torsdag, juli 29, 2010

Rafting og oksekamp

Siden sist har me prøvt å finna på litt forskjellig som kan vera kjekt for ungane, sidan dei har ferie og det ikkje er mange andre ungar her. Heldigvis hadde me besøk av store deler av familien Eggebø frå Cochabamba ei god veka. Det var kjekt. Då var me ute på mykje forskjellig. Me var på gocart, riding, firhjuling, spela mingolf og ein del av oss var og på rafting. Det var litt kaldt, men veldig spennande og kjekt. Ellers var det ein god del leik i parken.
Denne veka kom ein ny familie til Arequipa, det er familien Bu frå Bergen. Tom Georg og dei to eldste barna var med oss på oksekamp i dag. Det er brytekamp for oksar, typisk underholdning her.





fredag, juli 16, 2010

Meir feriebilder

Det var så fint der me var på ferie sist veka, så me legg ut litt fleire bilder av oss sjølv. Vil du studera dei skikkelig, kan du klikka på dei for å få dei større.





torsdag, juli 08, 2010

Ferie

Utsikten frå rommet vårt
Full aktivitet i bassenget
Fin strand, og varmt i vatnet
Krokodillar
Mika var litt skeptisk til å kosa med denne
Morsomme "oppblåsbare" fuglar
Ceviche slår an hos store og små, "heilt rått" godt

Nå er me på ferie i nord-Peru, ikkje langt frå grensa til Ecuador. Her er det varmt og godt, og me koser oss med bading og turar. Me bur på eit hotel ved stranda, flott utsikt og nydelig solnedgang. På mandag var me på ein båttur, då besøkte me eit krokodilleoppdrett, med krokodillar i alle størrelsar. Me fekk halda ein liten krokodille. Me besøkte og ei fugleøy, der blåste hannane seg voldsomt opp for å gjera inntrykk på huene, det var stilig. Me køyrde inn i kanalar med ein spesiell type skog, som dei kalla "manglares". Etter turen hadde me ein god middag med sjøkreps, og litt ceviche(rå fisk som har lege i limon). Snadder.

torsdag, juli 01, 2010

Santiago og hestar

Nå har me budd ca ein månad i Arequipa, og kome oss godt i orden. Brith-Jorunn og David fekk ein tur til Santiago i Chile for å fornya passet til David, det var visst ein fin by, og dei kosa seg med å sjå seg rundt og gå på kafe.


Ein av dei David og Brith-Jorunn vart kjent med i Santiago.

Nå er det sommarferie, og ikkje så mange å finna på noko saman med. Dei 3 eldste har snakka mykje om at dei har lyst til å gå på rideskule, og i går køyrde me ut til den. Dei syntes det var stas å ri. Litt stor hest for Silas, spørs om me må vurdera å kjøpa ein hjelm.