onsdag, oktober 31, 2007

Hjelp, hatten sitter fast!


Eg, Mika har funne eit kjekt skap på kjøkkenet. Der er det mange interessante ting å sjå på og prøva. I går fann eg ein kjekk hatt, og den gjekk greit på, men den ville ikkje av. Då fekk eg litt panikk, men heldigvis fekk eg hjelp til å få den av.

tirsdag, oktober 30, 2007

Går det an å leva utan...


Ein familie på sju, i ein støvete by. Er det noko me sakna dei tre første vekene i Juliaca, så var det vaskemaskin. Men for vel ei veka sidan kom den. Så nå har Juana, hushjelpa vår, tid til litt meir enn å vaska klær og laga mat.

mandag, oktober 29, 2007

Check out my Slide Show!

Litt av ei helg


Me har hatt ei kjempeflott helg, med mange opplevelsar. Fredag var Brith-Jorunn, Mika, Solveig og meg med pastorane i Juliaca sone på kosetur ute på landsbygda her. Me gjekk opp på eit fjell og fekk ein fantastisk utsikt, sparka fotball og åt aure, poteter og chuño(frysetørka potet).
På laurdag kom to familiar frå Arequipa til Juliaca. Det var livlig og kjekt. Om kvelden var me 19 stk, me åt hamburgerar og snadder.


I dag har me vore i Rosaspata på Culto Unido(fellesmøte for Moho sone). Me sto opp kl 6, for å vera der inne i 9 halv 10 tida. Det var ca 2 timar køyring. Eg tala og ei gruppa ungdommar frå Arequipa var med og sang. Etter møtet var det masse mat!
Eg har litt problem med å legga ut bilder, så det kjem snart ein bildeserie frå helga. Det eg klarte å få lasta opp, er utsikt frå fjellet me gjekk opp på med pastorane!

fredag, oktober 26, 2007

Postboks



Når eg går og sjekker postboksen vår, er det tydelig at den er ganske ukjent for ein stor del av Norges befolkning. Eg var innom ein tur i dag, og eg gjekk tomhendt heim:(

Det er bare fantasien som set grenser for kva den kan fyllast med, eg nevner i alfabetisk rekkefølge: Autofil, Bamsemums, Cuba, Dajm, Donald, Firkløver, Fårepølsa, Gullbrød, Hjemmet, Japp, Kålrabistappe, Laban, Leverpostei, Mandelstang, Marsipanpølsa, Motor, Natvigs krydderblanding, Nytt og Nyttig, Oliwer, Rekeost, Smågodt, Twist, Vangsgutane, osv.


Mulighetene er nærmast ubegrensa.
Det som eg egentlig skulle sei var kva adressa var:
Fam Hovda,
Mision Luterana de Noruega,
Casilla 348,
Juliaca,
PERU.
Me venter i spenning!
Bildene er av posthuset og postboksen vår.

mandag, oktober 22, 2007

Ut på tur.....nesten sur






På laurdag tok me ut på tur, nesten heile Juliaca-gjengen. Me skulle bada i basseng med vatn frå varme kjelder! Me såg på kartet, og me mannfolk fann ut at det sikkert ville vera fint med ein rundtur, i staden for å køyra att og fram same veien. Men det var ikkje den beste ideen me har hatt. Me tok veien om Azangaro. Frå Juliaca og til Azangaro var det flott asfaltvei, men frå Azangaro og til Putina(der dei varme kjeldene er) var det dårlig vei - og ganske langt, litt mildt sagt. Me hadde berekna at me kunne nå fram på eit par timar, og me var bare eit par timar frå å ha rett. Dei siste par timane vart litt lange for nokre. Ungane klarte seg overraskande godt, og eg syntes me hadde ein fin tur. Eg skal ikkje nevna navn, men nokon holdt på å gå sure ute i øydemarka.


Men plutselig dukka Putina opp, og der var basseng med rutsjebane. Då var alt anna bare bagatellar, for dette slo an hos store og små. Me bada å kosa oss til me var vasstrukne. Ein ting som eg syntes var litt irriterande, var at det regna når me bada, så me vart skikkelig blaute!


