tirsdag, april 08, 2008

Hompetitten



Frå torsdag til søndag var Geirmund Monsen og eg på reise i Moho sone. Me hadde tema om evangelisering, og Geirmund presenterte eit opplegg han har jobba med, som skal hjelpa kyrkjene med å gi systematisk undervisning i kyrkjene.

Me var i dei fleste utkantane av sona, og køyrde på utrulige veier og stiar. Den høgaste kyrkja i Moho var me og i, den ligg 4270 m.o.h. Me vart godt mottatt, dei set pris på at me kjem på besøk. På kvar plass fekk me noko å eta. Fleire dagar var det "fiambre", dvs at dei legg eit teppe på bakken, og så legg dei poteter og frysetørka poteter oppå, ofte er det og ein eller annan "dip".

Me var på besøk i eit par heimar. Hos ein familie ba me for ei kone som var sjuk. Når me hadde gjort det, ba dei oss om å fjerna eit steinbord som dei hadde i gardsrommet sitt. Det hadde vore brukt av ein trollmann til å tilbereda offer til moder Jord og åndene. Så me ba om velsignelse over heimen, og fjerna det som dei trudde kunne stenga for den.


søndag, mars 30, 2008

Fleire folk til Juliaca



Denne veka har ein ny misjonærfamilie flytta til Juliaca. Det er familien Hamre. Dei kom på torsdag, og bur eit par kvartal frå oss. På fredag hadde me velkomst for dei på skulen, med kake, brus og kaffi. Skulen har blitt fordobla sidan før påske, frå fira til 8 gutar. Iallefall på mandag og fredag, for då er Silas på førskule. Familien Hamre har 4 gutar, tre av dei går på skulen, og minstemann er like gammal som Solveig. På søndag kjem Jeanette og til Juliaca, hu er lærar.

David er glad for å ha ein klassekamerat, han heiter Magnus.

torsdag, mars 27, 2008

Froskejuice

I går var eg ute på tur med nokon som har vore på besøk frå Norge. Dei har sett litt forskjellig her i området, og skal skriva litt og visa litt film frå Peru.

Ein av dei mest eksotiske drikkene du kan få i Juliaca er froskejuice.

Me gjekk ned i gata der dei har dette som spesialitet. Der har dei eit glasbur, som eit lite akvarium der ein del froskar beveger seg rundt i vatn.





Eg spurde om denne froskejuicen hadde nokon postitiv effekt, og fekk til svar at den var god for beina og for hjernen! Då var saken klar, ein froskejuice, takk. Frosken vart halshogd, flodd og sløyd, før den vart lagt i liquadoraen(blender). Der vart det tilsatt banan, honning, vatn med anis og noko mjølgreier. Og så vart alt blanda godt saman. Hu som tilberedte denne delikatessen, silte juicen og ga Helge Dagsland og meg kvart sitt glas med sugerøyr i.



Det er vel å ta hardt i at me tok det på styrten. Smaken var noko halvsøtt, at det i tilegg var lunka, gjorde ikkje opplevelsen bedre. Men me drakk nå. Me hadde med eget TV-team som dekka denne historiske begivenheten.

Vil du lesa meir om prosessen der dei laga juicen vår kan du sjå kva Helge har skrive:

http://heldags.blogspot.com/2008/03/advarsel-ikke-for-sarte-sjeler.html


torsdag, mars 20, 2008

Gjett kva denne gjengen seier?


Me var på vei frå generalforsamling til Arequipa, då me merka nokre merkelege lyder og vibrasjonar i bilen. Me hadde punktert. For å gjera ei halvlang historie litt kort: Kva trur du me sa når me fekk ein times stopp i ødemarken. SØREN!!!

Generalforsamling


Frå fredag til søndag var det generalforsamling i kyrkja. Den var i Mollendo, på kysten. Me var 7 mannfolk som låg i huset på ferieplassen desse dagane, der var det god stemning til langt på natt.
Det var interessant og kjekt å vera samla og høyra om arbeidet i kyrkja. Bra med folk, og det gjekk ikkje langt utover tidsskjema med forhandlingane. Det var litt få kandidatar til hovedstyret, så det vart åpna for benkeforslag, og to av dei kom inn. Han som eg kjenner best er Domingo, som er sonepastor(kretssekretær) i Juliaca. Han står heilt til høgre.

På søndag var det avslutning med festgudsteneste. Det var ei fin samling. På den vart dei seks første pastorane i kyrkja ordinert. Dei fekk spørsmål som dei måtte svara på, og så var det ei forbønnshandling for dei.

