søndag, april 04, 2010

Kyrkjebesøk

Nå sit eg faktisk på Fogn og blogger frå livet i Peru. Eg sleit litt med å få legga ut bilder frå Juliaca, men frå Fogn går det som ein lek. Eg er bare heima ein snartur, for dei som lurte på det. Skal på kurs.






Når me hadde besøk av Elin og Endre, var me ute på eit par turar. Først var Endre, eg og sonepastor Sebastian ein dagstur for å besøka tre kyrkjer der det er lite folk som kjem(ei av dei har ikkje møter lenger). Det er fint på landsbygda nå, hausttid. Fleire plasser såg me folk som tok opp poteter og skar korn. Me fekk samtala og dela Guds ord med lederane i kyrkjene, og dei treng oppmuntring og besøk. (Dei tre nederste bildene er frå den turen)

Ein annan dag var me i ei bygd utanfor Azangaro. Der hadde lynet slått ned, og då er tanken her at Gud er sint på dei. Så då pleier dei å ofra til moder jord. Her ønska dei å ha eit kristent møte, der me kunne dela Guds Ord og be for familien som bur der lynet har slått ned.

Dei hadde bedt inn slekt og naboar, så der var mange som ikkje vanligvis høyrer Guds Ord. Det var flott å vera der, og sei noko om Han som har tatt straffa for våre synder, slik at me kan ha fred med Gud, og sleppa å vera redde for Guds straff. (dei fira øverste bildene er frå denne turen)

tirsdag, mars 30, 2010

Besøk frå Norge





Nå har me hatt besøk frå Norge i to veker, snaut og vel. Det har vore veldig koselig å ha tante Elin, onkel Endre, Gunnar og Magnus her. Dei har vore med å sett på ein del av arbeidet, og så har me vore på litt turistutflukter. Nå har dei reist til Ecuador for å besøka meir av familien.
Legg ut meir bilder seinare(trur eg).

torsdag, mars 25, 2010

Konferanse og besøk









Nå har me fått besøk frå Norge. Elin og Endre og dei to gutane deira har kome på besøk til oss. Gunnar og Mika koser seg, leiker og krangler litt. Magnus hadde me ikkje truffe før, så han blir kosa med av store og små.
Dei første dagane dei var her, måtte dei klara seg litt sjølv, for me var på konferanse. Konferansen begynte med eit døgn på hotell, med kjekt opplegg for heile familien. Rett i nærheten er dei gammal mølla, og attmed den var det mulighet for å ri og køyra firhjulingar. Det slo godt an.
Før me reiste til Juliaca, fekk me med oss vinter-OL på DNS. Det var eit storarta arrangement, med mange store prestasjonar. Sjå meir om det på fam Mulelid sin blogg
Nå er me heima i Juliaca igjen, og farter litt rundt på fjellet. I dag var Endre og eg på besøk i 3 kyrkjer, me får sjå om det kjem nokre bilder frå den turen etter kvart.

onsdag, mars 10, 2010

Meir frå Crucero

Helge Dagsland, som var med på turen til Crucero, har skrive eit blogginnlegg med mange fine bilder(av meg). Sjå her

Crucero


Denne helga var Andreas Bakke, Helge Dagsland og eg på tur til Crucero. Me reiste tidlig fredag, for å vera med kyrkja i Crucero på tur til ein plass som heiter Oscoroque. Når me kom hadde ein gjeng frå kyrkja reist. Ca 30 stk bakpå ein lastebil. Me køyrde oppover frå Crucero, men etter ca 20 min køyring, kom me ikkje lenger, fordi ein lastebil sperra veien. Me reiste ned til Crucero igjen, og hadde ein rolig dag der.På laurdag formiddag hadde eg ei to timars bibelstudie om givarteneste og tiende. Så reiste me på tur til Oscuroque. Flott tur, først køyrde me opp til 4700 m.o.h(ny rekord for Helge), så køyrde me ned til ca Juliaca-høgde. Det var ein grønn og fin dal, med åkrar og steinhus. Me gjekk ein tur der, før me reiste tilbake til Crucero. Om kvelden hadde me film og eit kort møte. Det vart fullt i kyrkja.På søndag var me på gudsteneste før me reiste heim til Juliaca.
Noko som var kjekt å oppleva i Crucero, var at dei var opptatt av diakoni. Dei hjalp fleire som hadde det vanskelig på forskjellige måtar.

