lørdag, desember 09, 2006
Barnedåp
Søndag 3.desesmber hadde me barnedåp for Mika. Det var ein fin dag, sjølv om det var surt ute. Me hadde dåpen på bedehuset, og der var mange engasjert. David og Peter song saman med Miriam og Filip. Silas var med bestå og henta vatn til dåpen. Nydelig pynt gjorde og sitt til at me følte dette var ein festdag.
Me hadde selskapet heima, der var dei to fadderfamiliane og besteforeldre på plass. Gode venner var med å serverte, pynta, lagte blomsteroppsatsar, kaker og dessert. Så det gjekk nesten av seg sjølv.
Me hadde god mat, og god drøs. Ungane leika og kosa seg, og me hadde nokre leiker der alle var saman.
På måndag hadde me resteselskap for å få hjelp til å eta opp alt det gode me hadde. Me klarte det ikkje då heller.
tirsdag, november 07, 2006
Endelig kom femtemann
4 november på formiddagen såg femtemann i barneflokken dagens lys. Ein flott, stor gutt på 4500 g og 54 cm. Me er så takknemlige og glade. Brith-Jorunn og han fekk bu på det nye hotellet som ligg vegg i vegg med sjukehuset. Pappa fekk og ei natt på hotell. Men nå er minstemann og mamma kome heim, og det var godt.
Her er eit par bilder av godguten.
fredag, oktober 13, 2006
Brith-Jorunn
Brith-Jorunn er snart 5-barnsmor, og er veldig klar for fødsel. Hu er den som har kontrollen i heimen, flink til å laga det koselig rundt seg. Liker å vera ute i frisk luft, og er rett som det er ute på tur. Hu er musikalsk, og syng og speler piano. Har ein travel kvardag, og er ei glimrande kone og mamma!
Solveig
Solveig er 1 1/2 år. Hu er ei sjarmerande og blid jenta. Er 3 dagar i veka i barnehage og koser seg der. Hu har Downs syndrom, og har sin eigen blogg: http://solasolveig.blogspot.com/
Der skal me prøva å skriva litt om hu og korleis det er å ha ei jenta med Downs syndrom.
Silas
Peter
Eldstemann
onsdag, oktober 11, 2006
Hjelp, eg blogger
Nå prøver eg å finna på noko å skriva i min rykande ferske blogg.
Eg er ikkje pur ung lenger, men trives som voksen! Eg er gift og har fire barn. I løpet av nokre veker venter me nr 5.
Så eg har ikkje mykje tid til å kjeda meg.
Men det er kjekt å lesa litt forskjellig på nettet, så nå har eg tenkt å bidra med mine gullkorn:)
Treng berre litt tid til å tenka dei ut!
Imens kan dokke sjå på dette bildet, og prøva å få eit godt førsteinntrykk av meg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)