mandag, august 25, 2008

Lidelsens problem


På onsdag var eg på ledarmøte i Sullca i Moho, og før me starta prata me litt utanfor kyrkja. Ein av pastorane spurte meg eit vanskelig spørsmål. Kvifor skjer det vonde og triste ting for dei som begynner å gå i kyrkja vår? Han fortalte om fleire som hadde begynt å gå i kyrkja, men så hadde eit av dyra deira døydd, og då hadde dei heilt mista motet. Folk seier det er på grunn av at dei har begynt å gå i den evangeliske kyrkja.
Me snakka saman om kva Bibelen seier, og at den ikkje lover eit problemfritt liv sjølv om me tar imot Jesus. Men det verdensbildet som folket her har, er at ingenting skjer på slump. Dei er vant til å tenka at skjer det ei ulykka i familien, så er grunnen at dei ikkje har ofra nok til Moder Jord eller til fjellgudane. Det kan vera vanskelig å forstå at det vonde og triste eg opplever ikkje er konkret straff for noko eg har gjort, men ein følge av at alt her på jorda er prega av syndefallet sine konsekvenser.
Ein annan av lederane i Moho sone fortalte at to av barna hans døydde, og at det ikkje var så enkelt å forstå. Men det at han fortsatt er aktiv i kyrkja, viser at han ikkje er kristen for å ha eit problemfritt liv, men for å ha fått eit evig liv, og håp om ein evighet der alt er bare godt.
Ein annan av lederane som var med på dette møtet, opplevde at sonen på 24 år døydde av kreft for ca ein månad sidan. Eg tala i begravelsen hans sist eg var i Moho.
Når me gjekk inn og begynte møtet, brukte eg ein del tid på å visa ut frå Bibelen at Jesus ikkje lover oss eit liv utan vanskeligheter, men å vera med oss gjennom alt me møter, og leda oss heim til staden utan sorg og gråt.
Eg trur det var viktig for dei å få litt undervisning om dette.

2 kommentarer:

Nina Hamre sa...

Hei Sverre.
Denne var fin og var.
Gud velsigne deg.
Fra en medmisjonær

Anonym sa...

Så bra, Sverre du er virkelig flink!
Eg tror du gjør en kjempe jobb der ute :o)