mandag, desember 31, 2007

Gledelig gjensyn

For 8 år sidan måtte me reisa frå Juliaca, fordi Peter ikkje tålte å bu i denne høyden når han var liten. Noko av det tristaste med det, var å forlata nokre unge venner me hadde. Dei kom i ei bibelgruppa hos oss, og var begynt å gå på ungdomsmøter. Me ville så gjerne fått brukt meir tid saman med desse unge, som nettopp hadde begynt å høyra Guds Ord.

Det var 3 søsken, to brødre og ei syster. Jenta, som heiter Juana, har fortsatt å gå i kyrkja, og er medlem i ei av kyrkjene her. Dei to brødrene går ikkje i kyrkja. Men i dag fekk Juana med seg minstebroren, Alex. Det var så kjekt å sjå.

Me spurte om dei ville koma å besøka oss, og det ville dei. Så i ettermiddag kom alle 3 heim til oss, Juana, Alex og broren Marcos, han hadde og med seg samboaren Gladys. Det var så koselig å treffa dei igjen, å høyra korleis dei hadde det.

Me spurte Alex om han ikkje hadde lyst å ta eit kurs på bibelskulen nå i februar. Han har ferie frå lærarskulen då. Det syntes han høyrdes spennande ut. Be om at han kan få til det.

Så spurte me dei alle om me ikkje skulle fortsetta bibelgruppa, som vart avslutta så brått når me måtte reisa frå Juliaca. Det var dei og positive til, viss me fann ei tid som passa i forhold til deira jobb og studier. Me skal verkeleg prøva å finna ei tid som kan passa.

Dette var ein kjekk dag!


Frå toppen Alex, Juana og Marcos

torsdag, desember 27, 2007

Julefeiring


Vi klapper i hendene....


Nå er jula over, og me har hatt nokre gode dagar. På julafta hadde me alle misjonærane med besøk her på graut. Så fekk dei som ville sjå Askepott, før me gjorde oss klar til julemiddag. Unnia hadde tatt med seg norsk pinnakjøt, og det var snadder.

Me gjekk rundt juletreet og så var det tid for å åpna presangar. Alle var så glade og fornøgde, sjølv om me venter på ein del pakkar frå Norge ennå.

Etter pakkestyret kom fam Høgsås på kaffi, og så var det tid for litt fyrverkeri. Kl 24 var det reine nyttårsafta her.

1. juledag var ein rolig dag heima. Brith-Jorunn diska opp med kalkun og waldorfsalat. Mmmm.

I dag på 2.juledag har me vore ute på ein gard som har blitt leirplass. Der jobber nokre misjonærar frå Tyskland og USA. Dei inviterte pastorar m/fam frå fleire evangeliske kyrkjer i Juliaca til frukost, leiker, fotball og middag. Det var kjekt for både store og små. Sjå http://www.chacradedios.org/ for å sjå plassen me var på.

I kveld har me hatt koselig besøk av ein familie som me kjenner frå Tacna. Nå bur foreldra i Juliaca, og ungane i Tacna, Arequipa og København! Men nå var alle samla i jula.

David og Peter fekk kvar sitt marsvin(små rotter). RETTING: Dei har fått kvar sin hamster, men eg står fast ved små rotter:)

mandag, desember 24, 2007

Julemorgen



Nå har det blitt julafta, og stemningen er høg i familien. Gutane var heilt i hundre når dei fekk kvar sin sokk med norsk og internasjonalt snop. Solveig og Mika var fornøgde når dei fekk pitla litt på juletreet. (trur det har ramla i bakken 3 ganger til nå, med ein av dei under treet.) Snart blir det andre ting under treet, og Silas har allerede lurt på kva tid me skal ha pakkar(kl 8).

Pinnakjøtet kom i går, og ligg i vatn.

Me venter ein del pakkar frå Norge, men det er mulig tollerane i Lima sit og tygg på melkesjokoladen vår. Nei, me håper dei kjem, men ting tar tid i dette landet.

