søndag, august 12, 2007

Aktiv lørdag




I dag har det vore full rulle her. Etter frukost vart me henta av ein av dei misjonærane som bur her i Arequipa. Det var tid for fotballtrening. Me køyrde litt lenger ut av byen, og kom til ein stadion med ein stor grasbane. Først vart alle stilt opp på rekka, og så var det ei økt med god gammaldags gymnatikk, med lett jogg, bøy og tøy. Så var det litt dribletrening, før det var ein drikkepause. Det er varmt i sola her.

Neste økt var fotball saman med jevnaldrande. Gutane våre var litt bekymra for at dei ikkje kan snakka spansk, men fotball går det an å sparka utan å drøsa så mykje.
Silas ga seg etter første økt, men var kry som ein hane: Nå har eg begynt på fotball!

Me kom heim, og hushjelpa som me hadde for 10(!) år sidan hadde laga ein fantastisk middag. Sprøsteikt kylling, ris og bernaisse-saus. Det var snadder.
Når middagen var fortært var det bare å begynna å forbereda neste post på programmet. Sosialt treff på den norske skulen. Me tok med kaffi, brus og vafler og køyrde opp til skuletomta. Der var det allereie kaffi på bordet. Me hadde litt kaffimat, før forbrenninga av alle godsakene skulle begynne. Fotballkamp med store og små, det var kjekt. Eit par idrettsskader vart det, men begge var oppegåande etter kampen. Dei minste ungane leika i lekestativ og sandkasse.
Etter fotballkampen var det meir kaffi og drøs, før dei mest sporty fortastte med volleyballkamp.
På veien heim var me innom ein butikk å handla snop, og før leggetid var det snop, film og eit slag UNO, for dei som ikkje hadde lekser):

Ingen kommentarer: