tirsdag, juni 28, 2011

Feriebilder USA

Båttur i 80 km/t
Nå er det ikkje lenge til me set oss på flyet til Norge. Me har vore ei god veka i Florida, først i Miami, så i Orlando. Det har vore dagar fylt med innhold. Her kjem nokre bilder frå dei første dagane over there.




onsdag, juni 15, 2011

Tid for avskjedar

Fin gjeng i Juliaca
Nå er det tid for avskjedar. Sist veka var eg på tur til Juliaca og Moho saman med Andreas og Helge. Der fekk me vera med på ein avskjedsfest med ungdommane i ”Luteranos al toque”. Det var utrulig kjekt å vera saman med dei. Det var kjekt å sjå ungdommane som var der når me budde i Juliaca, men og utrulig kjekt å sjå at dei får med seg nye. Den kvelden me var der, var det 3 som var der for første gang. Og dei har ei lista med 40 ungdommar som kjem meir eller mindre jevnt og trutt.
Me begynte med møte, så var det kake og kaffi, og alle måtte sei nokre ord til meg(og dei som eg aldri hadde truffe). Det var fint å høyra kor takknemlige dei var for at me hadde vore med å starta opp dette. Så var det ein avdeling med leik og moro, før me avslutta ca 2,5 time seinare enn dei pleier.

Ein del av dei som var i kyrkja på søndag
På søndag var det avskjed i kyrkja me har gått i dette året, ”Jesus es vida”(Jesus er livet) i San Martin. Der var det og konfirmasjon av 4 ungdomar den dagen. Etter møtet var det mat og kake.
Tid for mat

"På tross av avstanden er me alltid forent i Kristus"

Nasjonal Pastor Milton overrekker gaver
I går hadde me avskjed med den nasjonale kyrkja og misjonen her i Peru. Fin fest med variert program, der Andreas glimta til med mange gode ord og gullkorn til oss som skal reisa. Der hadde me og god mat og kake.

Mika og eg iført gavene frå den nasjonale kyrkja

Unge frå nabolaget me bur i
Same kvelden hadde me avskjed med nokre barn/unge som bur i nabolaget her. Me hadde eit lite møte, chips, brus og kaker, og så leika me litt.
Me er ikkje ferdige med avskjedane ennå, men laurdag morgon reiser me frå Arequipa, så nå nærmer det seg slutten på tida vår her.

søndag, juni 05, 2011

Peter 12 år

Peter fyller 12 år, og nå er feiringa i full gang her i huset. Det har vore pizza og brus, så ein tur i parken med fyrverkeri, så forskjellige bær og is, og ein quiz der me fann ut at viss Peter hadde vore finsk ville han blitt kalla Pekka:)
Hipp Hurra for Peter som fyller 12 år!
Dei som vil gratulera han med dagen, kan klikka på kommentarer og skriva nokre gode ord der.

fredag, juni 03, 2011

Pakking

Nå er det ikkje lenge før me skal reisa frå Arequipa for å busetta oss på Nærbø. Me glede oss til å vera i nærheten av familie og venner i Norge, men grue oss til avskjed med venner og kollegaer her. Me har hatt nokre fine år i Peru, og det er vemodig å reisa frå både landet og folket som me har blitt glade i.
Mika og Solveig er klar for sending

Brith-Jorunn har pakka mest, og glede seg til å pakka ut igjen
Dei siste vekene har iallefall blitt brukt til å pakka storbagasjen, som nå er klar for sending.
Ellers er eg, Sverre, glad for å ha overlevert kontoret til Andreas.