mandag, desember 10, 2007

Såra sjel i Crucero



Denne veka var eg ein tur i Crucero, og då skreiv eg dette:

Nå sit eg i Crucero, 20 mil frå Juliaca og over 4000 m.o.h. Eg har prøvt å få tak i lederane i kyrkja her, ved å ringa og senda e-post. Men eg har ikkje fått kontakt. Så då reiste eg bare, og i ettermiddag har me hatt ei fint møte. Eg har fått høyra korleis det står til her, og fått eit inntrykk av korleis eg best kan gjera nytte for meg her framover.

Men før dette møtet, var eg ute å kjøpte vatn og sukker. I butikken kom eg i snakk med hu som selde. Eg sa at eg jobber i den evangeliske lutherske kyrkja her. Så spurde eg om hu gjekk i kyrkja. Då fekk eg høyra ei trist historie frå ei såra sjel. Hu hadde gått i kyrkja, og hadde hatt eit ønske om å reisa til andre plasser med evangeliet, slik som dei enslige misjonærane hu hadde blitt kjent med. Hu ville ofra tanken på familie og barn for å tena Jesus.

Men slik gjekk det ikkje. Hu og eit par andre enslige jenter song saman, og dei song fint. Dette gjorde at nokre av dei gifte damene vart sjalu på oppmerksomheten desse syngande jentene fekk. Dei vart nærmast trua til å slutta, og det vart satt ut usanne rykter om dei.
Dei hadde hatt så lyst å spela inn kassett, men det vart ikkje noko av. På grunn av det dei opplevde i kyrkja, slutta dei å gå.

Men eg ville gjerne vera trufast mot Jesus, men nå er det lenge sidan eg gjekk i kyrkja. Og når eg prøvte å gå ein gang, følte eg meg som eit rart dyr, dei såg berre på meg.

Eg vart så trist når eg høyrde denne historia, fortalt med tårer i augene.

Det er mange som har slutta å gå i kyrkja her, av forskjellige grunnar. Vil dokke vera med å be om at dei kan få ordna opp i ting her, og at kyrkja kan fyllast igjen.
Og at dei som kjem til kyrkja, føler seg velkomne dit!


Misjonsstasjonen i Crucero (einaste misjonen har bygd i Peru)

1 kommentar:

Mona og Geirmund Monsen sa...

Flott at du e i gang og tok turen! Me e me i bønn for Crucero.
Geirmund