mandag, november 10, 2008

Musikkfestival og fest i himmelen


Denne helga har eg vore i Crucero sone, saman med formann i hovedtyret i kyrkja vår, Jose Maynita.
Det har vore mange problemer og konflikter i Crucero i seinare tid, derfor vart eg så glad då eg fekk ein skikkelig gladmelding frå Crucero denne veka. 8 nye har tatt imot Jesus i Crucero nylig. Det var Ricardo som fortalte dette. Han og kona Maria er misjonærar i sitt eige land. Dei har budd mange forskjellige plasser i tenesta for å nå nye med evangeliet. Og det var ikkje noko lett valg for dei, når dei for ca eit år sidan vart utfordra til å reisa frå Juliaca til Crucero. Men dei fekk ro for at det var Guds vilje, og så reiste dei. Eg er så glad for at dei fekk denne oppmuntringa nå. Folk som dei har besøkt, ønska å ta imot Jesus å få del i det evige livet.


På vei til Crucero på laurdags kveld, klarte eg å setta fast bilen! Eg møtte ein lastebil på ein forholdsvis smal grusvei. Eg køyrde godt ut til sida, slik at den kunne koma forbi, men han stansa og ville ha meg til å køyra. Det gjorde eg, og plutselig gjekk høgre framhjul oppi ei grøft. Me prøvte å legga stein under hjulet, og leita desperat etter ein stokk til å løfta med, men det var det ikkje å finna. Etter ei god stund kom det heldigvis ein bil med ein del folk i, som hjalp oss å dytta, og då kom me oss opp.


Musikkfestivalen var i ei bygd som heiter Añoccaya, og det kom ganske bra med folk. Etter programmet skulle det begynna kl 09, i det verkelege livet begynte me ca 11. Først var det gudsteneste, så var det pause med mat, og så begynte musikk festivalen. Dei hadde fått tak i to svært musikalske dommerar(eg var ein av dei red.anm). Mykje gild sang og musikk.



Det var fullt inni bilen!

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg har set møje rart på musikkfestival, men aldri at de frakte festivaldeltakerene på taket på bliane.