fredag, november 28, 2008

Ein uforglemmelig dag. Brith-Jorunn blogger!!!!!



Tenk nå e eg 40.....og d jekk bedre enn eg hadde frykta. D va en fantastisk dag frå måren t kveld......så fantastisk at eg faktisk mege meg t å ta i denne maskinen og blogge litt. Historisk!
E kanskje voksen nok nå t å lera meg litt datta.
Dagen starta med fem trøtte små og en stor kom sjanglane inn på soverommet med pakker og sang kl 6 .10....syns eg e rik. Så sko Veronika og eg ut på vår vanlige mårentur kl 6.30. Litt lenger oppe i veien fekk eg meg en sjikkelige øverraskelse......der spratt d fram tri mårenfriske "jenter" og ropte: gratulera med dagen, Nina, Marianne og Randi. Ska sei eg skvatt!!!!! Med ryggsekker og godt humør labba me oppøve åsen t Cristo Blanco.....og der va litt av kvart i sekkane deiras. Me inntok ein nydelig frokost med utsikt øve Juliaca. For en start på dagen, kunne ikkje vore bedre!!
Seinare for svigermor og eg ut for å handla frukt. Når me kom heim hadde eg fått uventa besøk av heile DNS (den norske skulen) ....de sang så fint for meg at eg blei heilt rørt. Så jekk dagen t møje snakk i telefonen. Hjertelig takk t adle så ringte eller ga lyd på bloggen,- d varmte sjikkelig å bli huska på av så mange.
Takka være svigermor og en del andre (svigers e på besøk her nå....de ska ver her t beg av feb. Hjelp:) ) blei d sjikkelig "fest og basar", med koldtbord og kaker. Ei rå å fylla år i Peru med både hushjelp og svigers på besøk. Dokke sko ha vore her og møtt adle de flotte og kreative folkå eg har rundt meg her......de gjorde kvelden heilt uforglemmelige med d eina festliga innslage itte d andra. Og min kjære mann øverraska ein flott og morsom tale pluss lysbildeshow. Kan kje gå i detalj, men studer bildene nøye:)
Kvelden slutta med nok ein øverraskelse....drømmen om ein sjikkelige jentetur ska gå i oppfyllelse. Fekk bare beskjed om å pakka kofferten og vera klar t kl 16 i dag. Har kje fanari om kor turen går, men gøy ska d bli. E så spent og glede meg som ein onge. Veronika, Marianne, Randi og Nina.....dokke e fantastiske!!!!!!!
En aen STOR og gledelig ting va at Margareth og Svein Kåre kom heilt frå Arequipa for å feira meg. Sporty gjort kjære venner.
TAKK te dokke adle som gjorde dagen i går så flott som d bare jekk ann. D va kje så gale å bli 40 alligavel:) :) :)


torsdag, november 27, 2008

Brith-Jorunn 40 år


Nå er Brith-Jorunn blitt 40 år. Stor fest i Juliaca i kveld. Trykk på kommentarer og gratuler jubilanten.

tirsdag, november 25, 2008

Besten og bestå har kome på besøk


På torsdag etter skuletid reiste me til Arequipa for å ta imot Besten og Bestå frå Fogn. Me hadde ein punktering midt oppe på høgfjellet, men heldigvis var det luft i reservehjulet, så me kom oss til Arequipa. Besøket vårt skulle landa ca kl 21, men var forseinka, så dei var ikkje i Arequipa før 22.30. Men me stilte på flyplassen med heile vårt hus, og dei vart hjertelig tatt imot. Veldig kjekt å sjå dei igjen etter eit år og 4mnd!



Etter eit par dagar i Arequipa reiste me til Juliaca på søndag. Me hadde ein stopp med nokre flotte steinformasjonar, der ungane klatra og kosa seg.

torsdag, november 20, 2008

David 11 år


I dag er David 11 år. Trykk på kommentarer og send ein gratulasjon!
Me reiser til Arequipa for å henta Besten og Bestå i dag. Så det blir feiring i bilen. David sa at den beste gaven han kunne få var at Besten og Bestå kom på besøk.

tirsdag, november 18, 2008

På leir


Frå onsdag til fredag var det leir for ansatte i kyrkja og misjonen. Me reiste til kysten til ein by som heiter Camana. Det var mykje interessant og viktig på programmet, men og tid til ein tur på stranda og til byen, og fotball eller volleyball.
For nokre var nok det store å få stikka tåa i havet. Fleire av dei som kom frå Moho sone hadde aldri sett havet før. Kona på bildet har ikkje sett havet før

Ein pastor som jobber i ei evangelisk kyrkja i Camana, hadde ein andakt når me begynte leiren. Han snakka om at det var viktig for oss som jobber i kyrkja, å ta oss tid saman med Jesus.

