lørdag, juli 16, 2011

Tilbake i Norge

Ja, då har me landa i Norge, og synes det er godt å treffa vener og familie igjen. Ein god gjeng av venner og familie hadde gjort ein enorm innsats med å pussa opp huset vårt. Me er mållause og takknemlige for alt som er fiksa og ordna. Nå venter me på at kjøkkenet skal monterast, så begynner me med å flytta inn.
Me bur hos Brith-Jorunn sine foreldre nå, og har hatt eit par turar til Fogn.
Det har ikkje vore så fantastisk sommar til nå, men me har hatt nokre fine dagar. Her nokre bilder frå ein tur i Noredalen.

På tur i Noredalen

Yes, me kom oss opp

Herjing med mamma

Det er ei spennande tid, og me lander vel ikkje heilt før me er i eget hus og kvardagen starter. Me er utrulig glade for åra me har fått i Peru. Vennskap og samarbeid med peruanerar og misjonærar frå Norge og Danmark har verkeleg berika livet vårt.