søndag, februar 14, 2010

På husmøte


På torsdag var eg på besøk hos ein familie som bur på landsbygda utanfor Azangaro. Dei har kome i kyrkja vår nokre månadar nå, og ønska besøk. Eg reiste saman med den nye pastoren og den gamle pastoren i Azangaro.
På vei ut til familien me skulle besøka, såg me at himmelen var mørk, og det såg ut som det skulle koma regn. Og utover heile sletta brann dei bål. Eg spurde pastorane kvifor alle brann bål. Og då fekk eg læra noko nytt om kva folk trur her. Dei trur at røyken verner dei mot hagl. På denne tida av året kan ei haglbyga ødelegga mykje av avlingen.
Me kom fram til familien me skulle besøka akkurat når regnet kom. Eg syntes eg såg nokre hagl og, men det var ikkje mykje..


Familien som me besøkte hadde bedt inn slekt og naboar, så etter kvart var me ca 20 personar samla. Først fekk me servert ei suppa med kjøt, poteter og svart chuño(frysetørka potet).

Så var det møtetid, og pastorane spela mandolin og trekkspel til sangane. Me som var på besøk, vart invitert til å dela noko frå Bibelen, og me sa litt kvar. Ein lyttande flokk, fleire av dei som var der har ikkje vore på noko evangelisk møte før.
Når me skulle slutta av møtet, ville familien som me besøkte at me skulle be for dei. Dei fann eit teppe som dei la på jordgolvet, og så la dei seg på kne på det. Dei sa at dei ville overgi seg til Gud. Det var eit fint vitnesbyrd, og kjekt å få vera med på.

Be gjerne for denne nye familien, at dei kan bli bevart og grunnfesta i trua på Jesus.

Ingen kommentarer: