mandag, oktober 19, 2009

Jubilant

Slik ser eg ut som 40-åring!

Erlend og Robert i storslag
Mykje snadder
Besøk frå Norge og Cusco, i tillegg til Juliaca-folket
Me grilla i hagen

Nå har det vore bloggtørke ei stund, men det har skjedd mykje kjekt. Eg skal prøva å blogga litt jevnt og trutt om forskjellig kjekt me har opplevd i det sista.
Ein stor begivenhet har blitt forbigått i stillhet. Eg har blitt 40!
Dagen vart feira litt før dagen saman med Juliaca-gjengen pluss besøk frå Norge. Me grilla både lenge og vel, og så hadde me kaffi og saftige kaker som var frakta heilt frå Arequipa for anledningen.
Dagen før dagen fekk eg beskjed av Brith-Jorunn at eg måtte vera klar kl 13, og då tok hu meg med på eit fint hotel i Puno, der me kosa oss med god mat, spa og tur.
Me kom heim til ungane til middag, då var det pakkar og kos, og så hadde me pizza til kvelds. Jubilanten var storarta fornøgd med feiringa, og er i sitt livs form(sjå blogginnlegg som kjem snart)Utsikt frå hotell-rommet Kaka til frukost!

5 kommentarer:

Marit og Leif Thingbø sa...

Me i katesh synes du er ein storartet 40 åring. Dessuten har du ei fantastiske kåna....som spanderte alt det derre på deg. Lenge leve heimen og ekteskapet og 40 åringar....og femti.....klem fra Tanzania

Anonym sa...

Dette går faretruande raskt mot 50 vil nå eg seie. Er det farten du feirer? Ellers godt å sjå at alle er glade og fornøyde med den lekre jubilanten.

olav

Anonym sa...

Gjengen på Lye gratulerer så mykje. Me prøvde å få tak i deg på dagen, men det lukkast ikkje... det ser ut som om du har hatt ei hyggeleg feiring. Sko gjerne feira saman med deg..Hels heile gjengen frå oss

Anonym sa...

gratulera masse me øvestått, sverre

Inger Lise sa...

Du holde deg godt, lika vakker som alltid