lørdag, desember 08, 2007

Bønnebarn i Tacna

Frå venstre Ronald, Richard og Daisy

Før me reiste til Norge i sist periode, vart me kjent med ei dame som heite Julia. Første gang eg traff hu, reiste me opp til huset der hu budde, for hu ønska å bli døypt. Me fortalte kva Jesus hadde gjort for hu, og spurte om hu ville ta imot Jesus som sin frelsar. Det ville hu, og så vart hu døypt. Grunnen til at me gjorde det så raskt, var at hu var alvorlig sjuk. Vanligvis tar folk eit medlemskapskurs før dei kan bli døypt eller tatt opp som medlemmer.

Etter denne kontakten, fekk spesielt Brith-Jorunn mykje med Julia å gjera. Hu var med å hjalp hu til å få smertestillande medisiner, og hjalp til med det dei trengte. Mannen hennar heiter Carlos og så hadde dei tre barn på 6, 8 og 10 år. Me fekk så vondt av desse tre som såg mora si bli sjukare og sjukare.

Me reiste til Norge i juni 2001, og når me kom heim fekk me beskjed om Julia hadde og reist ”heim” til himmelen. Det var med blanda følelsar me mottok den beskjeden. Lettelse for at hu slapp å lida meir, glede for at hu fekk del i det evige livet. Men og bekymring for dei som mista mor si. Mange i Norge fekk høyra om Richard, Ronald og Daisy, og dei fekk mange forbederar.

Det var spesielt sist søndag, når me køyrde opp i Ciudad Nueva i Tacna og prøvte å finna igjen huset der dei budde. Der var dei, alle tre. Faren køyer taxi, så han kom så fort han kunne. Han hadde ei ny kone og ein liten gut til. Det såg ut som dei hadde det godt.

Men etter kvart kom det fram at eldste guten, Richard, har kome i dårlig lag, og har blitt utvist frå skulen p.g.a. slåssing.

Me hadde med oss nokre venner frå Tacna, som skulle prøva å ordna det slik at han fekk fortsetta på skulen.






1 kommentar:

Anonym sa...

hei peter, fekk han gutten gå på skulen? He du fått pakken min nå?