tirsdag, april 22, 2008

Silas 6 år


På søndag fylte Silas 6 år. Me vekte han med Happy Birthday og presangar. Og han var i storform. Etter frukost gjekk me i kyrkja, så åt me middag på ein restaurant. Og om ettermiddagen hadde me selskap med kaker, vafler, muffins og is.

Han fekk mykje fint, sjølv om han såg litt skummel ut når han kledde seg opp i sitt nyaste antrekk.

Tilbake på åstedet

På laurdag var me på tur opp i åsane i Juliaca. Og då gjekk me forbi det berykta hoppet som ga meg mange sting i øre-nese-hals regionen. Eg hadde ikkje med sykkelen, men eg måtte bare prøva hoppet ein gang til. Og det gjekk bra!

fredag, april 18, 2008

Mika sin første klypp


Me har fått nokre velmeinte råd om at det snart er på tide å klyppa Mika. Men me synes nå han har vore koselig med hokkeysveisen sin og. I dag fann Brith-Jorunn fram klyppemaskinen, og hår og tårer falt.

Oppdatert fjesrapport


Marit og Joakim etterlyste fleire bilder av fjeset mitt. Det er ikkje kvar dag eg får slike oppfordringar, så her kan dokke sjå koss eg ser ut i dag.

mandag, april 14, 2008

Grua i hagen og telttur


Siste veka har me fått ordna eit par ting rundt huset her. Trampolinen vår står på sement, og først hadde me nokre tjukke bastmatter rundt den, men dei har gått meir eller mindre i oppløysning og var skitne og ekle. Så nå har me fått nett på trampolinen, sjå meir på Solveig sin blogg.

I tillegg til det så har me fått oss grua i hagen, og den vart innvia ein dag i sist veka, med pinnebrøddeig og bananer med sjokolade inni.


Frå onsdag til torsdag låg skuleungane i telt på skuletomta. Silas fekk og vera med sidan han har begynt på førskulen. Dei kom heim ganske trøytte på torsdag ettermiddag. Men dei hadde hatt det kjekt.

lørdag, april 12, 2008

Idrettsskade


I går var David og eg på sykkeltur oppe i åsane utforbi byen her. Me for høgt opp og sat og nøyt utsikten ei stund før me tok på heimvei. Når me var halvveis nede, kom me til ein plass der det er eit hopp som me har prøvt før. Nå var det eit par stutar som sto litt i veien, så det var litt vanskelig å få fart. David køyrde først og kom seg like heil over, men når det var min tur så satte eg hjulet nedi ei grøft og for kontant på nasen. Dette førte til omfattande skader i munn, nase og rundt forbi. David sykla for å sei frå heima, og eg sykla og heim. Brith-Jorunn fann ut at det var best å få meg på sjukehus, og der sette dei lokalbedøvelse og prøvte å gjera reint såra, men når dei såg i munnen, fann dei ut at eg måtte på operasjonsbordet. Så eg fekk narkose og dei prøvte å lappa meg saman så godt dei kunne. Litt vanskelig å sei korleis resulatet er ennå, men om eg ikkje er like fin, så er eg like grei som før. Eg har eit bilde før sying, men eg trur eg legg ut det etter.
Låg på sjukehus i natt, men nå er eg heime igjen. Mika syns eg var så stygg at han gadd ikkje ha noko med meg å gjera. Får håpa det går over.

tirsdag, april 08, 2008

Hompetitten



Frå torsdag til søndag var Geirmund Monsen og eg på reise i Moho sone. Me hadde tema om evangelisering, og Geirmund presenterte eit opplegg han har jobba med, som skal hjelpa kyrkjene med å gi systematisk undervisning i kyrkjene.

Me var i dei fleste utkantane av sona, og køyrde på utrulige veier og stiar. Den høgaste kyrkja i Moho var me og i, den ligg 4270 m.o.h. Me vart godt mottatt, dei set pris på at me kjem på besøk. På kvar plass fekk me noko å eta. Fleire dagar var det "fiambre", dvs at dei legg eit teppe på bakken, og så legg dei poteter og frysetørka poteter oppå, ofte er det og ein eller annan "dip".

Me var på besøk i eit par heimar. Hos ein familie ba me for ei kone som var sjuk. Når me hadde gjort det, ba dei oss om å fjerna eit steinbord som dei hadde i gardsrommet sitt. Det hadde vore brukt av ein trollmann til å tilbereda offer til moder Jord og åndene. Så me ba om velsignelse over heimen, og fjerna det som dei trudde kunne stenga for den.


søndag, mars 30, 2008

Fleire folk til Juliaca



Denne veka har ein ny misjonærfamilie flytta til Juliaca. Det er familien Hamre. Dei kom på torsdag, og bur eit par kvartal frå oss. På fredag hadde me velkomst for dei på skulen, med kake, brus og kaffi. Skulen har blitt fordobla sidan før påske, frå fira til 8 gutar. Iallefall på mandag og fredag, for då er Silas på førskule. Familien Hamre har 4 gutar, tre av dei går på skulen, og minstemann er like gammal som Solveig. På søndag kjem Jeanette og til Juliaca, hu er lærar.

David er glad for å ha ein klassekamerat, han heiter Magnus.

torsdag, mars 27, 2008

Froskejuice

I går var eg ute på tur med nokon som har vore på besøk frå Norge. Dei har sett litt forskjellig her i området, og skal skriva litt og visa litt film frå Peru.

Ein av dei mest eksotiske drikkene du kan få i Juliaca er froskejuice.

Me gjekk ned i gata der dei har dette som spesialitet. Der har dei eit glasbur, som eit lite akvarium der ein del froskar beveger seg rundt i vatn.





Eg spurde om denne froskejuicen hadde nokon postitiv effekt, og fekk til svar at den var god for beina og for hjernen! Då var saken klar, ein froskejuice, takk. Frosken vart halshogd, flodd og sløyd, før den vart lagt i liquadoraen(blender). Der vart det tilsatt banan, honning, vatn med anis og noko mjølgreier. Og så vart alt blanda godt saman. Hu som tilberedte denne delikatessen, silte juicen og ga Helge Dagsland og meg kvart sitt glas med sugerøyr i.



Det er vel å ta hardt i at me tok det på styrten. Smaken var noko halvsøtt, at det i tilegg var lunka, gjorde ikkje opplevelsen bedre. Men me drakk nå. Me hadde med eget TV-team som dekka denne historiske begivenheten.

Vil du lesa meir om prosessen der dei laga juicen vår kan du sjå kva Helge har skrive:

http://heldags.blogspot.com/2008/03/advarsel-ikke-for-sarte-sjeler.html


torsdag, mars 20, 2008

Gjett kva denne gjengen seier?


Me var på vei frå generalforsamling til Arequipa, då me merka nokre merkelege lyder og vibrasjonar i bilen. Me hadde punktert. For å gjera ei halvlang historie litt kort: Kva trur du me sa når me fekk ein times stopp i ødemarken. SØREN!!!

Generalforsamling


Frå fredag til søndag var det generalforsamling i kyrkja. Den var i Mollendo, på kysten. Me var 7 mannfolk som låg i huset på ferieplassen desse dagane, der var det god stemning til langt på natt.
Det var interessant og kjekt å vera samla og høyra om arbeidet i kyrkja. Bra med folk, og det gjekk ikkje langt utover tidsskjema med forhandlingane. Det var litt få kandidatar til hovedstyret, så det vart åpna for benkeforslag, og to av dei kom inn. Han som eg kjenner best er Domingo, som er sonepastor(kretssekretær) i Juliaca. Han står heilt til høgre.

På søndag var det avslutning med festgudsteneste. Det var ei fin samling. På den vart dei seks første pastorane i kyrkja ordinert. Dei fekk spørsmål som dei måtte svara på, og så var det ei forbønnshandling for dei.

Før me vendte nasen heimover, fekk me ein utrulig god middag, sprøsteikt kylling. Mmm.

tirsdag, mars 18, 2008

Sjekk denne bloggen

Då er me tilbake i Juliaca, og det er godt. Eg la merke til eit festlig bilde av eit par i familien på denne bloggen: http://heldags.blogspot.com/2008/03/hyt-over-havet.html
Forfattaren av dette innlegget er på tur jorda rundt, og nå har han vore i Peru ei stund.

torsdag, mars 13, 2008

Konferanse




Ja, då har me hatt konferanse, og det var ei travel, men kjekk veka. Ungane hadde tema om påsken, og Silas fekk vera med på skulen. Frå nå av skal han gå mandag og fredag på førskule. På søndag etter kyrkjetid var det grilling og leik. Det tok heilt av når det dukka opp ein oppblåsbar rutsjebane.
Ellers var det besøk av Linkus frå Superblink.
På konferansen var det ein dag som vart via til strategi. Ellers var det besøk frå Norge og Danmark. Mykje god forkynnelse og interessant samtale om arbeidet.
Me som bur i Juliaca hadde ansvar for ein festkveld, med mykje god mat og fantastisk program og humor. Det tok heilt av:)
Nå reiser eg til kysten på generalforsamling i kyrkja, mens resten av familien blir i Arequipa.

mandag, mars 10, 2008

Tydelig kommunikasjon


Med dette bildet frå byen Matarani feirer eg innlegg nr 100 på bloggen. Og nå er det snart på tide med litt kommentarar. Trykk comments og skriv! Det er ikkje verre enn det.

søndag, mars 09, 2008

På ferieplassen




Nå har me kome til Arequipa og er i gang med misjonærkonferansen.

