mandag, november 02, 2009

Eit par Boliviaturar

Bak muren i bakgrunne er CLET og SETELA i Sucre

For ca ein månad sidan, fekk eg muligheten til å ha ei lita møteveka i Bolivia. Det var kjekt for ein gammal emmisær. Eg var på SETELA i Sucre, og hadde møter frå tysdag til fredag. Det var kjekt å bli litt kjent med studentane frå Peru, Bolivia og Ecuador som snart er ferdige med 3-års teologisk utdanning. Det var åpent og godt å tala.
Eg fekk bu hos familien Eggebø, og der hadde eg det godt. Kjekt å bli kjent med dokke, store og mindre!
På ferieplassen i Cochabamba
Verden største Kristus-statueNattbuss

Den 21.oktober begynte den store folkevandringen. Etter eit par dagar med møter og strategi-tenking i Arequipa, satte heile misjonærflokken i Peru seg i bevegelse mot Bolivia. Første stopp var Juliaca, der alle vart innlosjert etter alle kunstens reglar. Neste morgon var det tidlig opp, og på tidenes busstur. Me starta frå Juliaca 7 om morgonen, og var framme i Cochabamba midnatt. Det var som ei Norges-reis, men humøret var strålande, og me var på ein koseleg plass.

Me fekk møta misjonærane i Bolivia, og ein del av oss sat ein del timar i styremøter. Skulen hadde opplegg, og nokre kosa seg med ungane og i byen.

Det var ein flott tur, på heimveien tok me nattbuss til La Paz, og var ein dag i La Paz før me reiste heim. Og då var me veldig klar for ein kvardag.

2 kommentarer:

Snekkerfrue sa...

Heisann alle sammen!
D va så kjekt å ver me dåkke ALLE t Bolivia! Ein spennande tur=) Håbe at alle he d fint og at Liv Elise og Margunn oppføre seg fint!?=) Me kose åkke iallefall her i Arequipa, alle e så goe og greie=)
Hels t alle kjekke onga og fine voksne!! Klem frå Dagny Irene og Ingunn!

Anonym sa...

Det såg ut som de hadde ein kjekk tur til Bolivia.Og så heile misjonærflokken, det var nok ekstra kjekt.Eg likte nok best det fina bilde av Mika og Solveig,-fornøyelig ansiktuttrykk.
Mamma Solveig