mandag, oktober 27, 2008

Ørken

Av og til er det bare å hoppa i det!

På vei frå ferieplassen til Arequipa køyrer me forbi nokre store halvmånar av sand. Desse har me snakka om at me skulle klatra på, og denne gangen vart det meir enn snakk. Me klatra opp på ei sanddyna, og dei 3 eldste hoppa og spratt i sanden. Stilig plass.

lørdag, oktober 25, 2008

Frå fjell til hav



Nå er det lenge sidan sist innlegg her. Men det har skjedd ein heil del sidan sist. Brith-Jorunn og eg var med på eit ekteskapskurs i Mollendo på kysten 10-11 oktober. Inger Johanne var barnevakt og ga oss førsteklasses opphold dei dagane.


Når kurset var slutt, reiste me til ferieplassen og var der nokre dagar. Det var ein del gråe dagar, men me kosa oss der. Ungane bada både i bassenget og i sjøen. Fam Hamre var og der nede desse dagane, og me hadde det koselig med spaserturar, kaffi, grilling, kaffi, ei god bok, kaffi osv.

Etter dagane på ferieplassen, sto Arequipa for tur. Mandag til onsdag denne veka hadde me haustsamling for alle misjonærane på feltet. Me hadde besøk frå Danmark og Bolivia. Svend Åge Jacobsen hadde gode bibeltimar med utgangspunkt i tre Salmer. Han er til daglig lærer på LMs bibelskule i Hillerød.

Frå Bolivia kom Knut Bjørn Skyttermyr, og hadde temasamlingar for oss, med emner om kallet. Det var godt å nyttig å høyra og samtala om det.

Ellers vart det og tid til mat, kaffi, kaker, kaffi, frukt, kaffi osv.

Eg er glad eg ikkje har galleblæra!

tirsdag, oktober 07, 2008

Nye innlegg på Superblink

Nå har både David og Peter skrive på Superblinkbloggen. Sjå kva dei har skrive her

lørdag, oktober 04, 2008

Svømmebasseng


Heilt sidan me flytta til Juliaca har me sett fram til at svømmebassenget skal bli ferdig. Og for eit par veker sidan åpna det. Det er berre nokre kvartal frå oss, og ser flott ut. Sist laurdag tok me ein mannetur til bassenget. Der var det greie garderobar, med skap til å låsa inn klær i, og sjølv om det ikkje var gullreint, så var det greit.


Dei har sagt at dei skal varma opp vatnet ganske bra, men det var ikkje heilt som forventa. Det var som årets første sjøbad på Jæren! Men det var eit par rutsjebanar og eit barnebasseng, med litt varmare og litt skitnare vatn. Det varte ikkje så lenge før eg måtte finna håndkle til gutane, men etter å ha varma seg litt på land, var det uti igjen. Det er ganske godt og varmt inni svømmehallen, for den er bygd som eit drivhus.


Alt i alt var det ein vellykka ettermiddag.
Når me var i bassenget, så var det ein kar som gjekk rundt å filma, og spurte oss om kva me syntes om bassenget. Når eg låg på sjukehuset å svitsja på TV-en, kom eg over ein TV-reportasje om bygginga og innviianga av bassenget. Og der kom sjølvsagt me blekansikter med. Så nå har me vore på lokal TV i Juliaca.
Etter reportasjen var det ein kar som hadde ein betraktning om dette nye bassenget, at det var flott at det var fullført og bla, bla, bla. Og så sa han: Det som er flott å sjå, er at dette nye bassenget kan trekka til seg turistar, slik som dei nordmennene som me såg!!

fredag, oktober 03, 2008

Galleblæra mi er historie

Eg vakna ein morgon i sist veka, med vondt i ryggen. Men etter å ha kjent etter litt, fann eg ut at det var gallesteinen som irriterte meg. Eg gjekk på stam-sjukehuset mitt, vart gjennomlyst, og ganske rett så var det ein gallestein som hadde posisjonert seg der det gjer mest vondt. Den var stor som ein oliven og sat i utgangen av galleblæra.
Doktoren gav meg nokre piller og ei gyselig seig saft eg skulle ta nokre dagar. Før eg gjekk heim fekk eg og ei sprøyta med smertestillande som hjalp mot smertene. Dei neste dagane var det litt murring, men ikkje store smerter.
Søndag begynte det neste kapittelet i soga om gallesteinen.
Me var i kyrkja om formiddagen, så var me ute og åt middag, og etterpå var me på kaffi hos fam Mulelid. Etter litt kaffi og is, var det ikkje lenger behagelig å sitta i sofaen, så eg begynte å virra omkring. Etterkvart for eg ned på sjukehuset og ba om ei sprøyta med smertestillande. Eg gjekk heim, men hadde ikkje same effekt av sprøyta som veka før. Eg veit ikkje om det hjalp i det heile. Men eg tenkte det ville roa seg, så eg la meg. Men det var ikkje mange sekund eg låg på same sida. Til slutt sparka Brith-Jorunn meg ut av senga, og sa at eg måtte koma med på sjukehus. Me ringte til Tor Egil, og han kom å passa hus og barn, mens me for på sjukehus. Der fekk eg ei sprøyta til, men den hjalp heller ikkje. Til slutt krevde BJ at dei ga meg noko narkotika, og då roa det seg. Det vart bestemt operasjon neste morgon, og me låg på sjukehuset.
Kl 09.30 vart eg køyrd på operasjonssalen. Før operasjonen begynte, så ba dei om at alt måtte gå bra. Eg følte meg i trygge hender, det var same doktoren som lappa saman fjeset mitt og. Etter eit par timar var operasjonen over, og galleblæra mi var stor og stygg, betent og fæl.
Eg vart liggande på sjukehuset til torsdag morgon, og fekk mest ikkje mat, men fekk ein del intravenøs næring.
Nå er eg sjukmeldt eit par veker, men eg ser kva tid eg føler meg i form til å begynna litt smått igjen. Det versta er at eg ikkje kan ta Mika og Solveig når dei seier: "komma"