mandag, desember 24, 2007

God Jul

Felles gudsteneste under tak av presenning

Nå er det seint på vesle julafta, og me har vore på felles gudsteneste for alle kyrkjene i Juliaca i dag. Me var samla på CLET(bibelskulen) og det var masse folk. Me var ute, og dei hadde lagt tak av presenning over. Eg tala, og mange søndagskular hadde innslag. Det var både sang, dikt og juleopptrinn. Til slutt var det kakao og boller.

I morgon skal me eta graut saman med alle norske som bur her, om kvelden skal me vera saman med Elisabeth og søstera Unni som er på besøk.


Me vil ønska alle dokke som les ei god julehøgtid.

Ein av søndagskulane som hadde opptrinn

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hallo Peter. ønske dåkke en god jul. Har du ikkje fått pakken enda? Her er d nesten sju grade og ikkje julesnø. Nå ser mæg å Lise Og Tollef julefilm, åsså ska me te Undheim i kyrkja ittepå. Glede meg mest te ikveld. Snakkes!

Anonym sa...

Hei hei.Eg venter på paken.Men i dag er det jo julaften.Håper du får nokkon fine pakar.Klem frå Peter god jul.

Her er det god stemning, men me er ikkje heilt fornøgde med postvesenet i Peru. Me venter på 5-6 pakkar, og har ein mistanke om at dei stopper opp i Lima. Me har eit lite håp om å få nokon i dag, men det bli nok fleire julekveldar i Peru! Det er så koselig med kommentarane frå dokke.
Sverre