torsdag, november 29, 2012

Ny blogg

Hei alle trufaste leserar. Denne bloggen har eg problemer med å publisera meir på, ser ut som eg har brukt opp plassen min når det gjeld bilder.
Så når det kjem noko nytt frå oss, så blir det på ein splitter ny blogg: Kos og kaos
Der kan du nå lesa om at Brith-Jorunn sin siste CD straks er klar for lansering.
Takk for nå på 7xHovda. Det var kjekt så lenge det varte...

lørdag, november 03, 2012

Mika fyller 6 år

Nå er minstemann her i heimen, Mika, 6 år. Han har begynt på skulen og synes det er spennande med både bokstavar og tal. I haust har han begynt med fotball, og det liker han godt. Han kan ennå mimra tilbake til livet både i Arequipa og Juliaca, men begynner å bli nordmann. Han liker å kjøra show, og Solveig er hans største fan, som nærmast får latterkrampe når han slår seg laus. Mika synes det er kjekt å vera ute i naturen, og kan samla på mange forskjellige sortar dyr!
Nå har det vore nedtelling til bursdag ei stund, så han er veldig klar for å bli feira. Me gratulerer vår livlige og gode minstemann.

torsdag, november 01, 2012

Silas kjøre trial

Først prøvte han å sitja

Så var det opp å stå
Denne hausten har Silas begynt å kjøra trial. Han må reisa eit stykke, men dette synes han er så kjekt at det gjer han gjerne. Han er med på Aqua-klubben på Ogna. Der kan dei og skyte med luftgevær, sitte på med belte-vogn, padle kajakk og kjøre cross-cart.
Her er ein video der han køyrer over eit hinder:

mandag, august 20, 2012

Første skuledag

Då er dagen komen, minstemann Mika har begynt på skulen. Han var nok litt spent, men syntes det var kjekt. Godt å ha eit par søsken i nærheten.
Mika kan ein del bokstavar og liker godt å rekna og tella på ting, så nå blir det sikkert godt med nokre faglige utfordringar.
Spennande tider..


mandag, juni 04, 2012

Peter 13 år

Då har me ennå ein ten-åring i huset. Peter fyller 13 år på tysdag 5.juni. Han er ein aktiv gut, som trives saman med vener og på fotball-banen.
Vil du gratulera han, kan du kommentera under denne saken.

fredag, april 20, 2012

Silas 10 år!

I dag har Silas fylt 10 år! Han synes det har vore ein storarta dag, sjølv om han bare har feira med kjernefamilien i dag:) Men i løpet av ei veka skal han vera ferdig feira.
Silas er ein aktiv kar, som har det travelt med å koma seg ut på sykkelen. Han kjenner Nærbø bedre enn dei fleste, og lever opp til navnet sitt, som betyr: Han som holder til i skogen!
Siste nytt om Silas er at han har begynt med klatring. For å beroliga dei bekymra blant leserane, kan eg forsikra om at dette foregår i kontrollerte former, med sele og sikring..

Jubilanten i snøhola på Sinnes!

mandag, april 02, 2012

Israel

Brith-Jorunn og eg var så heldige å få reisa til Israel. Det var andre gang me var der, og ei utrulig fin veka. Her kjem nokre glimt frå turen.


Vestmuren

Kedrondalen

Utsikt frå Tårekyrkja.

Utsikt frå Oljeberget


Gamle graver i skråning opp mot Oljeberget

Klippedomen på Tempelplassen

Utsikt frå Karmel-fjellet

Elias

God mat!

Josef og guiden vår i Nasaret Village

Genesaret-sjøen sett frå Kapernaum

Kapernaum

Fine folk!

Her ser eg for meg at Jesus metta 5000(ved Betsaida)

Utsikt frå Tabor

I Jordan-dalen

Gordons Golgata(Hodeskalle-stedet)


Han er oppstanden, Halleluja..

torsdag, februar 02, 2012

Solveig fyller 7 år

Godjenta vår veks stadig, og nå fyller hu sju år. Hu trives på skulen, og er ekstremt sosial. Hu har knapt kome heim frå skulen før hu har ein plan om å gå på besøk. Når hu blir kjent med nye sympatiske personar går det ikkje lenge før hu seier: Eg blir med deg i huset!
Så langt eg har fått med meg er det største ønsket til 7-årsdagen ein del sjokolade. Når me forklarer hu at hu ikkje kan få verken det eller Nugatti kvar dag, har hu lært seg til nokre overbevisande måtar å spør på: Ver så snill. Pliiiiiis! Bare litt, bitte, bitte, bitte litt.
Når det er bursdag er det sjølvsagt eit unntak frå alle reglar. Det blir nok ein god dag, som blir feira i dagevis..
Det er topp med snø!
Vil du gratulera hu, kan du skriva ein kommentar, så skal eg overrekka helsinga.