torsdag, desember 24, 2009

God Jul

Frå hotellet me budde på
På stranda i Montañitas
Silas koser seg i badeland

Nå er me i Guayaquil i Ecuador, og koser oss saman med familien Hovda Dobbe. Me kom på laurdag, og då var det overkya og 28 grader. Viss ikkje air-condition anlegget er i gang, svetter me viss me vifter med øyrene.

På søndag reiste me til Punta Blanca ved kysten, og låg på eit koselig hotell. Me var i eit badeland, og ungane kosa seg med vannleik frå me kom til me gjekk.

Me var og ein tur til ein surfe-by som heiter Montañitas, der åt me litt, var ein tur på stranda, og åt ein is så fort me kunne(den smelta mellom hendene på oss).

I dag har me vore og sett på eit par skular som Inger Lise besøker i jobben sin. Enkle forhold, med bambus-bygg, men me fekk og sjå nokre nye klasserom bygd i murstein. Flott å sjå at desse fattige områda i utkanten av byen får hjelp til skulebygg og skulegang.

I morgon er det juleafta, og me skal på gudsteneste på Casa Alianza saman med ein del andre norske her i byen, så er det ribba og julekveld heima etterpå.

Me ønsker alle våre trufaste leserar ei velsigna jul, og eit Godt Nytt År!



søndag, desember 20, 2009

Ecuador

Her er ein del av Guayaquil som me ikkje har sett ennå:)

Då har me kome til Ecuador. Her er det varmt nok når det er overskya, så me håper på lite blå himmel:) Nå tar me oss eit par dagar ved stranda for å få fart på julesteminingen. Les i avisa at det er snøkaos i Rogaland. Høyres litt koselig ut, men eg skal klara meg utan snø ei stund til.



Ellers så har eg fått nytt fotoapparat, så når eg får tatt nokre bilder, kan de få vera med å vurdera om det er bra!


Ha ei strålande førjuls-tid i sol eller snø.

fredag, desember 18, 2009

Juleavslutning


Til alle mine trufaste leserar vil eg beklaga at det går litt tid mellom blogginnlegga. Litt av forklaringen er at eg i skrivande stund ikkje har eit foto-apparat. Og uten bilder kan det bli noko tørt å bare lesa mine spredte tankar.(men eg fant eit fint illustrasjonsbilde til denne saken:)
Men eg har skrive eit stykke som står på nlm.no, med bilde det kan dokke lesa her

Me har vore i Arequipa nokre dagar, og i ettermiddag hadde me juleavslutning på skulen. Der var det mange flotte innslag, både sang og musikk, og forskjellige opptrinn.

Me hadde graut og mandel, juletregang og ein episode av Jul i Svingen før me tok kveld.

I morgon begynner me på reisa til Ecuador, der me skal feira jul og nyttår.

onsdag, desember 02, 2009

Dramatisk tur til Bolivia

Sist veka var eg i Bolivia for å vera med på avslutninga til SETELA(3-årig teologisk seminar) Då eg kom til La Paz, skulle eg ta ein taxi ned til sentrum for å finna eit hotell. Ein av dei som var med meg i bilen frå grensa, skulle og ned til byen, så han sette seg inn i same taxien. Så kom det ei dama og sette seg inn, så eg tenkte at det var ein fellestaxi.

På vei ned mot byen vart me stoppa av ein mann, som sette seg inn framme, han presenterte seg som turist-politi og viste eit ID-kort. Det var kontroll, sa han, for det kom inn mykje narkotika og falske penger over grensa. Han sjekka først han andre som var med, såg i sekken hans, lukta på ting og penger. Så var det min tur, han sjekka sekken grundig. Etter han var ferdig med bagasjen, spurde han etter kortet til han andre som var i bilen. Han ringte til ein sentral som skulle sjekka at kortet ikkje var falskt. Han ba om koden, og fekk den. Så var det mitt kort. Eg sa at eg ville ikkje gi vekk koden min. Det var heilt nødvendig for å sjekka at det ikkje var falskt, sa politien. Nei, den ville eg ikkje gi frå meg. Dei andre som sat på sa: bare gi han den. Brith-Jorunn har sagt at dette får eg ikkje sei høgt, men viss du kan holda på ein hemmelighet, eg ga han koden til kortet mitt.

Etter det sa han at han ville sjekka kofferten min, og sjåføren tok den ut. Eg tok med sekken min og gjekk ut på fortauet. Og då eg hadde kome meg vel ut av taxien, forsvant den plutselig i ein veldig fart. Då kom eg til å tenka på at eg kanskje var blitt lurt, og når eg sjekka lommeboka og sekken min, var eg blitt lurt for det meste eg hadde med meg. Kontanter, kort, kamera og MP3-spelar var som sunke i jorda.

Eg sto igjen som ein tulling, og gjekk nedover og kjefta på meg sjølv, ”kvifor ga eg frå meg koden??”

Eg stoppa ein taxi, og fortalte han situasjonen, og han køyrde meg gratis ned til det ekte turist-politiet.

Eg fekk ringt å sperra kortet mitt, men så var det korleis eg skulle finna ein plass å bu utan penger og kort. Eg var på nettet og fann eit tlf. nr til Fam Vik, som eg kjenner frå sist periode i Peru. Heldigvis var dei heima, og eg fekk både kvelds og seng hos dei. Tusen takk!

Neste dag reiste eg til Sucre, og fekk bu hos familien Eggebø. Me var ute og åt på ein flott plass med utsikt utover byen, og etterpå var me oppe ved ei svart Kristus-statue. Der ofrer folk mykje forskjellig.

Eg var sensor for ein av studentane på ei oppgave han hadde skrive om menneskeverd.

På laurdag var det avslutnings-seremoni for SETELA. Studentane hadde på seg kapper og hattar, og fekk utdelt vitnemål og ei bok med alle oppgavene dei hadde skrive. Les meir om dette her.

Etterpå var det festmiddag og mange forskjellige helsingar og innslag. Forsto på sudentane at dei var veldig takknemlige til kyrkjene sine og til misjonen for at dei hadde fått muligheten til å studera og forbereda seg til teneste.

Når me avslutta festmiddagen utpå kvelden, vart det forslått at me måtte ha ein fotballkamp etterpå. Så då vart det natt-fotball til ca kl 01.

Ein utrulig fin gjeng dei som har gått på SETELA. Ver med å be om at dei kan få vera vitner for Jesus når dei kjem tilbake til sine heimplasser i Peru, Bolivia og Ecuador.

Av ein eller annan grunn har eg ingen bilder å illustrera dette innlegget med.