I dag er Silas 7 år. Han vart vekka med nydelig sang og presangar. Etter frukost reiste han, David, Peter, Solveig og Brith-Jorunn til Arequipa. Der skal dei ha fellesveka med den norske skulen i Bolivia. Vil du gratulera han, kan du trykka på "kommentarer" og skriva ei helsing.
mandag, april 20, 2009
Silas 7 år
I dag er Silas 7 år. Han vart vekka med nydelig sang og presangar. Etter frukost reiste han, David, Peter, Solveig og Brith-Jorunn til Arequipa. Der skal dei ha fellesveka med den norske skulen i Bolivia. Vil du gratulera han, kan du trykka på "kommentarer" og skriva ei helsing.
Nebbete høner
tirsdag, april 14, 2009
Tur til Colca
På onsdag morgon reiste me til Colca, og låg på eit fint hotel der. Det var mulig å ri, og det var stor stas for ungane. Eg fekk utdelt den absolutt tregaste gamle merra eg har møtt i mitt liv, den ville knapt nok gå i vanlig gangfart.
Etter ridetur var det tid for bading i basseng med vatn frå varme kilder. Det var godt, og ungane storkosa seg. Me hadde deilig middag før me begynte å stappa ungane i seng.
Neste morgon starta me med frukost 5.30. Eg liker å starta dagen tidlig for å få mest mulig ut av dagen. Etter frukost køyrde me ei times tid til ein plass der det skal vera mulig å sjå kondoren. Og me var heldige, og fekk sjå ein heil del kondorar på nært hold.
Så var det tilbake til hotellet for eit siste varmt bad og litt mat, før me tok ut på heimturen.
Besøket vårt frå Ecuador forlot oss på laurdag kveld. Det var kjekke dagar me fekk saman. Me har begynt å gleda oss til jul!
onsdag, april 08, 2009
Besøk frå Ecuador
På laurdag fekk me besøk av tante og onkel og tre søskenbarn, som bur i Ecuador. Dei var litt prega av høyden første dagen, men nå er dei i god form. Me har sett oss litt rundt i Juliaca, og vore på tur til Sillustani og Taquile(øy i Titicacasjøen). Ungane koser seg saman, og det gjer forsåvidt me vaksne og.
mandag, april 06, 2009
Litt forskjellig
Nå er det ei stund sidan sist eg blogga, ska prøva å oppdatera litt oftare. Me har vore i Arequipa på konferanse, og hadde fine dagar der. Ola Tulluan hadde bibeltimar, og misjonssekretærane frå Norge og Danmark var og på besøk. Det var forhandlingar, info frå kyrkja me arbeider saman med, god mat og ein del kaffi.
Før konferansen var ferdig reiste nokre av oss på kurs til Bolivia. Les meir om det her
På fredag reiste eg til Cusco for å vera med ungdommane i Luteranos al toque på leir. Eg fekk bare med meg første dagen, for på laurdag fekk me besøk av fam Hovda Dobbe frå Ecuador. Det var veldig kjekt å sjå dei igjen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)