tirsdag, oktober 27, 2009

Misti

Dette fjellet har me sett på i årevis. Nå var det på tide å gå.Bilde av Misti i august,nå er det ikkje snø


Den siste tida har det vore mykje reising. Me har vore ein tur i Tacna, der me traff mange venner frå tida då me budde der(00-01). Det var fine dagar.

Då me kom opp til Arequipa igjen, var det tid for fjelltur. David, Peter og eg hadde planlagt å prøva å koma opp på vulkanen Misti. Det hadde Robert og sønner, to brødre av Randi som var på besøk, og Erlend og. Me hadde og spurt ein som hadde gått før(Roberto) om å vera med oss.

Me vart henta av guidane våre fredag kl 8, så køyrde me eit stykke oppover. Der veien slutta var det på med sekkene, og ta beina fatt. Me steig ca 1000 m på 6 timar, og det var nok med sekken lasta med mat, drikke, klær og sovepose. Men me kom godt fram til leirplassen, me fin utsikt utover Arequipa. Telta vart satt opp, og me fekk middag som besto av spaghetti, kethup og ein dæsj tunfisk.

Når sola gjekk ned, var det ikkje lenge før me låg i soveposen.

Ca 2.30 vart me vekka til ein heller tynn frukost, fint brød med syltetøy, og ein kopp te. Me tok på oss ein lettare sekk, og tok fatt på dei siste 1400 metrane mot toppen av Misti. Nokre sleit litt med høyden, men 8 av 10 nådde toppen.

Det mest imponerande var at alle gutane klarte å koma seg opp. Dei siste bakkane vart det behov for ein del pausar, men me kom oss opp på 5825 m.o.h.

Det var flott å stå der oppe, å sjå ned på Arequipa, og sjå ned i krateret på vulkanen.

Tilbaketuren gjekk så det susa, det var nesten som å stå på ski nedover den lause sanden.

Sjå meir om Misti tur på bloggane til Mulelid og Erlend og Elise.

Etter Misti-turen hadde me ein liten konferanse før me reiste til Bolivia, men det gidd eg ikkje skriva meir om nå.








Yes, me nådde toppen!


mandag, oktober 19, 2009

Jubilant

Slik ser eg ut som 40-åring!

Erlend og Robert i storslag
Mykje snadder
Besøk frå Norge og Cusco, i tillegg til Juliaca-folket
Me grilla i hagen

Nå har det vore bloggtørke ei stund, men det har skjedd mykje kjekt. Eg skal prøva å blogga litt jevnt og trutt om forskjellig kjekt me har opplevd i det sista.
Ein stor begivenhet har blitt forbigått i stillhet. Eg har blitt 40!
Dagen vart feira litt før dagen saman med Juliaca-gjengen pluss besøk frå Norge. Me grilla både lenge og vel, og så hadde me kaffi og saftige kaker som var frakta heilt frå Arequipa for anledningen.
Dagen før dagen fekk eg beskjed av Brith-Jorunn at eg måtte vera klar kl 13, og då tok hu meg med på eit fint hotel i Puno, der me kosa oss med god mat, spa og tur.
Me kom heim til ungane til middag, då var det pakkar og kos, og så hadde me pizza til kvelds. Jubilanten var storarta fornøgd med feiringa, og er i sitt livs form(sjå blogginnlegg som kjem snart)Utsikt frå hotell-rommet Kaka til frukost!

mandag, september 28, 2009

Fullt hus i Azangaro



Dette vart ein gledens dag. Me har vore over eit år i Azangaro, og det har ikkje vore mange som har kome på møtene me har hatt kl 10. Men nokre har alltid kome.
Ei stund har me tenkt på å prøva med ettermiddagsmøte, sidan det er torgdag på søndagane og mange er svært opptatt med kjøp og salg om morgonen.
I dag begynte me med møte kl 15.30, og kyrkja vart full av barn og vaksne. Me hadde med oss eit par ungdommar som hadde dukketeater, og som hjalp oss med musikken.
Det var så utrulig kjekt å sjå at kyrkja vart full. Hu dama som me leiger hos, gjekk å henta ein ekstra benk, slik at alle skulle få sitja.
Nå håper me og be om at dei som kom i dag, vil koma igjen, og at Guds Ord kan få gjera sin gjerning i hjertene deira.

Mika syntes møte drog ut, og fann ein triciclo han kunne setta seg i

onsdag, september 23, 2009

Leik, moro, knall og fall


Solveig og Mika har mykje moro saman. Noko som er populært er å sjå seg sjølv i speilet, og synga eller gjer grimaser.

Etter middag tar ofte Juanan dei med til skulen der dei leiker ute, med dissa, rutsjebane og vipper.
I dag var det kappspringing på eit fortau, og Mika var litt uheldig. Han datt og kutta handa si på ei blikkplata. Me måtte ennå ein gang til stam-sjukehuset vårt, og han måtte sy tre sting.

mandag, september 14, 2009

Skulen i Juliaca

Les om livet på den norske skulen i Juliaca på Mulelid sin blogg. Klikk her.

søndag, september 13, 2009

Lampa




I dag tok heile Juliaca-gjengen seg ein tur til Lampa. Då me kom fram, tenkte me å sjå den gamle kyrkja der, men den åpna ikkje før 14.30. Då tok me turen ned til elva, og hadde kaffi og nista der. Nokre damer hadde trøbåtar det gjekk an å leiga, og me tok oss ein liten tur på elva i dei.
Så var det tid for å sjå kyrkja. Den var ferdig i 1685, og bygd på ein plass som var ein hellig plass for folk i Ccolla-kulturen(pre-inca). Fleire ting i kyrkja var kome frå Roma. Me var nede i nokre katakomber, der det var ein del hodeskallar. Folk ofrer til dei for å få kontakt med dei døde.
Til slutt kom me til eit slags gravkammer, der det var ein mengde hodeskallar og ein heil del komplette skjelett. Noko spesielt, og ganske ekkelt, som Silas sa.
På vei heim var me innom ein liten innsjø, og såg på flamingoar og åt litt snadder. Ein fin tur.



