onsdag, august 13, 2008
Silas skulegutt
I dag var det første skueldag her i Peru, og alle var samla på skulen i Arequipa. For Silas var det ein spennande dag, første skuledag. Det var tre førsteklassingar, bare gutar. To skal gå i Juliaca og ein i Arequipa. Det var bare ein lærar igjen frå sist skuleår, så det var nok ikkje bare Silas som var spent på oppstarten. Virker til å vera ein flott lærargjeng, for ikkje å snakka om elevgjeng. Dette året er det 19 elevar på den norske skulen i Peru, 12 av dei bur i Juliaca.
Brith-Jorunn sa til Silas at i morgon trengte han ikkje å gå på skulen, men då vart han noko oppøst heilt til hu sa det var ein spøk.
Det var stas å begynna på skulen, det syntes dei store gutane og.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Endelig begynne på skulen Silas, nå sleppe du å ver heima i kjeda deg. Ser ud som du har funnet deg någen goe kompisa og.
Gratulera Silas, håpe du får det kjekt på skulen!!! Ingvild begynte og på skulen på mandag, det va kjekt og spennande. Hu syns at di får altfor lite lekser ;(
Så kjekt Silas at nå har du óg begynt på skulen!!!
Nå lengte eg veldig etter dåkke, men nå e det 1 år te dåkke komme hjem på ferie - det glede me oss veldig te!
Stor klem te deg!
Legg inn en kommentar