lørdag, februar 27, 2010

Tsunamivarsel

I dag vart eg vekka av tsunami-varsel. Me er naa paa ferieplassen ved kysten. Men me har ikkje merka noko til jordskjelvet i Chile. Naar det gjeld tsunami-varselet, saa er det naa trekt tilbake fraa Peru.

fredag, februar 19, 2010

Vannkrig i gymtimen







Nå er det karnevalstid her, og det betyr at du ikkje er heilt trygg i gatene her. Det er tid for vannkrig, og plutselig får du ein kald-dusj.
Me prøver så godt me kan å leva oss inn i kulturen her, så i dag var det vannkrig i gymtimen. Det slo an!

søndag, februar 14, 2010

På husmøte


På torsdag var eg på besøk hos ein familie som bur på landsbygda utanfor Azangaro. Dei har kome i kyrkja vår nokre månadar nå, og ønska besøk. Eg reiste saman med den nye pastoren og den gamle pastoren i Azangaro.
På vei ut til familien me skulle besøka, såg me at himmelen var mørk, og det såg ut som det skulle koma regn. Og utover heile sletta brann dei bål. Eg spurde pastorane kvifor alle brann bål. Og då fekk eg læra noko nytt om kva folk trur her. Dei trur at røyken verner dei mot hagl. På denne tida av året kan ei haglbyga ødelegga mykje av avlingen.
Me kom fram til familien me skulle besøka akkurat når regnet kom. Eg syntes eg såg nokre hagl og, men det var ikkje mykje..


Familien som me besøkte hadde bedt inn slekt og naboar, så etter kvart var me ca 20 personar samla. Først fekk me servert ei suppa med kjøt, poteter og svart chuño(frysetørka potet).

Så var det møtetid, og pastorane spela mandolin og trekkspel til sangane. Me som var på besøk, vart invitert til å dela noko frå Bibelen, og me sa litt kvar. Ein lyttande flokk, fleire av dei som var der har ikkje vore på noko evangelisk møte før.
Når me skulle slutta av møtet, ville familien som me besøkte at me skulle be for dei. Dei fann eit teppe som dei la på jordgolvet, og så la dei seg på kne på det. Dei sa at dei ville overgi seg til Gud. Det var eit fint vitnesbyrd, og kjekt å få vera med på.

Be gjerne for denne nye familien, at dei kan bli bevart og grunnfesta i trua på Jesus.

torsdag, februar 11, 2010

David blogger

David har skrive eit blogginnlegg på Superblink. Vil du lesa det kan du klikka her.

onsdag, februar 10, 2010

Flott tur











På laurdag arrangerte ungdommane i "Luteranos al toque" tur til ei strand ved Titicacsjøen(ca ein times køyring frå Juliaca)
Me begynte dagen med å ta oss ein fjelltur for å få oversikt over området. Flott natur. Så var det ned på stranda, der dei tøffaste tok seg eit bad. Det var og mulighet for å ta seg ein kort tur på hesteryggen.
Ungdommane ordna organiseringa av turen heilt sjølv, både transport og mat hadde dei ordna med.

