lørdag, februar 27, 2010
Tsunamivarsel
I dag vart eg vekka av tsunami-varsel. Me er naa paa ferieplassen ved kysten. Men me har ikkje merka noko til jordskjelvet i Chile. Naar det gjeld tsunami-varselet, saa er det naa trekt tilbake fraa Peru.
fredag, februar 19, 2010
søndag, februar 14, 2010
På husmøte

På torsdag var eg på besøk hos ein familie som bur på landsbygda utanfor Azangaro. Dei har kome i kyrkja vår nokre månadar nå, og ønska besøk. Eg reiste saman med den nye pastoren og den gamle pastoren i Azangaro.
På vei ut til familien me skulle besøka, såg me at himmelen var mørk, og det såg ut som det skulle koma regn. Og utover heile sletta brann dei bål. Eg spurde pastorane kvifor alle brann bål. Og då fekk eg læra noko nytt om kva folk trur her. Dei trur at røyken verner dei mot hagl. På denne tida av året kan ei haglbyga ødelegga mykje av avlingen.
Me kom fram til familien me skulle besøka akkurat når regnet kom. Eg syntes eg såg nokre hagl og, men det var ikkje mykje..

Familien som me besøkte hadde bedt inn slekt og naboar, så etter kvart var me ca 20 personar samla. Først fekk me servert ei suppa med kjøt, poteter og svart chuño(frysetørka potet).
Så var det møtetid, og pastorane spela mandolin og trekkspel til sangane. Me som var på besøk, vart invitert til å dela noko frå Bibelen, og me sa litt kvar. Ein lyttande flokk, fleire av dei som var der har ikkje vore på noko evangelisk møte før.
Når me skulle slutta av møtet, ville familien som me besøkte at me skulle be for dei. Dei fann eit teppe som dei la på jordgolvet, og så la dei seg på kne på det. Dei sa at dei ville overgi seg til Gud. Det var eit fint vitnesbyrd, og kjekt å få vera med på.

torsdag, februar 11, 2010
onsdag, februar 10, 2010
Flott tur








På laurdag arrangerte ungdommane i "Luteranos al toque" tur til ei strand ved Titicacsjøen(ca ein times køyring frå Juliaca)
Me begynte dagen med å ta oss ein fjelltur for å få oversikt over området. Flott natur. Så var det ned på stranda, der dei tøffaste tok seg eit bad. Det var og mulighet for å ta seg ein kort tur på hesteryggen.
Ungdommane ordna organiseringa av turen heilt sjølv, både transport og mat hadde dei ordna med.
søndag, februar 07, 2010
Firhjulstrekk er oppskrytt




I går var eg ein tur til Azangaro. Me reiste og besøkte nokre av dei som kjem i kyrkja vår for å presentera den nye pastoren som skal arbeida der frå nå av.
Det er regntid, og det har kome mykje regn i det sista. Me såg at det hadde øydelagt avlinga for mange, åkrane hadde blitt oversvømt.
Me skulle besøka ein gard nokre kilometer utforbi Azangaro, og når me kom fram dit, svingte me av veien osg skulle køyra over ei grassletta bort til husa på garden. Men plutselig kjente eg at her var det mjukare enne eg hadde trudd, og plutselig sto eg fast. Eg kobla inn firhjulstrekken, men det hjalp ikkje. Me sto fast!
Me gjekk frå bilen og bort til husa på garden, og helste på vennene våre der, hadde ein presentasjon av den nye pastoren og ein andakt.
Så var det å finna spade, eit par pålar og ein del småkvister. Og ved hjelp av det kom me oss ut av sorpe-holet. Må innrømma at eg var litt nervøs, men det gjekk bra.
Ver gjerne med å be for Lucas, som skal ha ansvar for kyrkja i Azangaro nå. Det går veldig opp og ned i arbeidet der, me skulle så gjerna hatt ein litt større kjerne med folk som kom, og som kunne vera med å bera arbeidet der.

Abonner på:
Innlegg (Atom)