mandag, mai 05, 2008

Folkefest i Juliaca













Her er det ein som får velsigna ein trailer

På fredag var me oppe i åsen i nærheten der me bur. Den heiter 3 de Mayo(3.mai) og det var fullt av folk der. Dei kjøper miniatyrting som dei får velsigna, og så trur dei at dei får dette i løpet av året, MEN bare viss dei har sterk nok tru. Brith-Jorunn snakka med ein del folk, og prøvte å sei at dette var bedrag og ikkje rett ifølge Bibelen. Men ho vart berre trist og frustrert for dei trur dei har Bibelen med på det dei gjer. Dette viser bare litt av den enorme samanblandinga det er mellom katolisisme og fedretrua. Det er vel og den store utfordringa me står i her. Her er fokuset på alt dei sjølv må gjera, og dei kjenner ikkje Bibelens ord som gir kvile i evangeliet.

3.mai er dagen for kors-festen, og på denne åsen er det masse kors. Men korset er bare eit magisk symbol for dei. Dei kjenner ikkje Jesus som døydde på korset, og veit ikkje at ”all åndelig velsignelse er i Han”.
Det er trist å sjå folkemengden som prøver alt dei kan å tru nok for å få del i den materielle velsignelsen, og så forholdsvis få som kjem til våre kyrkjer og får høyra om han som frelser og velsigner utan å ta betaling for det. Slike gonger kan ein drømma om å ropa ut sanninga gjenom store høgtalarar…….men då hadde me nok vorte kjeppjaga.
Litt mismodige går me ned frå åsen med bibelens ord i tankane: ”Kjente dei Guds gåve og visste dei kven Jesus er då hadde dei bedt han…..” Men visst har me mykje å gleda oss over om det til tider kan virka litt håplaust. Det er stort at me i kveld skal ha bibelstudie med 4 ungdommar der berre ei av dei kjenner Jesus. Det er stort at me får vera her…..bruk oss Jesus.













Åsen var full av folk

1 kommentar:

Anonym sa...

Hadde det vore meg, så hadde eg velsigna en Polaris Predator 500ccm, eller kansje ei mekkebod he he ;)