torsdag, juli 31, 2008

Huset på prærien


På mandag var me invitert ut til nokre misjonærar som bur utanfor byen her. Kona er frå Tyskland og mannen frå USA. Dei har tre barn, og driv ein leirplass/kurssenter. Det bur og ei enslig dama der, og dei skal ha tre ettåringar dette året, som lærerar og til å hjelpa til på leirplassen og i kyrkja dei har i Juliaca. Det var koselig å vera saman med dei. Sidan det var Peru sin nasjonaldag, leika ungane med kinaputtar, og me vaksne med rakettar.
Der dei bur er det ikkje strøm, men dei har nokre solcellepanel slik at dei har lys nokre timar om kvelden. Når det er arrangement der bruker dei og eit aggregat. Dei må inn til byen for å handla, og handler to ganger i veka. Litt annleis enn livet vårt. Dei har heller ikkje ein bestemt periode dei er ute for. Dei blir der til Gud kaller dei til ein annan plass.


lørdag, juli 26, 2008

Sjuke barn og skamslått kåna



Denne veka har det skjedd litt av kvart. Brith-Jorunn og eg tok oss ein fjelltur ein dag, og på vei ned frå ein topp låg hu plutselig flat på bakken. Hu fekk ein liten idrettsskade, sjølv om eg ikkje syntes det var noko fall å snakka om, så prøvte eg å trøsta litt.

Som om ikkje dette var nok, så har både Solveig og Mika blitt sjuke, og er varme i hovudet og korte i lunta. Dei et lite og søv mykje.

fredag, juli 25, 2008

Mika

Det er ein familietradisjon å ha sans for hattar

Kan eg få ein kjeks?

Tusen takk!


Det er kjekt med gryter!

Det har gått lang tid der eg ikkje har fått lagt ut bilder, så nå må eg ta igjen det forsømte. Her er nokre av Mika.

mandag, juli 21, 2008

Ny bil


Som ein del av dykk veit, så synes eg at det er kjekt med bilar. Og eg synes det er kjekt å prøva litt forskjellige kjøretøy. Denne månaden har eg disponert den nyaste bilen misjonen har. Ein Toyota Fortuner firhjulstrekkar. Det er ein flott bil. Sjølv om den Landcruiseren me har hatt til nå, er litt meir traktor, så trur eg at eg skal koma fram dei fleste plasser med denne og.

Sist helg var eg i Moho, det er der det er dårligast vei. Eg kjende eg dunka nedi av og til, men ellers fungerte den glimrande.

På vei heim frå Moho, låg eg bak ein lastebil på ei lang sletta. Eg la meg ut og ga gass for å koma raskt forbi. Då seier ein eg hadde med meg i bilen: Hål. Eg bremser det eg kan og svinger inn i min egen kjørebane. Det smell og me hopper i stolane. Når eg stopper og ser på hålet, så har dei grove ei grøft på ein meter over halve veien, og det var rett før eg sette nasen nedi den.

Bilen såg heldigvis like heil ut! Når eg kom heim såg eg at den hadde fått ei skrapa under støtfangaren og ein trøkk under stigbrettet, men det kunne vore mykje verre!

fredag, juli 18, 2008

I Jungelen









Dei første dagane i juli tok me med dei tre eldste og reiste til jungelen. Me tok fly frå Cuzco til byen Puerto Maldonando. Der vart me henta i buss og køyrd til elva, så reiste me 1 og ein halv time på elva Madre de Dios før me kom fram til plassen me skulle bu.

Når me satte oss i elvebåten, kom det ein og helsa på oss. Det var ein som har vore misjonær i Peru som var reiseledar for ei gruppa med nordmenn.

Då me kom fram til "lodgen"(hotellet), fekk me mat, så fekk me sjå hyttene me skulle bu i, før me for ut på første utflukt. Det var til ei øy med masse apekattar. Guiden hadde med bananer, og me fekk sjå forskjellige typar apekattar.

Om kvelden reiste me ut på elva for å sjå caiman, ein liten krokodille. Dei såg me mange av dei dagane me var der.

Den dagen då me såg mest spanande dyr, reiste me oppover ei lita sideelv til Madre de Dios. Me gjekk av båten og gjekk ein tur i jungelen. Ein plass var det eit hål i jorda, og der stakk guiden inn ein pinne, og så kom det ut ein tarantella. Etter ei lita stund kom me til ein plass, der det låg ein giftig slange og ruga på egga sine. Så gjekk me i båten igjen, og reiste lenger opp i elva for å fiska. Han som køyrde båten, fekk ein Piraya! Så reiste me litt lenger ned igjen, og rett før me stoppa, såg me ein liten krokodille som hoppa uti elva.

Så var det å hoppa uti elva me hadde fiska piraya i. Slikt sett ein spiss på badet. Silas likte best å bada i sorpa på elvebredden, men me andre leika Tarzan med eit tau og slengte oss uti elva.

Den siste dagen var me på ein ganske lang tur, der me både gjekk og padla. Me såg og høyrde mange forskjellige fuglar og dyr, men det eg kjem til å huska best er den eg ikkje såg. Me padla i ein liten innsjø langt inni jungelen, me såg skilpadder, caimanar og forskjellig. Så seier plutselig guiden "forsiktig" og padler raskt ut frå ei lita vik, Anaconda! Nokre få meter frå oss var ein 6-7 meter lang anaconda. Dei som sat bak i båten såg den, men ikkje eg! Me høyrde den bevega seg, og såg graset bevega seg, men den forsvann litt for fort. På veien heim den dagen høyrde me eit fælt rabalder i skogen innforbi stien der me gjekk. Då var det villsvin som herja på. Dei kan vera aggresive, så det var visst godt dei ikkje såg oss.

Det var nokre opplevelesesrike dagar, og "lodgen" me budde på var flott. God mat og fint område.
Nettsida til lodgen me budde på finn du på denne linken: http://www.ecoamazonia.com.pe/
Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei:)

onsdag, juli 16, 2008

Endelig kom min nye datta


Nå er det lenge sidan sist eg skreiv noko på bloggen. Men eg lover at det skal bli oftare oppdatering frå nå av. I ettermiddag kom nemlig min nye PC. Eg bestilte den 30.mai, så det var på tide. Men eg rekner med at eg skal ha mykje glede av den i lange tider.

Her kjem litt stikkord om kva dokke kan venta dokke å få meir info om framover. Ein fantastisk jungeltur med mange festlige dyr, nybrottsarbeid i ein by som heiter Azangaro, oppstart av nytt ungdomsarbeid m.m

Følg med!