Veien heim gjekk på eit par timar. Me hadde gild matpause, og ingen sure miner. Når me kom heim var alle enige om at me hadde hatt ein storarta tur.
Fyldig dekning av turen finn dokke og på bloggane til fam Høgsås, Eli Anne og Kjell Magne og Elisabeth.

torsdag, oktober 18, 2007

Litt av kvart frå Juliaca

Jobbemann




Silas er ganske rastlaus, og veit ikkje alltid kva han skal finna på. Og då hender det han finn på noko bøll. Men dei siste dagane har han vore i sitt ess. For då har han vore med å jobba. Det har vore bygging av sandkasse, og arbeid i hagen. I dag når me skulle eta middag, hadde han ikkje tid, så han ga bare beskjed om at me måtte spara litt til han.

I går visste han ikkje heilt kva han skulle finna på. Brith-Jorunn foreslo alt mulig, leka, teikna, mala, men det var ingenting som frista. Men så kom han på det sjølv. Han ville vaska klær! Og det gjorde han.

Så me må bare passa på å ha ein del småjobbar klar, så er Silas fornøgd med livet! Eg er ein jobbemann, seier han.

mandag, oktober 15, 2007

To møter på ein dag



I dag har me reist ut av byen og vore på møter i to kyrkjer i bygder utforbi byen her. Me reiste heimefrå litt over 9, henta Domimgo som er "kretssekretær" eller sone pastor som det heiter her. Ein koselig mann som me kjenner godt frå sist me var her.


Det blir mykje grusvei og hompetitten før me er framme i Caminaca. Der er ein liten flokk samla. Dei ønsker oss hjertelig velkommen. Møtet består både av forståelig og uforståelig tale og sang. Det er ikkje tungetale eg tenker på, men her bruker dei språket quechua som me ikkje kan. Både BJ og eg blir bedt om å koma med ei helsing, og Domingo taler. Etter møtet bretter ei av konene ut eit tørkle på gulvet, nå er det tid for mat. Det er poteter og chuño(frysetørka potet) og litt tunfisk og løk til å ha på. Me syng for maten, og så er det bare å forsyna seg. Det var godt!


Så gjekk turen litt tilbake mot Juliaca, før me skar ut av hovedveien og hompa bortover mot Canchi Achaya. Ei nydelig bygd med ei lita, koselig kyrkja. Før møtet begynte kom det ei kona med ei fullasta esel forbi kyrkja. Der var det litt meir folk og fleire me kjente frå sist me var i Peru. Me opplevde ein hjertelig velkomst her og. Nå var det min tur til å tala, og den lokale pastoren tolka meg til quechua. Det var kjekt å koma litt ut av byen, og fint å møta folka i desse to bygdene utanfor byen her.

Me var heile familien på tur, og det gjekk overraskande godt, ungane fekk lov til å lufta seg litt under talane, og det trengte dei nok.

Canchi Achaya

lørdag, oktober 13, 2007

Nytt kjøkken



Ein av dei tinga som ikkje har vore på plass før denne veka, var kjøkkeninnredning. Etter fleire forsinkelsar kom dei med den på mandag. Men dei har vore her fleire dagar for å retta opp ting som ikkje var heilt som det skulle vera. Skap som ikkje vil opp eller igjen, håndtak som går av når me drar i dei o.l. Men nå har me fått god skapplass. Fint vart det og.

torsdag, oktober 11, 2007

Den som er med på leiken.....



