fredag, mars 09, 2007

Me reiser til Peru


Nå er det lenge sidan denne sida vart oppdatert. Men her kjem litt nytt frå oss. Me har vore ein periode i Peru som misjonærar, og nå planlegg me 3 nye år i Sør-Amerika. Det gleder me oss til. Samtidig kjenner me på spenning for korleis me kjem til å finna oss til rette på andre sida av kloden. Me vaksne tenker på korleis barna vil takla omstillinga til ein heilt ny kvardag, omgitt av eit nytt språk og mange nye inntrykk. Denne veka har me vore hos lensmannen å bestilt pass, og så fekk me veta datoen for utreise: 2.august kl 06.50 reiser me frå Sola. Me skifter fly i Amsterdam og så er det direkte til Lima. 13 timar i fly, det kan lett gå greitt med våre 5 fredfulle barn.
Her kan du lesa litt om korleis dei som er i Peru nå har det: http://nlm.no/index.php?pid=150
Til høgre er det linkar til heimesider og bloggar og.