Me fekk mykje god mat, og eg trur det var til hjelp og glede for arbeiderane å få vera saman nokre dagar å få lov til å ta imot.

mandag, november 10, 2008

Musikkfestival og fest i himmelen


Denne helga har eg vore i Crucero sone, saman med formann i hovedtyret i kyrkja vår, Jose Maynita.
Det har vore mange problemer og konflikter i Crucero i seinare tid, derfor vart eg så glad då eg fekk ein skikkelig gladmelding frå Crucero denne veka. 8 nye har tatt imot Jesus i Crucero nylig. Det var Ricardo som fortalte dette. Han og kona Maria er misjonærar i sitt eige land. Dei har budd mange forskjellige plasser i tenesta for å nå nye med evangeliet. Og det var ikkje noko lett valg for dei, når dei for ca eit år sidan vart utfordra til å reisa frå Juliaca til Crucero. Men dei fekk ro for at det var Guds vilje, og så reiste dei. Eg er så glad for at dei fekk denne oppmuntringa nå. Folk som dei har besøkt, ønska å ta imot Jesus å få del i det evige livet.


På vei til Crucero på laurdags kveld, klarte eg å setta fast bilen! Eg møtte ein lastebil på ein forholdsvis smal grusvei. Eg køyrde godt ut til sida, slik at den kunne koma forbi, men han stansa og ville ha meg til å køyra. Det gjorde eg, og plutselig gjekk høgre framhjul oppi ei grøft. Me prøvte å legga stein under hjulet, og leita desperat etter ein stokk til å løfta med, men det var det ikkje å finna. Etter ei god stund kom det heldigvis ein bil med ein del folk i, som hjalp oss å dytta, og då kom me oss opp.


Musikkfestivalen var i ei bygd som heiter Añoccaya, og det kom ganske bra med folk. Etter programmet skulle det begynna kl 09, i det verkelege livet begynte me ca 11. Først var det gudsteneste, så var det pause med mat, og så begynte musikk festivalen. Dei hadde fått tak i to svært musikalske dommerar(eg var ein av dei red.anm). Mykje gild sang og musikk.



Det var fullt inni bilen!

torsdag, november 06, 2008

Mika 2 år

Ny hatt og ny buss


I går fylte Mika 2 år. Han var så stolt når me sang for han og han fekk pakkar i senga. Om ettermiddagen hadde me ca 30 stk på kaffi og kaker. Jubilanten vart nesten overvelda av oppmerksomheten og pakkane han skulle forholda seg til.
Han var svært fornøgd med dagen.

Her prøver Solveig den nye trehjulssykkelen min

søndag, november 02, 2008

Laika


Det er nesten ikkje til å tru, men me har fått oss eit nytt dyr. Det er ein koselig liten valp, som heiter Laika. Me kjøpte hu i Arequipa, og det er ein blanding av Sibirsk husky og Labrador(trur me).

mandag, oktober 27, 2008

Ørken

Av og til er det bare å hoppa i det!

På vei frå ferieplassen til Arequipa køyrer me forbi nokre store halvmånar av sand. Desse har me snakka om at me skulle klatra på, og denne gangen vart det meir enn snakk. Me klatra opp på ei sanddyna, og dei 3 eldste hoppa og spratt i sanden. Stilig plass.

lørdag, oktober 25, 2008

Frå fjell til hav



Nå er det lenge sidan sist innlegg her. Men det har skjedd ein heil del sidan sist. Brith-Jorunn og eg var med på eit ekteskapskurs i Mollendo på kysten 10-11 oktober. Inger Johanne var barnevakt og ga oss førsteklasses opphold dei dagane.


Når kurset var slutt, reiste me til ferieplassen og var der nokre dagar. Det var ein del gråe dagar, men me kosa oss der. Ungane bada både i bassenget og i sjøen. Fam Hamre var og der nede desse dagane, og me hadde det koselig med spaserturar, kaffi, grilling, kaffi, ei god bok, kaffi osv.

Etter dagane på ferieplassen, sto Arequipa for tur. Mandag til onsdag denne veka hadde me haustsamling for alle misjonærane på feltet. Me hadde besøk frå Danmark og Bolivia. Svend Åge Jacobsen hadde gode bibeltimar med utgangspunkt i tre Salmer. Han er til daglig lærer på LMs bibelskule i Hillerød.

