Torsdag morgon reiste me ein gjeng frå Juliaca for å ha ein evangeliseringskampanje i ei bygd utforbi Azangaro.
Me kom fram til Ticani, og der venta Quintin og Julia på oss. Dei er eit par som kjem i kyrkja vår i Azangaro. Ei nydelig bygd, med fine åsar, nokre tre og ein saltsjø rett nedforbi husa deira.
Me fekk quinua-graut med melk og ost, og ein porsjon som eg verkeleg måtte kjempa for å klara å eta opp. Me gjekk ein tur ned til saltsjøen, og såg koss dei vann ut salt og lagra det i haugar dekka med jord.
Så var det tid for å invitera folk til møte. Tre grupper gjekk frå hus til hus og inviterte folk til møte og delte ut traktater.
Møtet skulle begynna 18.30. Når det nærma seg kom det ein heil del folk, og til slutt var det over 20 personar. Me sang nokre sangar, så hadde Mauro ein tale, der han snakka om den smale og den breie vei. Han spurte om det var nokon som ikkje hadde vore på eit evangelisk møte før, og 4 rakte opp hånda. Mot slutten av talen spurte han om det var nokon som ønska å ta imot Jesus, og då kom det fram to damer og ein ung gut. Det var fantastisk å sjå. Me ba for dei, og andre som ba om forbønn.
Me slutta av kvelden med å visa ein film som understreka at det viktigaste i livet er å ta imot Jesus.