Frå sist fredag har me vore på ferieplassen og kost oss i varmen. Me har vore mest ved bassenget, men og fleire turar på stranda og ein dag i eit badeland. Me var i kyrkja i Mejia på søndag og der var det fullt hus, mange unge. Det var kjekt å sjå.

David, Peter og Silas fann ut at dei skulle ligga under åpen himmel ei natt, så det gjorde dei. Me var saman med ein dansk familie, og det var koselig. Me grilla eit par dagar og var ute og åt ein dag. Ei god veka for oss alle.

fredag, februar 29, 2008

Ferie og konferanse


Nå er me klar for litt ferie igjen. David, Peter og Solveig er alt på ferieplassen på svømmeveka med skulen, og nå reiser me og. Me skal ha ei veka ferie der, så er det misjonærkonferanse i Arequipa, og så skal eg vera med på generalforsamling i kyrkja før me reiser til Juliaca igjen.

Norske nyheter

I dag kjøpte eg lokalavisa her i Juliaca. Der står det stort sett om ting som skjer i Juliaca og i Puno fylke. Men dei har jo litt internasjonale nyheter og. Likevel vart eg ikkje lite overraska då eg fann ein sak om Norge midt inni lokalavisa mi. Det var om det enorma frølageret som dei har åpna på Svalbard. Viss alt såkornet har forsvunne, lurer eg på kor mange det er igjen her på jorda. Og eg lurer ennå meir på om dei kjem på å leita under jorda på Svalbard etter nytt såkorn? Men det er nå berre mi undring, utan at eg har lest alt om grunnen til å ha eit slikt lager.

Her kan dokke lesa kva dei skreiv om det i avisa vår.

tirsdag, februar 26, 2008

To turar

Denne veka har eg vore på to turar. Ein dagstur og ein helgetur.
På onsdag var eg saman med sonepastoren(kretssekretæren) Domingo til eit par plasser, Vilqechico og Huancané. Me besøkte forskjellige folk. I Huancané besøkte me ein av naboane til kyrkja, og fekk ein fin samtale med han, der me fekk dela nokre bibelvers saman med han. Han sa at han ønska å bli ein kristen, men han hadde nokre plikter i samfunnet som hindra han i å koma nå.

Me traff og ei ung jenta som har kome i kyrkja vår, men som ikkje kjem lenger, for hu får ikkje lov av foreldra. Det var trist å høyra.


På fredag reiste eg til Crucero. Der hadde dei bedt om nokre bibeltimar om samfunn og gode relasjonar mellom dei kristne. På laurdag formiddag hadde me 3 bibeltimar. Eg vart nødt til å ta ein pause i undervisninga, for det kom ei kraftig haglbøya, og når taket er av bølgeblikk, blir det litt av eit leven.

Om kvelden viste me film om den bortkomne sonen.

Crucero var ein gang den største lokalkyrkja i den nasjonale kyrkja, men nå er det svært få som kjem. Be om at dei som har gått før, må koma tilbake og at nye kan bli vunne for Jesus i Crucero. Dei har nettopp fått ny pastor, han heiter Ricardo. Be og om at han må få det han treng for å nå folket i Crucero med evangeliet.


På søndag var eg på gudsteneste i ei kyrkja oppe i ei li utforbi Crucero. Me måtte kryssa ei elv for å koma fram, så då følte eg meg som ein ekta misjonær. Det var ikkje mange sjelene der heller, men dei treng mat likevel:)

På veggen utforbi kyrkja hang ein hakkespett til skrekk og advarsel. Den hadde hakka hål i kyrkja. Det var ikkje populært, så den fekk som fortent.

Kva vei køyrer denne?

Klarer du å finna ut kva vei denne køyrer?

tirsdag, februar 19, 2008

Traktoren er reparert


For nokre månadar sidan knakk noko av styringa på trøtraktoren til Silas. Det er litt langt til Felleskjøpet herfrå, og eg hadde mine tvil om me klarte å fiksa den. Men så leverte me den til ein sykkelreperatør på gata her, og på kort tid var den god som ny. Silas har trødd og kosa seg, og i går var eg med han på sykkeltur med ostepop som nista. Det slo an.