mandag, august 25, 2008

Lidelsens problem


På onsdag var eg på ledarmøte i Sullca i Moho, og før me starta prata me litt utanfor kyrkja. Ein av pastorane spurte meg eit vanskelig spørsmål. Kvifor skjer det vonde og triste ting for dei som begynner å gå i kyrkja vår? Han fortalte om fleire som hadde begynt å gå i kyrkja, men så hadde eit av dyra deira døydd, og då hadde dei heilt mista motet. Folk seier det er på grunn av at dei har begynt å gå i den evangeliske kyrkja.
Me snakka saman om kva Bibelen seier, og at den ikkje lover eit problemfritt liv sjølv om me tar imot Jesus. Men det verdensbildet som folket her har, er at ingenting skjer på slump. Dei er vant til å tenka at skjer det ei ulykka i familien, så er grunnen at dei ikkje har ofra nok til Moder Jord eller til fjellgudane. Det kan vera vanskelig å forstå at det vonde og triste eg opplever ikkje er konkret straff for noko eg har gjort, men ein følge av at alt her på jorda er prega av syndefallet sine konsekvenser.
Ein annan av lederane i Moho sone fortalte at to av barna hans døydde, og at det ikkje var så enkelt å forstå. Men det at han fortsatt er aktiv i kyrkja, viser at han ikkje er kristen for å ha eit problemfritt liv, men for å ha fått eit evig liv, og håp om ein evighet der alt er bare godt.
Ein annan av lederane som var med på dette møtet, opplevde at sonen på 24 år døydde av kreft for ca ein månad sidan. Eg tala i begravelsen hans sist eg var i Moho.
Når me gjekk inn og begynte møtet, brukte eg ein del tid på å visa ut frå Bibelen at Jesus ikkje lover oss eit liv utan vanskeligheter, men å vera med oss gjennom alt me møter, og leda oss heim til staden utan sorg og gråt.
Eg trur det var viktig for dei å få litt undervisning om dette.

mandag, august 18, 2008

Første møte i Azangaro





I dag var me med på misjonshistorie. Oppstart av ny menighet i Azangaro vart markert med stort(og langt) friluftsmøte på Plaza de Armas i sentrum av byen. Mange forskjellige musikk-grupper(og musikkstilar) var med å vitna om Jesus med sang og musikk. Me hadde leigt eit skikkelig høgtalar-anlegg, så mange fekk høyra sang og vitnesbyrd.
Formann i Concilio Nacional(hovedstyret) tala enkelt og klart, og ca 15 kom fram til forbønn. Eg snakka med ein som ville ta imot Jesus som sin frelsar, det var stort. Be om at han må koma i kyrkja å få bli bevart og grunnfesta i trua.


Under heile møtet sat ei gruppa under plattformen og ba for folket og møtet.
Me har fått leiga eit lokale på ein strategisk plass i byen, og skal ha møter der torsdag og søndag. i dag fekk me ein heil del kontakter som me kan besøka og samtala med.

Det er kjekt å vera i gang, og det var ein flott start på arbeidet i Azangaro.

Før møtet i dag var det gjort ein del for å gjera kyrkja kjent, og for å invitera folk til åpningsmøtet. Dei hadde laga nokre store plakatar som var hengt opp godt synlig i byen. Dei hadde delt ut tuesnvis av invitasjonar, og på laurdag køyrde me rundt med høgtalar på bilen og inviterte til møtet.
Og det var mange folk som kom og var med på møtet. Ein god gjeng kom og frå kyrkjene våre i Juliaca, og var med å støtta opp om det nye arbeidet.

onsdag, august 13, 2008

Silas skulegutt



I dag var det første skueldag her i Peru, og alle var samla på skulen i Arequipa. For Silas var det ein spennande dag, første skuledag. Det var tre førsteklassingar, bare gutar. To skal gå i Juliaca og ein i Arequipa. Det var bare ein lærar igjen frå sist skuleår, så det var nok ikkje bare Silas som var spent på oppstarten. Virker til å vera ein flott lærargjeng, for ikkje å snakka om elevgjeng. Dette året er det 19 elevar på den norske skulen i Peru, 12 av dei bur i Juliaca.
Brith-Jorunn sa til Silas at i morgon trengte han ikkje å gå på skulen, men då vart han noko oppøst heilt til hu sa det var ein spøk.
Det var stas å begynna på skulen, det syntes dei store gutane og.

torsdag, august 07, 2008

Ungdomsarbeid



I juli begynte me med ei ungdomsgruppa kvar onsdag kveld. Me begynner me litt enkel mat og prat, så syng me og har andakt, før me leiker litt.
Oppslutninga har variert ein del. Sist veka var me 4, då var me litt mismodige, men i kveld var me 13, ny rekord!
Dei har eit liknande ungdomsarbeid i Arequipa, og dei reiser ein del rundt på turnear for å oppmuntra kyrkjene og hjelpa dei i evangeliske aksjonar. Håper at me og kan få til dette.
Denne helga tar eg med meg to av ungdommane til Tacna, saman med gruppa i Arequipa. Greit å vera med å sjå korleis dei arbeider, og få inspirasjon.

lørdag, august 02, 2008