Før me vendte nasen heimover, fekk me ein utrulig god middag, sprøsteikt kylling. Mmm.

tirsdag, mars 18, 2008

Sjekk denne bloggen

Då er me tilbake i Juliaca, og det er godt. Eg la merke til eit festlig bilde av eit par i familien på denne bloggen: http://heldags.blogspot.com/2008/03/hyt-over-havet.html
Forfattaren av dette innlegget er på tur jorda rundt, og nå har han vore i Peru ei stund.

torsdag, mars 13, 2008

Konferanse




Ja, då har me hatt konferanse, og det var ei travel, men kjekk veka. Ungane hadde tema om påsken, og Silas fekk vera med på skulen. Frå nå av skal han gå mandag og fredag på førskule. På søndag etter kyrkjetid var det grilling og leik. Det tok heilt av når det dukka opp ein oppblåsbar rutsjebane.
Ellers var det besøk av Linkus frå Superblink.
På konferansen var det ein dag som vart via til strategi. Ellers var det besøk frå Norge og Danmark. Mykje god forkynnelse og interessant samtale om arbeidet.
Me som bur i Juliaca hadde ansvar for ein festkveld, med mykje god mat og fantastisk program og humor. Det tok heilt av:)
Nå reiser eg til kysten på generalforsamling i kyrkja, mens resten av familien blir i Arequipa.

mandag, mars 10, 2008

Tydelig kommunikasjon


Med dette bildet frå byen Matarani feirer eg innlegg nr 100 på bloggen. Og nå er det snart på tide med litt kommentarar. Trykk comments og skriv! Det er ikkje verre enn det.

søndag, mars 09, 2008

På ferieplassen




Nå har me kome til Arequipa og er i gang med misjonærkonferansen.

Frå sist fredag har me vore på ferieplassen og kost oss i varmen. Me har vore mest ved bassenget, men og fleire turar på stranda og ein dag i eit badeland. Me var i kyrkja i Mejia på søndag og der var det fullt hus, mange unge. Det var kjekt å sjå.

David, Peter og Silas fann ut at dei skulle ligga under åpen himmel ei natt, så det gjorde dei. Me var saman med ein dansk familie, og det var koselig. Me grilla eit par dagar og var ute og åt ein dag. Ei god veka for oss alle.

fredag, februar 29, 2008

Ferie og konferanse


Nå er me klar for litt ferie igjen. David, Peter og Solveig er alt på ferieplassen på svømmeveka med skulen, og nå reiser me og. Me skal ha ei veka ferie der, så er det misjonærkonferanse i Arequipa, og så skal eg vera med på generalforsamling i kyrkja før me reiser til Juliaca igjen.

Norske nyheter

I dag kjøpte eg lokalavisa her i Juliaca. Der står det stort sett om ting som skjer i Juliaca og i Puno fylke. Men dei har jo litt internasjonale nyheter og. Likevel vart eg ikkje lite overraska då eg fann ein sak om Norge midt inni lokalavisa mi. Det var om det enorma frølageret som dei har åpna på Svalbard. Viss alt såkornet har forsvunne, lurer eg på kor mange det er igjen her på jorda. Og eg lurer ennå meir på om dei kjem på å leita under jorda på Svalbard etter nytt såkorn? Men det er nå berre mi undring, utan at eg har lest alt om grunnen til å ha eit slikt lager.

Her kan dokke lesa kva dei skreiv om det i avisa vår.

tirsdag, februar 26, 2008

To turar

Denne veka har eg vore på to turar. Ein dagstur og ein helgetur.
På onsdag var eg saman med sonepastoren(kretssekretæren) Domingo til eit par plasser, Vilqechico og Huancané. Me besøkte forskjellige folk. I Huancané besøkte me ein av naboane til kyrkja, og fekk ein fin samtale med han, der me fekk dela nokre bibelvers saman med han. Han sa at han ønska å bli ein kristen, men han hadde nokre plikter i samfunnet som hindra han i å koma nå.

Me traff og ei ung jenta som har kome i kyrkja vår, men som ikkje kjem lenger, for hu får ikkje lov av foreldra. Det var trist å høyra.


På fredag reiste eg til Crucero. Der hadde dei bedt om nokre bibeltimar om samfunn og gode relasjonar mellom dei kristne. På laurdag formiddag hadde me 3 bibeltimar. Eg vart nødt til å ta ein pause i undervisninga, for det kom ei kraftig haglbøya, og når taket er av bølgeblikk, blir det litt av eit leven.

Om kvelden viste me film om den bortkomne sonen.

Crucero var ein gang den største lokalkyrkja i den nasjonale kyrkja, men nå er det svært få som kjem. Be om at dei som har gått før, må koma tilbake og at nye kan bli vunne for Jesus i Crucero. Dei har nettopp fått ny pastor, han heiter Ricardo. Be og om at han må få det han treng for å nå folket i Crucero med evangeliet.


På søndag var eg på gudsteneste i ei kyrkja oppe i ei li utforbi Crucero. Me måtte kryssa ei elv for å koma fram, så då følte eg meg som ein ekta misjonær. Det var ikkje mange sjelene der heller, men dei treng mat likevel:)

På veggen utforbi kyrkja hang ein hakkespett til skrekk og advarsel. Den hadde hakka hål i kyrkja. Det var ikkje populært, så den fekk som fortent.

Kva vei køyrer denne?

Klarer du å finna ut kva vei denne køyrer?

tirsdag, februar 19, 2008

Traktoren er reparert


For nokre månadar sidan knakk noko av styringa på trøtraktoren til Silas. Det er litt langt til Felleskjøpet herfrå, og eg hadde mine tvil om me klarte å fiksa den. Men så leverte me den til ein sykkelreperatør på gata her, og på kort tid var den god som ny. Silas har trødd og kosa seg, og i går var eg med han på sykkeltur med ostepop som nista. Det slo an.

torsdag, februar 14, 2008

Kva trur folk på i Juliaca?

Fjellet der Cristo Blanco står



I dag var eg og to andre ein tur opp på Cristo Blanco(Kristus-statue som står på eit fjell rett ved der me bur).

Eg spurde ein me traff der oppe om kva dei trur på. Han kalla seg katolikk, men var ikkje aktiv i kyrkja. Han ofra gjerne til Moder Jord for at det skulle gå han godt. Me spurde kva forhold han hadde til Bibelen. Den las han ikkje, der var det så mykje snakk om straff viss han gjorde noko galt. Han trudde ikkje det var Guds Ord. Han fortalde mange interessante ting om kva han trudde på, f.eks at dei går på gravplassen 1. og 2. november med mat som den døde likte, for at den døde skal hjelpa dei. Men og av redsel for at den døde skal plaga dei.

Når me hadde snakka med han ei stund, kom det eit følge oppover. Dei bar på forskjellig, og han fortalde at nå skal dei ofra til fjellguden. Ein mann som var med dei, var ein trollmann som skulle hjelpa dei med å ofra på rett måte.

Når dei hadde begynt å rigga seg til eit lite stykke nedfor Cristo Blanco, gjekk eg ned å spurde om det var greit at eg tok bilde av dei. Det fekk eg lov til. Så spurde eg dei kva dei gjorde, og kvifor dei gjorde det. Dei svara at dei ofra forskjellige ting til fjellguden for at det skulle gå bra med forretningen deira. Fire ganger i året ofra dei. Og viss dei ikkje gjorde det, kunne det gå galt med dei.

Me fekk litt innblikk i hedenskapet rett utforbi døra vår. Folket her treng å høyra om Han som har ofra seg sjølv for at me skulle få evig liv. Dei bruker mykje penger på å tilfredstilla ein gud som ikkje er nokon gud, og så veit dei ikkje om at det er gratis å bli barn av den einaste sanne Gud. Prisen er betalt for alle. Den som tar imot Jesus får alt for ingenting.

Ofring til fjellguden

onsdag, februar 06, 2008

Hønsehoder




Nå når Bamse har flytta, var det tid til å fylla på med andre dyr. Så nå har me fått 8 halvstore kyllingar. Og fleire dyr er bestilt. Følg med på kva som kjem i neste episode av Hovda dyrepark.

mandag, februar 04, 2008

Heile bygda på møte




På fredag var eg tidlig oppe. Klokka fem ringte mobilen første gang. Ti over var eg klar til å stå opp. Eg skulle til ei bygd i Moho sone heilt inne ved Bolivia-grensa, som heiter Llaulli. Me var full bil innover, to norske diakonistudentar som har praksis her, ein ung mann som går i Staffelsgate, som og har praksis her, og ei ung dame som er på besøk hos lærerane våre. Me køyrde først 5-6 mil på asfalt, så var det mykje dårlig vei etter det. Eg køyrde litt forsiktig, for me hadde me oss ei svær harpa som eg frakta for sonepastoren i Moho.

I Moho lessa me av harpa og litt bagasje, og tok med oss sonepastor Gregorio. Så var det å køyra ein time til på ennå dårligare vei. Det rista godt, og det var til tider store sorpehol i veien. Men me kom fram, og møtet skulle vera ute på bakken utforbi huset til ein av lederane i bygda. Når me kom var det ikkje så mange folk, men det seig på etter kvart. Dei heldt på å koka suppa når me kom, i nokre svære gryter. Det er ikkje så mykje tre der, så dei fyrte med tørka kuskit.

Etter kvart begynte møtet, og me sang ein del. Eg tala, og Gregorio tolka til aymara. Mange av dei som var der, går ikkje i kyrkja. Det var kjekt å tala til så mange som me aldri når med dei vanlige møtene våre. Eg prøvte å peika på Jesus som den einaste som kan frelsa oss og gi oss evig liv.

Etter møtet var det mat. Me fekk chuño og god suppa. Det vart og servert brus. Det var nok av brus, men bare tre glas. Dei vart sendt videre etter bruk.

Når me hadde ete, fann me ut at me ville ta ein rask tur til utlandet. Denne bygda ligg som ei halvøy inn i Bolivia. Den har Bolivia-grensa på tre kantar. Me køyrde nokre meter over grensa og gjekk opp til ein grensestolpe før me hompa tilbake til Moho.

torsdag, januar 31, 2008

Bamse sin nye heim





Bamse har vore litt voldsom i det siste, og me har blitt enige om at me ikkje ville ha han meir. Me tenkte å ta livet av han, men så var det nokre venner av oss som ville ha han. Dei har gard rett utforbi Juliaca.

På søndag var me invitert ut til dei, og då tok me med oss Bamse. På garden var det mange forskjellige dyr, og ungane storkoste seg.

Me fekk god mat. Først ei suppa, med avkappa sauetarmar i. Brith-Jorunn sleit litt med det, men hadde heldigvis Mika på fanget, og han tygde og tygde. Dei store gutane lurte litt på kva dette var, og Brith-Jorunn sa det er noko som er inne i sauen. "Det ser ut som tarmar" seier David. Og litt etterpå: "Smak Peter, det var godt." Etter suppa fekk me eit skikkelig kjøtstykke, poteter og chuño(fryseørka potet).

Ungane var rundt og klappa dei forskjellige dyra, rei på esel og kalv, og prøvte å melka. Så var det volleyballkamp.

Dei me besøkte, var foreldra til Juana, Marcos og Alex, som eg skreiv om for ei stund sidan.

Når me skulle reisa, var det nokre som syntes det var litt trist at Bamse skulle vera igjen, men han har mange å leika med.

søndag, januar 27, 2008

Kappgang

Nå har me to stk her i huset som trener veldig på å spasera. Solveig har trent ei stund, men Mika har bare tenkt ut korleis han skal gå. Men nå er dei så fornøgde begge to når dei går nokre steg.




onsdag, januar 23, 2008

På tide med justering av hjulstilling???


Tilbake i Juliaca



Det var godt å koma heim til Juliaca etter ferie på kysten og i Arequipa. I løpet av dei første vekene i januar hadde me fått mange julekort, det var kjekt. Takk til dokke som sende oss ei helsing i post eller på mail. Det set me stor pris på.


På måndag begynte eg som lærar på bieblskulen. Underviser 11 ungdommar i kva Bibelen seier om tilgivelse. Det er ein fin gjeng, som gir respons og kjem med til tider vanskelige spørsmål.
På ettermiddagen er det tid for idrett. Dei har turneringar i volleyball og fotball.

I går fekk me 3 pakkar som me har venta leeeeeeeenge på. Dei hadde brukt nesten to mnd på reisa. Det er ikkje langt i frå at jula varer heilt til påske dette året. Men me er glade dei kom fram! Mykje godt og kjekt. I går sat eg oppe til langt på kveld og las Autofil.
Full konsentrasjon i fotballspel

onsdag, januar 16, 2008

Sol og sommar





Nå har me hatt ei herlig veka i varmen på ferieplassen vår. Me har bada i basseng, vore på stranda, i eit badeland med nok av rutsjebanar, brunne bål, spela spel og kosa oss i varmen. Ungane har knapt nok vore på land i løpet av veka. Det har vore hopping, stuping, surfing og plasking i ett kjør. Fleire av oss var litt halvsjuke i løpet av veka, men det klarte ikkje å ødelegga ein flott ferie.

Me var saman med fam Monsen, og fam Herigstad var på besøk i helga. Me var og å besøkte Inger Johanne i Mollendo. Hu stilte med mykje snadder til kaffien.

Etter ei veka der har me nå tatt turen til Arequipa. Og aldri har me opplevd denne byen surare
enn nå. Regn og grått, halvkaldt og surt.

mandag, januar 07, 2008

Julekveld i januar


I går kom to av pakkane frå Norge med julepresangar og godsaker. Ungane var enige om at me måtte spara pakkane til kvelden, så vart denne laurdagskvelden ein ekstra julekveld. Silas meinte me burde finna fram juletreet igjen, men det forslaget vart nedstemt. Men med pakkar og norsk snop vart det ein fest.


I morgon reiser me til ferieplassen ved Stillehavet og nyt sommaren ei veka. Med basseng i hagen og utsikt mot havet er det ein god kvileplass. Etter den veka skal me vera ei lita veka i Arequipa før me reiser heim. Så det blir nok ei stund til neste innlegg på bloggen.