torsdag, mai 27, 2010

Innspurt i Juliaca


Nå syng me på siste verset her i Juliaca, så nå er det avskjedsfestar i øst og vest.

På søndag var det felles-gudsteneste for alle kyrkjene i sona. Det vart og ein avskjed med oss, og det var ein fin opplevelse. Les meir om den på Mulelid sin blogg.

I går hadde me avskjedsfest for familien Mulelid. David, Peter og Silas tala til vennene sine, og heile familien fekk avskjedgaver. Så var det tid for litt god mat og drøs.

Andrea gleder seg over gode ord frå Silas
Ein gjeng med glade gutar, men avskjed skal jo vera trist....
Randi og Brith-Jorunn med frisk avskjedgave
Robert med sitt nye antrekk, det satt som støpt


I ettermiddag har me hatt kakefest for husjelpene og vaktmannen vår med familiar. Først leik og moro ute, så kaker, kaffi og brus inne. Det slo godt an.





Besøk av sjefane



Nå er det ikkje mange dagane igjen her i Juliaca. Den siste veka har vore innholdsrik. Eg var ein tur til Crucero saman med to av medlemmene i kyrkja sitt hovudstyre.
Så fekk me besøk av Kjell Jaren(regionledar) og Øyvind Åsland(ledar NLM Utland). Sona her hadde invitert alle kyrkjene til eit møte med dei. Det kom godt med folk og Kjell og Øyvind vart tatt godt imot. Kjell hadde ein god tale og Øyvind hadde ei helsing.
Dagen etter var me på Martin Lutero, såg ein del av Juliaca og snakka med lederar for kyrkja.

På laurdag reiste Kjell og Øyvind videre til Bolivia for å treffa misjonærar og folk frå kyrkja i Bolivia.

onsdag, mai 19, 2010

17.mai-feiring i Arequipa

Me har vore ein tur i Arequipa sidan sist. Skulen hadde fellesveka der sist veka, og me andre reiste ned for å vera med på møter og 17.mai.

Me hadde ein utrulig flott 17.mai-feiring. Det begynte med fantastisk frukost der det var både brunost, røykelaks, kaviar og anna snadder.

Så var det tid for å gå i tog. Me var ca 60 stk, så det vart eit skikelig tog i år. Skulen-ungane hadde eit flott program med mange varierte innslag på mange språk.

var det is, kiosk, grilling, leik, kaffi og drøs.

Ein storarta dag.

Nå er me i Juliaca igjen, og prøver å bli klar til flytting den 29.mai. Då flytter me til Arequipa, for å bu der sista året i Peru.


Her var det mykje godt
Mika nyt livet med ein is
Toget med misti i bakgrunnen
Eit skikkelig tog
David som kiosk-ansvarlig
To flotte, stivpynta damer

tirsdag, mai 11, 2010

Kasse gal



Brith-Jorunn har forskjellige ting hu blir hekta på. Det har vore Intra og plastboksar, men nå for tida er det trekassar. I dag var hu ute å handla 7 kassar. "Dei er så praktiske å pakka i, og så kan me bruka dei til så utrulig mykje etterpå" Dei var ikkje spesielt dyre, så då er det greit med litt samle-mani.
Nå held hu på å pakke oppi kassane, og seier: "Eg trur me trenger fleire kassar!" Kor skal dette enda.
Solveig og Mika klatra oppi kassane, og syntes det var ein storarta ide å handla kassar.

torsdag, mai 06, 2010

Just for fun

I 1990-versjon


Såg eit festlig bilde på facebook i dag, som inspirerte meg til å ekperimentera litt med bilder. Her kan dokke sjå korleis eg ville sett ut i 1978 og i 1990. Når Brith-Jorunn såg det frå 1990, sa hu: "Det var jo slik du såg ut når eg vart kjent med deg!"
Ellers så har me funne fram tønnene, og Brith-Jorunn har alt fylt opp eit par. Eg er ennå i tankestadiet når det gjeld flytting.

I 1978-versjon

tirsdag, mai 04, 2010

Aktuelle linkar

Eg las nylig eit nteressant blogginnlegg om sør-amerikansk kyrkje-virkelighet. Det er Jan Tore Olsen i Bolivia som har skrive den. Klikk her for å lesa.

På laurdag var me på fjelltur, og dei sprekaste av oss kom oss opp på nesten 4800 m.o.h. Flott tur. Les Robert sitt innlegg om det her

søndag, mai 02, 2010

Norgestur

Utsikt Hovda
Ut i skogen med kaffi og vafler

Internasjonal samling
Fidel forsyner seg med dessert, me fekk mykje god mat

Sightseeing i Madrid

Eg fekk ein tur til Norge for å vera med på eit kurs og to. Reiste først til Rogaland nokre dagar, fekk vera på Ryfylkes perle og ellers litt rundt forbi.
Var i Oslo ca ei veka, på kurs for "stedlige representantar", på symposium og ei internasjonal samling der misjon og samarbeidskirker på alle våre misjonsfelt var representert. Mykje interessant.
Eg reiste saman med Nasjonal Pastor i kyrkja vår i Peru, Fidel Mamani.
Me var med på eit møte i Spydeberg på søndag, og hadde fly frå Gardermoen mandag 19.april. Me hadde eit problem, og det var at askeskya frå Island hindra oss i å reisa, og prognosene for dei neste dagane såg ikkje så lyse ut.
Me fekk billett frå Madrid til Lima, og fekk vera med ein buss som skulle til Spania. Det vart meir enn 40 timar på buss, før me gjekk av i Barcelona. Sjølv om det var lang tur, gjekk det egentlig greit.
Frå Barcelona tok me eit lyntog(ca 300 km/t) til Madrid. Der fekk me ein dag før flyet vårt gjekk, så då var me turistar. Fin by.
Kom heim til Juliaca 3 døgn forsinka, og fekk ein hjertelig velkomst.

lørdag, mai 01, 2010

Silas 8 år


Her kjem ei litt forseinka bursdags-oppdatering. Silas vart 8 år den 20. april. Då sat eg på buss på vei frå Fredrikstad til Barcelona. Meir om det i eit anna blogg-innlegg. Ein av tinga som han ønska seg, var laser-sverd. Det hadde eg med frå Norge. Han vart feira saman med John-Henrik og Ovidie(Eggebø). Eg skulle etter planen koma heim på bursdagen hans, men slik vart det ikkje. Då var det kjekt at fam Eggebø var på besøk frå Cochabamba. Les om feiringa hans på Mulelid sin blogg.
Og på Ovidie sin bloggVil du gratulera han på etterskudd, trykk på "kommentarer" og skriv.