fredag, februar 29, 2008

Ferie og konferanse


Nå er me klar for litt ferie igjen. David, Peter og Solveig er alt på ferieplassen på svømmeveka med skulen, og nå reiser me og. Me skal ha ei veka ferie der, så er det misjonærkonferanse i Arequipa, og så skal eg vera med på generalforsamling i kyrkja før me reiser til Juliaca igjen.

Norske nyheter

I dag kjøpte eg lokalavisa her i Juliaca. Der står det stort sett om ting som skjer i Juliaca og i Puno fylke. Men dei har jo litt internasjonale nyheter og. Likevel vart eg ikkje lite overraska då eg fann ein sak om Norge midt inni lokalavisa mi. Det var om det enorma frølageret som dei har åpna på Svalbard. Viss alt såkornet har forsvunne, lurer eg på kor mange det er igjen her på jorda. Og eg lurer ennå meir på om dei kjem på å leita under jorda på Svalbard etter nytt såkorn? Men det er nå berre mi undring, utan at eg har lest alt om grunnen til å ha eit slikt lager.

Her kan dokke lesa kva dei skreiv om det i avisa vår.

tirsdag, februar 26, 2008

To turar

Denne veka har eg vore på to turar. Ein dagstur og ein helgetur.
På onsdag var eg saman med sonepastoren(kretssekretæren) Domingo til eit par plasser, Vilqechico og Huancané. Me besøkte forskjellige folk. I Huancané besøkte me ein av naboane til kyrkja, og fekk ein fin samtale med han, der me fekk dela nokre bibelvers saman med han. Han sa at han ønska å bli ein kristen, men han hadde nokre plikter i samfunnet som hindra han i å koma nå.

Me traff og ei ung jenta som har kome i kyrkja vår, men som ikkje kjem lenger, for hu får ikkje lov av foreldra. Det var trist å høyra.


På fredag reiste eg til Crucero. Der hadde dei bedt om nokre bibeltimar om samfunn og gode relasjonar mellom dei kristne. På laurdag formiddag hadde me 3 bibeltimar. Eg vart nødt til å ta ein pause i undervisninga, for det kom ei kraftig haglbøya, og når taket er av bølgeblikk, blir det litt av eit leven.

Om kvelden viste me film om den bortkomne sonen.

Crucero var ein gang den største lokalkyrkja i den nasjonale kyrkja, men nå er det svært få som kjem. Be om at dei som har gått før, må koma tilbake og at nye kan bli vunne for Jesus i Crucero. Dei har nettopp fått ny pastor, han heiter Ricardo. Be og om at han må få det han treng for å nå folket i Crucero med evangeliet.


På søndag var eg på gudsteneste i ei kyrkja oppe i ei li utforbi Crucero. Me måtte kryssa ei elv for å koma fram, så då følte eg meg som ein ekta misjonær. Det var ikkje mange sjelene der heller, men dei treng mat likevel:)

På veggen utforbi kyrkja hang ein hakkespett til skrekk og advarsel. Den hadde hakka hål i kyrkja. Det var ikkje populært, så den fekk som fortent.

Kva vei køyrer denne?

Klarer du å finna ut kva vei denne køyrer?

tirsdag, februar 19, 2008

Traktoren er reparert


For nokre månadar sidan knakk noko av styringa på trøtraktoren til Silas. Det er litt langt til Felleskjøpet herfrå, og eg hadde mine tvil om me klarte å fiksa den. Men så leverte me den til ein sykkelreperatør på gata her, og på kort tid var den god som ny. Silas har trødd og kosa seg, og i går var eg med han på sykkeltur med ostepop som nista. Det slo an.

torsdag, februar 14, 2008

Kva trur folk på i Juliaca?

Fjellet der Cristo Blanco står



I dag var eg og to andre ein tur opp på Cristo Blanco(Kristus-statue som står på eit fjell rett ved der me bur).

Eg spurde ein me traff der oppe om kva dei trur på. Han kalla seg katolikk, men var ikkje aktiv i kyrkja. Han ofra gjerne til Moder Jord for at det skulle gå han godt. Me spurde kva forhold han hadde til Bibelen. Den las han ikkje, der var det så mykje snakk om straff viss han gjorde noko galt. Han trudde ikkje det var Guds Ord. Han fortalde mange interessante ting om kva han trudde på, f.eks at dei går på gravplassen 1. og 2. november med mat som den døde likte, for at den døde skal hjelpa dei. Men og av redsel for at den døde skal plaga dei.

Når me hadde snakka med han ei stund, kom det eit følge oppover. Dei bar på forskjellig, og han fortalde at nå skal dei ofra til fjellguden. Ein mann som var med dei, var ein trollmann som skulle hjelpa dei med å ofra på rett måte.

Når dei hadde begynt å rigga seg til eit lite stykke nedfor Cristo Blanco, gjekk eg ned å spurde om det var greit at eg tok bilde av dei. Det fekk eg lov til. Så spurde eg dei kva dei gjorde, og kvifor dei gjorde det. Dei svara at dei ofra forskjellige ting til fjellguden for at det skulle gå bra med forretningen deira. Fire ganger i året ofra dei. Og viss dei ikkje gjorde det, kunne det gå galt med dei.

Me fekk litt innblikk i hedenskapet rett utforbi døra vår. Folket her treng å høyra om Han som har ofra seg sjølv for at me skulle få evig liv. Dei bruker mykje penger på å tilfredstilla ein gud som ikkje er nokon gud, og så veit dei ikkje om at det er gratis å bli barn av den einaste sanne Gud. Prisen er betalt for alle. Den som tar imot Jesus får alt for ingenting.

Ofring til fjellguden

onsdag, februar 06, 2008

Hønsehoder




Nå når Bamse har flytta, var det tid til å fylla på med andre dyr. Så nå har me fått 8 halvstore kyllingar. Og fleire dyr er bestilt. Følg med på kva som kjem i neste episode av Hovda dyrepark.

mandag, februar 04, 2008

Heile bygda på møte




På fredag var eg tidlig oppe. Klokka fem ringte mobilen første gang. Ti over var eg klar til å stå opp. Eg skulle til ei bygd i Moho sone heilt inne ved Bolivia-grensa, som heiter Llaulli. Me var full bil innover, to norske diakonistudentar som har praksis her, ein ung mann som går i Staffelsgate, som og har praksis her, og ei ung dame som er på besøk hos lærerane våre. Me køyrde først 5-6 mil på asfalt, så var det mykje dårlig vei etter det. Eg køyrde litt forsiktig, for me hadde me oss ei svær harpa som eg frakta for sonepastoren i Moho.

I Moho lessa me av harpa og litt bagasje, og tok med oss sonepastor Gregorio. Så var det å køyra ein time til på ennå dårligare vei. Det rista godt, og det var til tider store sorpehol i veien. Men me kom fram, og møtet skulle vera ute på bakken utforbi huset til ein av lederane i bygda. Når me kom var det ikkje så mange folk, men det seig på etter kvart. Dei heldt på å koka suppa når me kom, i nokre svære gryter. Det er ikkje så mykje tre der, så dei fyrte med tørka kuskit.

Etter kvart begynte møtet, og me sang ein del. Eg tala, og Gregorio tolka til aymara. Mange av dei som var der, går ikkje i kyrkja. Det var kjekt å tala til så mange som me aldri når med dei vanlige møtene våre. Eg prøvte å peika på Jesus som den einaste som kan frelsa oss og gi oss evig liv.

Etter møtet var det mat. Me fekk chuño og god suppa. Det vart og servert brus. Det var nok av brus, men bare tre glas. Dei vart sendt videre etter bruk.

Når me hadde ete, fann me ut at me ville ta ein rask tur til utlandet. Denne bygda ligg som ei halvøy inn i Bolivia. Den har Bolivia-grensa på tre kantar. Me køyrde nokre meter over grensa og gjekk opp til ein grensestolpe før me hompa tilbake til Moho.