søndag, august 26, 2007

Eg vil ha ein liten hund









I ettermiddag var me på eit marked her i byen der dei sel frukt, planter og forskjellig. Det er ingen tvil om kva som slo best an i familien, det var valpar. Dei var så klar for å få seg ein hund, at det spørs om me ikkje må skaffa oss ein når me flytter til Juliaca.



Når me hadde rive oss laus frå valpane, og hadde handla litt frukt, gjekk eg og dei tre eldste inn i ein hall der dei sel kjøt. Der var det nesten slutt for dagen, men me fekk nå sjå nokre eksotiske råvarer. Eit kuhode til å koka suppa på, eller eit ferdig slakta marssvin. Det var litt av ein apetittvekkar før me gjekk heim og åt pizza.




7 kommentarer:

Anonym sa...

God dagen! Måtte inn og sjekka ut siå dåkkars! Møye fristande mat på det markedet, men tror aligavell eg satse på Joker Fogn.. Ellers må eg sei at det e forståelig at dåkk vil skaffa dåkk ein hund. Det e sikkert ikkje nok å holda styr på med 5 ungar..

Hils alle, så snakkes me!

Anonym sa...

Hehehe..godt sagt!!

Æsj eg hadde spydd av den luktå og synet av det der greiene uff..
Hils!

Anonym sa...

Hei x7 Hovda!
Kjekt å lesa/se i bloggen. Møje gildt. Kjekt å fylla md dokk.
Hils te gjengen. Hilsen ann svein

Sverre sa...

Nå tar det ganske av med kommentarar her. Det er gildt med litt kommunikasjon!
Håvard: Hunden skal sjølvsagt holda styr på ungane. Høyrt om gjetarhund?
Anna: Var det godt sagt av meg eller Håvard. Eg tar det i beste meining.
Svein: Kjekt du er inne og følger med. Siste meld eg fekk før eg skifta SIM i mobilen var frå deg. Takk!

Unknown sa...

Veldig koselig å snakka me dåkke!!!! Eg åg har blogg, men må prøva å gjer litt meir med sida.... Sko nok hatt litt opplæring!!! hovdaasland.blogspot.com

Anonym sa...

Eg trur eg hadde holdt meg te frukt der ja, men de hadde jo vert litt kult å komma heim å sagt at du har spist marsvin, noge å skrema ongane me, vis de en gong sko få marsvin heima. "vis ikkje du lye nå så spise eg marsvine ditt" he he.

Anonym sa...

Eg smakte visstnok på hundekjøtt i Indonesia.