søndag, mars 30, 2008

Fleire folk til Juliaca



Denne veka har ein ny misjonærfamilie flytta til Juliaca. Det er familien Hamre. Dei kom på torsdag, og bur eit par kvartal frå oss. På fredag hadde me velkomst for dei på skulen, med kake, brus og kaffi. Skulen har blitt fordobla sidan før påske, frå fira til 8 gutar. Iallefall på mandag og fredag, for då er Silas på førskule. Familien Hamre har 4 gutar, tre av dei går på skulen, og minstemann er like gammal som Solveig. På søndag kjem Jeanette og til Juliaca, hu er lærar.

David er glad for å ha ein klassekamerat, han heiter Magnus.

2 kommentarer:

anita sa...

heia,det var kjekt å høyra at det kjem fleire norska ner te dokke. tenke mykje på dokke. her på helleland e lemmingå i fodle gang, vente nå på vårver .Klems og tanker frå osse.

Anonym sa...

Hei David. Anne Kristine Tengesdal sa at eg måtte gå inn på bloggen og sjå deg. Gildt å sjå deg igjen. Saknar deg i klassen. Håpar du har det bra i Peru. Hilsen Christoffer i klassen på Motland.