Frå Bolivia kom Knut Bjørn Skyttermyr, og hadde temasamlingar for oss, med emner om kallet. Det var godt å nyttig å høyra og samtala om det.

Ellers vart det og tid til mat, kaffi, kaker, kaffi, frukt, kaffi osv.

Eg er glad eg ikkje har galleblæra!

tirsdag, oktober 07, 2008

Nye innlegg på Superblink

Nå har både David og Peter skrive på Superblinkbloggen. Sjå kva dei har skrive her

lørdag, oktober 04, 2008

Svømmebasseng


Heilt sidan me flytta til Juliaca har me sett fram til at svømmebassenget skal bli ferdig. Og for eit par veker sidan åpna det. Det er berre nokre kvartal frå oss, og ser flott ut. Sist laurdag tok me ein mannetur til bassenget. Der var det greie garderobar, med skap til å låsa inn klær i, og sjølv om det ikkje var gullreint, så var det greit.


Dei har sagt at dei skal varma opp vatnet ganske bra, men det var ikkje heilt som forventa. Det var som årets første sjøbad på Jæren! Men det var eit par rutsjebanar og eit barnebasseng, med litt varmare og litt skitnare vatn. Det varte ikkje så lenge før eg måtte finna håndkle til gutane, men etter å ha varma seg litt på land, var det uti igjen. Det er ganske godt og varmt inni svømmehallen, for den er bygd som eit drivhus.


Alt i alt var det ein vellykka ettermiddag.
Når me var i bassenget, så var det ein kar som gjekk rundt å filma, og spurte oss om kva me syntes om bassenget. Når eg låg på sjukehuset å svitsja på TV-en, kom eg over ein TV-reportasje om bygginga og innviianga av bassenget. Og der kom sjølvsagt me blekansikter med. Så nå har me vore på lokal TV i Juliaca.
Etter reportasjen var det ein kar som hadde ein betraktning om dette nye bassenget, at det var flott at det var fullført og bla, bla, bla. Og så sa han: Det som er flott å sjå, er at dette nye bassenget kan trekka til seg turistar, slik som dei nordmennene som me såg!!

fredag, oktober 03, 2008

Galleblæra mi er historie

Eg vakna ein morgon i sist veka, med vondt i ryggen. Men etter å ha kjent etter litt, fann eg ut at det var gallesteinen som irriterte meg. Eg gjekk på stam-sjukehuset mitt, vart gjennomlyst, og ganske rett så var det ein gallestein som hadde posisjonert seg der det gjer mest vondt. Den var stor som ein oliven og sat i utgangen av galleblæra.
Doktoren gav meg nokre piller og ei gyselig seig saft eg skulle ta nokre dagar. Før eg gjekk heim fekk eg og ei sprøyta med smertestillande som hjalp mot smertene. Dei neste dagane var det litt murring, men ikkje store smerter.
Søndag begynte det neste kapittelet i soga om gallesteinen.
Me var i kyrkja om formiddagen, så var me ute og åt middag, og etterpå var me på kaffi hos fam Mulelid. Etter litt kaffi og is, var det ikkje lenger behagelig å sitta i sofaen, så eg begynte å virra omkring. Etterkvart for eg ned på sjukehuset og ba om ei sprøyta med smertestillande. Eg gjekk heim, men hadde ikkje same effekt av sprøyta som veka før. Eg veit ikkje om det hjalp i det heile. Men eg tenkte det ville roa seg, så eg la meg. Men det var ikkje mange sekund eg låg på same sida. Til slutt sparka Brith-Jorunn meg ut av senga, og sa at eg måtte koma med på sjukehus. Me ringte til Tor Egil, og han kom å passa hus og barn, mens me for på sjukehus. Der fekk eg ei sprøyta til, men den hjalp heller ikkje. Til slutt krevde BJ at dei ga meg noko narkotika, og då roa det seg. Det vart bestemt operasjon neste morgon, og me låg på sjukehuset.
Kl 09.30 vart eg køyrd på operasjonssalen. Før operasjonen begynte, så ba dei om at alt måtte gå bra. Eg følte meg i trygge hender, det var same doktoren som lappa saman fjeset mitt og. Etter eit par timar var operasjonen over, og galleblæra mi var stor og stygg, betent og fæl.
Eg vart liggande på sjukehuset til torsdag morgon, og fekk mest ikkje mat, men fekk ein del intravenøs næring.
Nå er eg sjukmeldt eit par veker, men eg ser kva tid eg føler meg i form til å begynna litt smått igjen. Det versta er at eg ikkje kan ta Mika og Solveig når dei seier: "komma"

tirsdag, september 23, 2008

David og Peter blogger


David og Peter har blitt spurd om å blogga på Superblink. Dei har nettopp begynt, så det er bare presentasjonen av dei som er klar. Den kan du sjå her
Dei kjem til å skriva litt forskjellig frå Peru, så følg med!