God Jul

Felles gudsteneste under tak av presenning

Nå er det seint på vesle julafta, og me har vore på felles gudsteneste for alle kyrkjene i Juliaca i dag. Me var samla på CLET(bibelskulen) og det var masse folk. Me var ute, og dei hadde lagt tak av presenning over. Eg tala, og mange søndagskular hadde innslag. Det var både sang, dikt og juleopptrinn. Til slutt var det kakao og boller.

I morgon skal me eta graut saman med alle norske som bur her, om kvelden skal me vera saman med Elisabeth og søstera Unni som er på besøk.


Me vil ønska alle dokke som les ei god julehøgtid.

Ein av søndagskulane som hadde opptrinn

tirsdag, desember 18, 2007

Kva ser du her?


Dette er ikkje bare eit naturbilde. Kva var grunnen til at eg tok dette? Sjå nøye etter, kanskje ser du noko spennande? Gode forslag blir belønna med rosande omtale. Klikk på bildet for å få det større.

mandag, desember 17, 2007

Over haug og hammar

Kyrkja i Sullca der me var på torsdag



Frå torsdag til søndag har eg vore på tur til Moho sone. Det er 10-12 mil herfrå men det går 2,5-3 timar å køyra dit. Dei første 5-6 mila er asfalt, etter det varierer det mellom elendig og dårlig grusvei.
Me besøkte 4 lokalkyrkjer i sona, og hadde bibelundervisning og film på kvar plass. Den eine plassen me var måtte me ha med strøm og! Det var pause med mat midt i. Då vart det lagt ut eit teppe på bakken, og så tømte dei på poteter, frysetørka potet(chuño), og andre godsaker.
Me hadde med oss fleire stortalerar, bl.a Billy Graham som snakka flytande aymara. Det kalles dubbing, på godt norsk.
Det kom greitt med folk alle plassene, og dei er takknemlige for besøk. På laurdag var me i ei kyrkja nær grensa til Bolivia, då tok me ein rask tur til grensa mens me venta på at folket skulle samlast. Der var det masse lastebilar med alle mulige varer. Det er eit smuglarmarked. Det går mange lastebilar gjennom Moho til Juliaca med smuglargods. Politi og tollerar er stort sett fornøgd når dei får litt av lasset, så dette blir det nok ikkje slutt på med det første.

Ein ettermiddag var me å besøkte ein familie, der sonen på 24 år er alvorlig sjuk. Alle plassene me var kom mange og ba om forbønn. Dei har vore litt mismodige i fleire av kyrkjene der inne. Håper og ber om at Ordet som vart sådd kan gi nytt mot til dei kristne, og at dei kan vera vitner i bygdene sine.

Billy Graham på storskjerm, og matpause i Rosaspata

Vil du sjå bildene i større format, kan du klikka på dei. Det pleier å hjelpa!

tirsdag, desember 11, 2007

Kva betyr dette skiltet?


Dette skiltet møtte eg på veien frå Crucero. Har du forslag til kva det betyr, skriv forslaget ditt under kommentarar. Beste forslag blir premiert med hederlig omtale:)

mandag, desember 10, 2007

Såra sjel i Crucero



Denne veka var eg ein tur i Crucero, og då skreiv eg dette:

Nå sit eg i Crucero, 20 mil frå Juliaca og over 4000 m.o.h. Eg har prøvt å få tak i lederane i kyrkja her, ved å ringa og senda e-post. Men eg har ikkje fått kontakt. Så då reiste eg bare, og i ettermiddag har me hatt ei fint møte. Eg har fått høyra korleis det står til her, og fått eit inntrykk av korleis eg best kan gjera nytte for meg her framover.

Men før dette møtet, var eg ute å kjøpte vatn og sukker. I butikken kom eg i snakk med hu som selde. Eg sa at eg jobber i den evangeliske lutherske kyrkja her. Så spurde eg om hu gjekk i kyrkja. Då fekk eg høyra ei trist historie frå ei såra sjel. Hu hadde gått i kyrkja, og hadde hatt eit ønske om å reisa til andre plasser med evangeliet, slik som dei enslige misjonærane hu hadde blitt kjent med. Hu ville ofra tanken på familie og barn for å tena Jesus.

Men slik gjekk det ikkje. Hu og eit par andre enslige jenter song saman, og dei song fint. Dette gjorde at nokre av dei gifte damene vart sjalu på oppmerksomheten desse syngande jentene fekk. Dei vart nærmast trua til å slutta, og det vart satt ut usanne rykter om dei.
Dei hadde hatt så lyst å spela inn kassett, men det vart ikkje noko av. På grunn av det dei opplevde i kyrkja, slutta dei å gå.

Men eg ville gjerne vera trufast mot Jesus, men nå er det lenge sidan eg gjekk i kyrkja. Og når eg prøvte å gå ein gang, følte eg meg som eit rart dyr, dei såg berre på meg.

Eg vart så trist når eg høyrde denne historia, fortalt med tårer i augene.

Det er mange som har slutta å gå i kyrkja her, av forskjellige grunnar. Vil dokke vera med å be om at dei kan få ordna opp i ting her, og at kyrkja kan fyllast igjen.
Og at dei som kjem til kyrkja, føler seg velkomne dit!


Misjonsstasjonen i Crucero (einaste misjonen har bygd i Peru)

lørdag, desember 08, 2007

Bønnebarn i Tacna

Frå venstre Ronald, Richard og Daisy

Før me reiste til Norge i sist periode, vart me kjent med ei dame som heite Julia. Første gang eg traff hu, reiste me opp til huset der hu budde, for hu ønska å bli døypt. Me fortalte kva Jesus hadde gjort for hu, og spurte om hu ville ta imot Jesus som sin frelsar. Det ville hu, og så vart hu døypt. Grunnen til at me gjorde det så raskt, var at hu var alvorlig sjuk. Vanligvis tar folk eit medlemskapskurs før dei kan bli døypt eller tatt opp som medlemmer.

Etter denne kontakten, fekk spesielt Brith-Jorunn mykje med Julia å gjera. Hu var med å hjalp hu til å få smertestillande medisiner, og hjalp til med det dei trengte. Mannen hennar heiter Carlos og så hadde dei tre barn på 6, 8 og 10 år. Me fekk så vondt av desse tre som såg mora si bli sjukare og sjukare.

Me reiste til Norge i juni 2001, og når me kom heim fekk me beskjed om Julia hadde og reist ”heim” til himmelen. Det var med blanda følelsar me mottok den beskjeden. Lettelse for at hu slapp å lida meir, glede for at hu fekk del i det evige livet. Men og bekymring for dei som mista mor si. Mange i Norge fekk høyra om Richard, Ronald og Daisy, og dei fekk mange forbederar.

Det var spesielt sist søndag, når me køyrde opp i Ciudad Nueva i Tacna og prøvte å finna igjen huset der dei budde. Der var dei, alle tre. Faren køyer taxi, så han kom så fort han kunne. Han hadde ei ny kone og ein liten gut til. Det såg ut som dei hadde det godt.

Men etter kvart kom det fram at eldste guten, Richard, har kome i dårlig lag, og har blitt utvist frå skulen p.g.a. slåssing.

Me hadde med oss nokre venner frå Tacna, som skulle prøva å ordna det slik at han fekk fortsetta på skulen.






tirsdag, desember 04, 2007

Langhelg i lavlandet



På torsdag køyrde me ca 70 mil. Frå Juliaca til Tacna. Me hadde middagspause hos fam Harestad i Arequipa, og så reiste me saman med dei til Tacna. Me måtte over grensa til Chile for å ordna noko med visum til ungane. Sidan me var så godt i gang, reiste me likegodt over til Arica i Chile same kvelden. Neste dag fekk me ordna det me skulle, og så åt me ein svært populær middag, Mac Donalds burger og pommes frites.


Så reiste me tilbake til Tacna, der me hadde bestilt rom på eit flott hotell. Der var det badebasseng, og det var det viktigaste for ungane. Dei bada og kosa seg. Me fekk treffa nokre venner frå tida me budde i Tacna, det var kjekt.


På søndag var me med på møtet i kyrkja, og så fekk me besøkt nokre som me har tenkt ofta på dei 6 1/2 åra det er sidan sist me var i Tacna. Men det skriv eg om ein annan dag. Nå er det kveld!