søndag, februar 07, 2010

Firhjulstrekk er oppskrytt

Til venstre påtroppande pastor Lucas, til høgre avtroppande pastor Sebastian
På besøk hos Quintin og Julia, mens bilen sto bom fast
Full stopp, sjølv med firhjulstrekk
I går var eg ein tur til Azangaro. Me reiste og besøkte nokre av dei som kjem i kyrkja vår for å presentera den nye pastoren som skal arbeida der frå nå av.
Det er regntid, og det har kome mykje regn i det sista. Me såg at det hadde øydelagt avlinga for mange, åkrane hadde blitt oversvømt.
Me skulle besøka ein gard nokre kilometer utforbi Azangaro, og når me kom fram dit, svingte me av veien osg skulle køyra over ei grassletta bort til husa på garden. Men plutselig kjente eg at her var det mjukare enne eg hadde trudd, og plutselig sto eg fast. Eg kobla inn firhjulstrekken, men det hjalp ikkje. Me sto fast!
Me gjekk frå bilen og bort til husa på garden, og helste på vennene våre der, hadde ein presentasjon av den nye pastoren og ein andakt.
Så var det å finna spade, eit par pålar og ein del småkvister. Og ved hjelp av det kom me oss ut av sorpe-holet. Må innrømma at eg var litt nervøs, men det gjekk bra.
Ver gjerne med å be for Lucas, som skal ha ansvar for kyrkja i Azangaro nå. Det går veldig opp og ned i arbeidet der, me skulle så gjerna hatt ein litt større kjerne med folk som kom, og som kunne vera med å bera arbeidet der.Dette var ein potetåker før elva gjekk over sine bredder

torsdag, januar 21, 2010

Glede over ungdommen



Etter ferien me hadde i Norge sist sommar, var me litt skuffa over ungdomsgruppa me har vore med i. Me håpa at dei kunne ta ansvar og driva den sjølv om me ikkje var der. Men når me kom tilbake kom det berre nokre få, og me måtte bygga den opp igjen nesten frå botn.

Nå i forbindelse med juleferien var me og vekke frå Juliaca ca 1 mnd, og me var spente på korleis dei unge hadde klart seg i den perioden. Og det var som eit under å koma tilbake. Brith-Jorunn var med sist veka, det var over 20 ungdommar og dei tok ansvar for heile møtet, og hadde ordna med brød og kaffivatn.

I kveld fekk eg vera med dei, og det kom mellom 20 og 30 ungdommar i dag og. Dei leda, ordna med brød og kaffi, ein hadde vitnesbyrd, ein spela gitar og dei planla utflukt heilt på eigen hand.

Noko anna som var utrulig kjekt, var at det var 3 som var heilt nye i dag. Dei som går i ungdomsgruppa ”Luteranos al toq” har nød for vennene sine og tar dei med seg.

Når me hadde bønnestund, var det to jenter som ba om forbønn for kvar si veninna som dei vil prøva å få med seg neste veka.

Me har ikkje så mange månadane igjen her i Juliaca, og ein av bekymringane våre har vore korleis det skal gå med denne ungdomsgruppa. Nå ser det ut til at Gud har høyrt våre bønner og at dei tar ansvar.

fredag, januar 15, 2010

Bilder





Når me skulle ta bilde til julehelsinga vår, måtte det ein del forsøk til før det vart sånn nokonlunde. Men dei mislykka bildene er nå litt festlige dei og. Og her er det mulig å sjå at nokon har fokus midt i kaoset:)

Må og ha med eit par bilder til av søskenbarna som kosa seg i saman i juleferien.

Ellers er me tilbake i Juliaca, og det har vore ein del problemer i forbindelse med skulen Martin Lutero. Ver gjerne med å be om at det kan løysa seg på ein god måte.
På bibelskulen er det 15 unge som studerer Bibelen. Eg skal undervisa der neste veka.

lørdag, januar 02, 2010

Ferie i Ecuador






Nå er me på vei til Peru igjen, etter to flotte veker i Ecuador. Både julafta og nyttårsafta var det middag i hagen, mesterlig tilberedt av Knut Harald. I romjula var me nokre dagar i Manta, og kosa oss ved bassenget og på stranda. Når me kom tilbake til Guayaquil var me med Knut Harald og besøkte D-Miro(mikrokreditt), og nokre av lånekundene deira. Flott å sjå korleis folk som ikkje ville fått lån andre plasser, skaper seg eit levebrød med hjelp frå D-Miro.

Me var og på eit utkikspunkt i sentrum, og fekk sjå Guayaquil ”buy night”, og me var i ein park og såg masse iguanar, festlige dyr. Ellers var det bading og leiking i nærområdet, og eit par tenniskampar. Ungane fant tonen og kosa seg saman.

Nå sit me på flyplassen i Guayaquil. På vei inn hit vart Silas stoppa i tollen, han hadde med seg eit par brukte rakettar:)