg må kjøpa meg ein ny, men me får sjå. Men det blir nok litt lite oppdatering her nokre dagar.

søndag, mai 18, 2008

17. mai






Me har hatt ei storarta 17.mai feiring. Når me var på vei heim sa gutane at dette var kjekkare enn i Norge.

Dagen starta (som vanlig) med strålande sol frå skyfri himmel. Etter frukost satte me kursen mot skulen. Der var det fint pynta med rødt, kvitt og blått. Me vart ønska velkomen av Jeanette, og så var det sang og talar. David, Magnus og Knut hadde ein fin tale, og Helge hadde ein tale med mykje interessant frå historia. Så var det tid for å gå i tog. Skule-ungane hadde laga fin fane. Me gjekk rundt på skuletomta. Etter toget gjekk me inn og fekk høyra forskjellige innslag frå skule-ungane. Det var både dikt, piano-speling og sang. Så kom isvogna!

Me hadde forskjellige leiker, og så hadde me deilig grillmat. Nå holdt eg på å gløyma noko av det viktigaste for mange, me hadde kiosk med masse billig og godt snop. Det slo godt an.

Før me gjekk heim hadde me fotballkamp. Ein flott dag for store og små.

lørdag, mai 17, 2008

Tjuv tatt på fersken



I kveldinga i dag var eg ute og skulle handla litt grillkull. Eg parkerte bilen og gjekk rett over gata og fekk takk i eit par sekker. Når eg hadde betalt dei, og skulle kryssa veien, høyrde eg ein bilalarm, og såg til min store forskerekkelse at bilen min blinka med lysa. Og inni bilen var det ein type som romsterte rundt på jakt etter verdisaker. Eg ropte "tjuv" og sprang over gata. Og når tjuven såg meg, vart han så livredd at han stakk av uten å ha fått med seg noko, så langt eg kan sjå.
Eg vurderer å gå til innkjøp av skikkelig billås

mandag, mai 05, 2008

Folkefest i Juliaca













Her er det ein som får velsigna ein trailer

På fredag var me oppe i åsen i nærheten der me bur. Den heiter 3 de Mayo(3.mai) og det var fullt av folk der. Dei kjøper miniatyrting som dei får velsigna, og så trur dei at dei får dette i løpet av året, MEN bare viss dei har sterk nok tru. Brith-Jorunn snakka med ein del folk, og prøvte å sei at dette var bedrag og ikkje rett ifølge Bibelen. Men ho vart berre trist og frustrert for dei trur dei har Bibelen med på det dei gjer. Dette viser bare litt av den enorme samanblandinga det er mellom katolisisme og fedretrua. Det er vel og den store utfordringa me står i her. Her er fokuset på alt dei sjølv må gjera, og dei kjenner ikkje Bibelens ord som gir kvile i evangeliet.

3.mai er dagen for kors-festen, og på denne åsen er det masse kors. Men korset er bare eit magisk symbol for dei. Dei kjenner ikkje Jesus som døydde på korset, og veit ikkje at ”all åndelig velsignelse er i Han”.
Det er trist å sjå folkemengden som prøver alt dei kan å tru nok for å få del i den materielle velsignelsen, og så forholdsvis få som kjem til våre kyrkjer og får høyra om han som frelser og velsigner utan å ta betaling for det. Slike gonger kan ein drømma om å ropa ut sanninga gjenom store høgtalarar…….men då hadde me nok vorte kjeppjaga.
Litt mismodige går me ned frå åsen med bibelens ord i tankane: ”Kjente dei Guds gåve og visste dei kven Jesus er då hadde dei bedt han…..” Men visst har me mykje å gleda oss over om det til tider kan virka litt håplaust. Det er stort at me i kveld skal ha bibelstudie med 4 ungdommar der berre ei av dei kjenner Jesus. Det er stort at me får vera her…..bruk oss Jesus.













Åsen var full av folk

På feil villspor??

Klikk på bildet, så forstår du kanskje kva eg meiner med overskrifta!

lørdag, mai 03, 2008

Grønn blogg!

Eg er litt usikker på om eg liker den nye "looken" til bloggen. Kan eg få nokre synspunkter frå sidelinja. Trykk på kommentarer og sei din hjertens meining!

Kyrkja i Cusco



På søndag fekk me vera med i kyrkja i Cusco. Det var flott å sjå både barn, unge og vaksne samla for å høyra frå Bibelen. Arbeidet i Cusco vart starta etter at me reiste til Norge i 2001, så det var første gangen me var i denne kyrkja.
Pastoren i Cusco er ein som me kjenner godt frå Tacna. Han heiter Milton og var fiskar på stranda nokre mil frå Tacna då me budde der. Nå er han blitt menneskefiskar i Cusco. Ein flott mann. Me var på middag hos han og familien ein dag.
Eit dansk ektepar har nettopp flytta til Cusco. Dei heiter Olga og Flemming Stidsen. Be om at dei må få god kontakt med folket, og må trivast og ha glede i tenesten.

fredag, mai 02, 2008

Tur til Cusco


Sist helg reiste me til Cusco. Det er ca 4,5 times køyring. Fin tur, med variert og fin natur. Me besøkte familen Andersen sjå http://majbrittogsoren.blogspot.com. Dei reiser heim til Danmark til sommaren, så me hadde lyst til å ha ei helg saman med dei. Cusco er ein fin by, omkransa av Inka-ruiner. Masse turistar reiser dit for å sjå Machu Pichu og andre inka-ruiner.

Me var i Pisaq i den hellige dalen ei natt, og låg i ein bungalow. Der var det svømmebasseng, trøbåtar. leikeplass og forskjellige banar til fortball, volley osv. Me var ein tur inne på markedet og kjøpte litt suvenirar.

På vei til Pisaq var me på ein plass der dei lager mange fine ting av alpacca-ull. Der gjekk det både lama, alpacca og vicuña rundt. Ungane syntes det var kjekt å gi alpacca-ungar melk i flaske.

Me hadde ei kjekk helg, med både gøy og moro. Både små og store kosa seg. David og Peter tok fly til Arequipa saman med dei danske skuleelevane og lærerane.