Mika synes det er kjekt å vera med å leika. I går fekk han vera med å køyra trøtraktoren til Silas. Plutselig datt han av. Han skreik og skreik, og Brith-Jorunn var bekymra for hovudet hans, tenkte han hadde fått hjernerystelse. Me for til sjukehuset og doktoren som såg på han, syntes han bevega lite på høgrearmen. Me tok røntgen, og dei bildene var så tydelige at sjølv ein lekmann som eg klarte å sjå at beina i underarmen var knekte. Så då vart armen bøyd på plass, og han vart gipsa frå bicepsen til handleddet. Livet blir litt tungvint for han, men han er alt i gang med å finna ut ein ny måte å krypa på, så han klarer seg nok.

onsdag, oktober 10, 2007

Bursdagsfeiring



I dag har eg feira min 38. bursdag. Før eg hadde stått opp kom kone og barn syngande inn med gratulasjonsklemmar og presangar. Eg fekk ein ståltermos, og litt hyller til å halda orden på kontoret mitt(håpe det hjelper).

Me fekk besøk av to glade gutter frå Bømlo i dag. Far til ein eg gjekk på Tryggheim med og ein kamerat av han. Dei fekk vera med på komlemiddag og vart vist litt rundt i Juliaca. Så fekk dei vera med på kombinert misjonærmøte og bursdagsfeiring om kvelden.

Det var ein koselig kveld. Bursdagskaka fekk eg lov til å begynna på. Gild peruansk skikk.

Takk til dokke som ringte, sendte meg mail eller kommentar på min store dag. Fy skam til dokke andre!

mandag, oktober 08, 2007

Me har fått ein liten hund!


Etter veker med venting og masing, var dagen komen for å kjøpa hund. Peter og eg tok ut med sykkeldrosje, og kom til markedet der dei sel hundar. Der var og kaniner, marssvin, høner, kyllingar, fuglar, sauer ++

Me kika på hundane dei hadde, og landa på ein som såg ut som ein border collie.(trur det er det dei heter) Peter fekk velga, og han var så fornøgd når me kunne ta på heimvei med ein fin liten hund i ei eska.

Og velkomstkomiteen var og begeistra for det nye familemedlemmet. Etter ein lang og intens debatt, har hunden fått navnet Bamse.

Det blir spennande å sjå kor lenge det er kjekt med hund.

søndag, oktober 07, 2007

Hoppande glade


Nå har ungane levd tre månadar utan trampolinen sin. Så det var stas når den vart satt opp for nokre dagar sidan. Me har ikkje nokon plen på eiendommen vår, så eg måtte tenka litt på korleis eg kunne sikra rundt trampolinen. Eg kjøpte nokre tjukke sivmatter, og dei fungerer visst greit.

fredag, oktober 05, 2007

Pastorkurs i Juliaca



Denne veka er det pastorkurs på bibelskulen her i byen. Pastorane i kyrkja går gjennom ordningar for dåp, nattverd +++ I diskusjonen som er i denne gruppa, er det mykje å læra om kulturen her. F.eks at det å brenna lys ved båra til ein død, betyr at du ber om velsignelse og hjelp for den døde.


Det er ein flott gjeng som er samla, og det er mykje humor og mykje alvor. Kjekt å treffa folk som eg var mykje saman med sist me var i Peru. Her står dei i kø for å få kaffi og eit brød midt på dagen.


Når eg kjem køyrande og skal inn porten på bibelskulen, kjem ei lita blid kone springande for å åpna porten. Hu heiter Asunta, og hu og mannen er vaktfolk på bibelskulen.

torsdag, oktober 04, 2007

Nå er me på plass




Jippi! Heile familien er på plass i Juliaca. Det gjekk godt både med bil og flytur. Nå har me snart tømt alle tønnene me hadde pakka i, handla litt forskjellig og fått eit visst system i rotet. Me mangler kjøkkeninnredning ennå, men den skal koma i mårå(eller ein annan dag).

Me var fleire døgn uten internett, det var ein ensom følelse. Me vart onkel og tante til ei lita jente, og me visste det ikkje før det hadde gått eit par dagar.

Eg har vore på pastorkurs eit par dagar denne veka, og det er kjekt å treffa igjen folk som eg jobba saman med for mange år sidan.
I heimen er alle friske og raske, og ser ut til å klara høyden godt til nå. Det er seine kvelden. I mårå kjem litt meir om livet i Juliaca.