fredag, september 11, 2009

Travel veka

Illustrasjonsbilde: Til v. kyrkja i Crucero, til h. skulen "Siervos de Dios"

Den siste veka har det skjedd mykje. Brith-Jorunn og Randi reiste til Cusco på dameleir sist torsdag. Der var dei samla 120-30 damer, og budde på ein fin plass i utkanten av Cusco. Bussturen heim på søndagskvelden vart ikkje heilt etter planen. Bussen stoppa kvar halvtime for å fylla diesel. Dei rekna med å vera heima 9-10 tida, men kom ikkje før det nærma seg midnatt.

Brith-Jorunn vart kjent med eit ektepar frå Israel på bussen. Dei var så koselige at dei tok hu med heim! Sidan bussen kom så seint til Juliaca, var det ikkje så lett å reisa videre til Puno. Utruleg kjekke folk, me vart sitjande å snakka med dei til langt på natt. Ikkje heilt lett å snakka engelsk, men det gjekk an.

Når damene var i Cusco, arrangerte med fedre Playstation-kveld og filmkveld. Fin helg.

Mandag reiste eg til Crucero for å feira 24-års dagen til kyrkja der. Det var bra med folk og skikkelig feiring. Møte mandag kveld og tysdag formiddag. Eg fekk og med meg ein volleyballkamp og ein fotballkamp.

Dei to siste dagane har eg vore på møte i CTP(kyrkja si lærenemd).

Ellers kan eg opplysa om at David sin hamster-hann har fått 8 ungar for ei stund sidan, men nå er det 3 igjen. Trur ikkje eg går nærmare inn på kor dei 5 andre er…

Eg har hatt fotoapparatet mitt på service, så eg har ikkje så mange bilder å visa, men eg kjem sterkare tilbake ein annan gang.

fredag, september 04, 2009

Gamle dagar




Eg har sendt foto-apparatet mitt til Arequipa for rens, så eg har ikkje nokre ferske bilder å visa. Så då får det bli eit par frå gamle dagar.

tirsdag, august 25, 2009

Lynet slo ned


Her oppe på høgfjellet har dei stor respekt for lynet. Viss lynet slår ned i eit hus, er det eit teikn på at gudane vil straffa dei. Då må dei ofra til Moder Jord.
Ein ledar i ei kyrkja på landsbygda her opplevde at lynet slo ned i gardsplassen mellom husa hans. Han spurde om me kunne koma på besøk for å be for heimen hans. Me reiste ut og hadde eit møte der me snakka om at Bibelen ikkje lover oss at me skal bli fri frå alt som kan skremma oss, men at Han er med oss gjennom alt som kan henda.
Så samla familien seg og me ba om Guds beskyttelse for dei og heimen deira.
Etterpå fekk me servert god mat, både suppa og hovedrett.


Ut på tur

Heile gjengen på tur. Bak Brith-Jorunn sit dei to nye, Elise og Erlend

På laurdag tok me ut på tur med heile misjonærflokken i Juliaca. Me var først på Sillustani, der det er ein del gravtårn frå Inca-tida, og frå ein kultur før Inca-tida som heiter Kolla.
Fin plass med utsikt utover ein innsjø. Me hadde med nista og kaffi, og litt snadder.
Etterpå reiste me til ein plass utforbi Puno og åt middag. Når me skulle prøva å finna ein is til dessert, kom me opp i ein religiøs fylle-fest. Desverre blir festane her ofte til det.

Ein liten unge saman med sine fulle foreldre

fredag, august 14, 2009

Skulestart

Me har vore i Arequipa nokre dagar. På tysdag starta skulen igjen, og det var visst dei fleste klar for. David har fått fornya interesse for hamsterar, og idag var me på eit marked og kjøpte hamster og forskjellig tilbehør. Spennande å sjå kor lenge interessen varer denne gangen:)


fredag, august 07, 2009

Familieforøkelse

Me har kome til Juliaca, og der hadde me ein hund som har blitt til fira mens me var i Norge. Nydelige valpar, men ein hund er egentlig passe. Fira er i meste laget. Nå har me fått plassert 2 av dei, og nokon i familien kjemper for at me skal behalda ein. Me får sjå kva som skjer.



lørdag, august 01, 2009

Tilbake i Peru

Då har me kome tilbake til Peru. Me landa i Arequipa ca kl 21 i går(kl 04 norsk tid), då hadde me vore på reis i nesten eit døgn. Det var kjekt å vera tilbake å treffa gamle og nye venner her.

Sidan sist har me hatt nokre flotte dagar på Varhaug, der me bada i basseng med vannsklie, køyrde go-cart og besøkte og fekk besøk av venner på Jæren.

David, Brith-Jorunn og eg fekk med oss nokre dagar av NLM sin generalforsamling i Bergen, det var inspirerande. Kjekt å møta mange kjente der og, sjølv om det ikkje vart tid til dei lange og djupe samtalane.

Etter det har me vore på Sviland og på Fogn, og kosa oss saman med familie og venner. Me fekk og ein rask tur til Sørlandet før me sette oss på flyet.

Me har hatt ein strålande ferie, takk til alle som var med på å gjera den til ei festreise. Bildene viser eit lite utdrag av kva me har funne på.