mandag, september 22, 2008

Ut på tur


Det har blitt skrive mykje gildt på andre bloggar om turen til Putina sist helg. Så sjå på dei. På laurdag tok me mannfolka ut på tur, med dei av ungane som var i stand til å gå eit stykke. Me hadde nemlig sett oss ut ein topp som skulle bestigast.
Det var fleire hundre meter stigning, før me nådde varden på 4130 moh. Då var det godt med litt kaffi og snadder. Det var flott utsikt i alle retningar.


fredag, september 12, 2008

Kjøretøy




Ein av gledene ved å vera misjonær er at me får prøva mange forskjellige kjøretøy. I august var eg i Tacna ein tur saman med ungdomane i "Luteranos al toq". Då traff eg ein venn frå tida me budde i Tacna. Han hadde motorsykkel, som eg fekk sitja på med og køyra. Det var kjekt.
Og nå i begynnelsen av september, fekk me ansvar for ein annan bil, ein Hyundai minibuss. Forandring fryder:)

Ellers kan eg fortella at Brith-Jorunn har reist på kvinnemøte til Crucero, og eg sit her og lurer på korleis dette skal gå...

søndag, september 07, 2008

Kaffikopp



Brith-Jorunn var på byen ein dag, og kom heim med nokre tåpelige koppar. Dei er enorme!
Problemet når me bur nesten 4000 m.o.h er at vatnet koker på nokon og 80 grader. Tar du det og tømmer det oppi ein balje(les: Brith-Jorunn sine koppar) då er den p........ lunka før du veit ordet av det.
Eg drømmer om ein høg og slank Figgjo-kopp. Det er ikkje så lenge til bursdagen min, forresten! På forhånd, takk:)

Bakedag


Denne veka fekk Silas ein god ide, han ville invitera vennene sine på bakedag. Dei var ikkje vanskelige å be, og stilte opp. Det vart boller med sjokolade inni. Dei sto på, og gutane tok til og med oppvasken etter bakestyret.

mandag, september 01, 2008

Forebyggande skilting


Her ein dag såg eg eit skilt/plakat som gjorde inntrykk på meg, håper det gjer inntrykk på dei det er skrive til og.
På skiltet står det noko sånt som: Forbudt for forbryterar og tjuvar å koma inn i, og bevega seg rundt i dette området.

mandag, august 25, 2008

Lidelsens problem


På onsdag var eg på ledarmøte i Sullca i Moho, og før me starta prata me litt utanfor kyrkja. Ein av pastorane spurte meg eit vanskelig spørsmål. Kvifor skjer det vonde og triste ting for dei som begynner å gå i kyrkja vår? Han fortalte om fleire som hadde begynt å gå i kyrkja, men så hadde eit av dyra deira døydd, og då hadde dei heilt mista motet. Folk seier det er på grunn av at dei har begynt å gå i den evangeliske kyrkja.
Me snakka saman om kva Bibelen seier, og at den ikkje lover eit problemfritt liv sjølv om me tar imot Jesus. Men det verdensbildet som folket her har, er at ingenting skjer på slump. Dei er vant til å tenka at skjer det ei ulykka i familien, så er grunnen at dei ikkje har ofra nok til Moder Jord eller til fjellgudane. Det kan vera vanskelig å forstå at det vonde og triste eg opplever ikkje er konkret straff for noko eg har gjort, men ein følge av at alt her på jorda er prega av syndefallet sine konsekvenser.
Ein annan av lederane i Moho sone fortalte at to av barna hans døydde, og at det ikkje var så enkelt å forstå. Men det at han fortsatt er aktiv i kyrkja, viser at han ikkje er kristen for å ha eit problemfritt liv, men for å ha fått eit evig liv, og håp om ein evighet der alt er bare godt.
Ein annan av lederane som var med på dette møtet, opplevde at sonen på 24 år døydde av kreft for ca ein månad sidan. Eg tala i begravelsen hans sist eg var i Moho.
Når me gjekk inn og begynte møtet, brukte eg ein del tid på å visa ut frå Bibelen at Jesus ikkje lover oss eit liv utan vanskeligheter, men å vera med oss gjennom alt me møter, og leda oss heim til staden utan sorg og gråt.
Eg trur det var viktig for dei å få litt undervisning om dette.