søndag, mars 09, 2008

På ferieplassen




Nå har me kome til Arequipa og er i gang med misjonærkonferansen.

Frå sist fredag har me vore på ferieplassen og kost oss i varmen. Me har vore mest ved bassenget, men og fleire turar på stranda og ein dag i eit badeland. Me var i kyrkja i Mejia på søndag og der var det fullt hus, mange unge. Det var kjekt å sjå.

David, Peter og Silas fann ut at dei skulle ligga under åpen himmel ei natt, så det gjorde dei. Me var saman med ein dansk familie, og det var koselig. Me grilla eit par dagar og var ute og åt ein dag. Ei god veka for oss alle.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei! Det hørtes jammen kjekt ut. Eg fekk også lyst til å sove under open himmel... Blir nok ei stund til me kan gjere det same i Norge. Helsing tante Elin som er på Fogn for tida med Gunnar