søndag, august 05, 2007

Nå er me i Peru!

Endelig er me på plass i Peru.

Dei siste vekene i Norge vart hektiske, med mange praktiske ting som skulle ordnast. Og pakkinga tok og si tid. Utan god hjelp frå familie og venner, hadde me vel holdt på å mala og vaska ennå! Tusen takk for hjelpa!

Me reiste frå Sola 2.august kl 06.50. Me mellomlanda i Amsterdam, og frå Amsterdam til Lima var me 19 stk som skulle til Peru i misjonens teneste. Turen gjekk overraskande godt. Mika fekk litt å sova på, og det gjorde susen. Dei eldste gutane sat klistra til skjermen framfor setet, og såg på film og spela. Silas var vel den som sleit mest med loppene i blodet.

Me var framme i Lima rett etter 16, lokal tid(23 i Norge). Då måtte me først få 180 kg med bagasje oppbevart, før me tok to minibussar til hotellet.

Fredag morgon måtte me stilla på Interpol(av alle plasser), og fylla ut skjema, ta bilde både framifrå og i profil, og avgi ti stk fingeravtrykk.(Håpe ikkje dei får bruk for dei!)

Så var det middag på Mc Donalds, før me satte nasen mot flyplassen. Der vart det litt stress, for me hadde ikkje bilettar til Arequipa. Dei vart kjøpt i ein fart, og me tok langspurten til gaten, og kom oss på flyet rett før det letta.

I Arequipa vart me møtt av ein flott velkomstkomite, som helsa oss med norske flagg. Så bar det rett til den norske skulen, og velskomst med kaker og kaffi, og velkomsthelsingar både på norsk og spansk.

Nå bur me på gjestehuset til misjonen, det er eit stort flott hus, som me deler med ein annan familie. Her skal me vera i ca 5 veker og friska opp spansken m.m.

Me våkna til strålande sol og ein flott dag. Glede oss til fortsettelsen.

Ingen kommentarer: