torsdag, januar 21, 2010

Glede over ungdommen



Etter ferien me hadde i Norge sist sommar, var me litt skuffa over ungdomsgruppa me har vore med i. Me håpa at dei kunne ta ansvar og driva den sjølv om me ikkje var der. Men når me kom tilbake kom det berre nokre få, og me måtte bygga den opp igjen nesten frå botn.

Nå i forbindelse med juleferien var me og vekke frå Juliaca ca 1 mnd, og me var spente på korleis dei unge hadde klart seg i den perioden. Og det var som eit under å koma tilbake. Brith-Jorunn var med sist veka, det var over 20 ungdommar og dei tok ansvar for heile møtet, og hadde ordna med brød og kaffivatn.

I kveld fekk eg vera med dei, og det kom mellom 20 og 30 ungdommar i dag og. Dei leda, ordna med brød og kaffi, ein hadde vitnesbyrd, ein spela gitar og dei planla utflukt heilt på eigen hand.

Noko anna som var utrulig kjekt, var at det var 3 som var heilt nye i dag. Dei som går i ungdomsgruppa ”Luteranos al toq” har nød for vennene sine og tar dei med seg.

Når me hadde bønnestund, var det to jenter som ba om forbønn for kvar si veninna som dei vil prøva å få med seg neste veka.

Me har ikkje så mange månadane igjen her i Juliaca, og ein av bekymringane våre har vore korleis det skal gå med denne ungdomsgruppa. Nå ser det ut til at Gud har høyrt våre bønner og at dei tar ansvar.

Ingen kommentarer: