tirsdag, oktober 27, 2009

Misti

Dette fjellet har me sett på i årevis. Nå var det på tide å gå.Bilde av Misti i august,nå er det ikkje snø


Den siste tida har det vore mykje reising. Me har vore ein tur i Tacna, der me traff mange venner frå tida då me budde der(00-01). Det var fine dagar.

Då me kom opp til Arequipa igjen, var det tid for fjelltur. David, Peter og eg hadde planlagt å prøva å koma opp på vulkanen Misti. Det hadde Robert og sønner, to brødre av Randi som var på besøk, og Erlend og. Me hadde og spurt ein som hadde gått før(Roberto) om å vera med oss.

Me vart henta av guidane våre fredag kl 8, så køyrde me eit stykke oppover. Der veien slutta var det på med sekkene, og ta beina fatt. Me steig ca 1000 m på 6 timar, og det var nok med sekken lasta med mat, drikke, klær og sovepose. Men me kom godt fram til leirplassen, me fin utsikt utover Arequipa. Telta vart satt opp, og me fekk middag som besto av spaghetti, kethup og ein dæsj tunfisk.

Når sola gjekk ned, var det ikkje lenge før me låg i soveposen.

Ca 2.30 vart me vekka til ein heller tynn frukost, fint brød med syltetøy, og ein kopp te. Me tok på oss ein lettare sekk, og tok fatt på dei siste 1400 metrane mot toppen av Misti. Nokre sleit litt med høyden, men 8 av 10 nådde toppen.

Det mest imponerande var at alle gutane klarte å koma seg opp. Dei siste bakkane vart det behov for ein del pausar, men me kom oss opp på 5825 m.o.h.

Det var flott å stå der oppe, å sjå ned på Arequipa, og sjå ned i krateret på vulkanen.

Tilbaketuren gjekk så det susa, det var nesten som å stå på ski nedover den lause sanden.

Sjå meir om Misti tur på bloggane til Mulelid og Erlend og Elise.

Etter Misti-turen hadde me ein liten konferanse før me reiste til Bolivia, men det gidd eg ikkje skriva meir om nå.








Yes, me nådde toppen!


6 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer gutar!Det var kjempegodt gjort.Eg lurer på om eg hadde klart det. Det måtte vært nifst å sjå nedi krateret.Klem frå bestå.

Trygve sa...

Fantastisk! Gratulerer til alle!

Unknown sa...

tenk hadde dokke dotte ner


Joakim

Inger Lise sa...

Jammen e dåkke någen spreke karar alle 3

Eli-Anne sa...

Gratulerar! Det er ein stor bragd!!

nina sa...

Ja artig.
bra at dere greide det, jeg hadde sikkert ikke greid.
KNUT.