lørdag, juli 26, 2008

Sjuke barn og skamslått kåna



Denne veka har det skjedd litt av kvart. Brith-Jorunn og eg tok oss ein fjelltur ein dag, og på vei ned frå ein topp låg hu plutselig flat på bakken. Hu fekk ein liten idrettsskade, sjølv om eg ikkje syntes det var noko fall å snakka om, så prøvte eg å trøsta litt.

Som om ikkje dette var nok, så har både Solveig og Mika blitt sjuke, og er varme i hovudet og korte i lunta. Dei et lite og søv mykje.

fredag, juli 25, 2008

Mika

Det er ein familietradisjon å ha sans for hattar

Kan eg få ein kjeks?

Tusen takk!


Det er kjekt med gryter!

Det har gått lang tid der eg ikkje har fått lagt ut bilder, så nå må eg ta igjen det forsømte. Her er nokre av Mika.

mandag, juli 21, 2008

Ny bil


Som ein del av dykk veit, så synes eg at det er kjekt med bilar. Og eg synes det er kjekt å prøva litt forskjellige kjøretøy. Denne månaden har eg disponert den nyaste bilen misjonen har. Ein Toyota Fortuner firhjulstrekkar. Det er ein flott bil. Sjølv om den Landcruiseren me har hatt til nå, er litt meir traktor, så trur eg at eg skal koma fram dei fleste plasser med denne og.

Sist helg var eg i Moho, det er der det er dårligast vei. Eg kjende eg dunka nedi av og til, men ellers fungerte den glimrande.

På vei heim frå Moho, låg eg bak ein lastebil på ei lang sletta. Eg la meg ut og ga gass for å koma raskt forbi. Då seier ein eg hadde med meg i bilen: Hål. Eg bremser det eg kan og svinger inn i min egen kjørebane. Det smell og me hopper i stolane. Når eg stopper og ser på hålet, så har dei grove ei grøft på ein meter over halve veien, og det var rett før eg sette nasen nedi den.

Bilen såg heldigvis like heil ut! Når eg kom heim såg eg at den hadde fått ei skrapa under støtfangaren og ein trøkk under stigbrettet, men det kunne vore mykje verre!

fredag, juli 18, 2008

I Jungelen









Dei første dagane i juli tok me med dei tre eldste og reiste til jungelen. Me tok fly frå Cuzco til byen Puerto Maldonando. Der vart me henta i buss og køyrd til elva, så reiste me 1 og ein halv time på elva Madre de Dios før me kom fram til plassen me skulle bu.

Når me satte oss i elvebåten, kom det ein og helsa på oss. Det var ein som har vore misjonær i Peru som var reiseledar for ei gruppa med nordmenn.

Då me kom fram til "lodgen"(hotellet), fekk me mat, så fekk me sjå hyttene me skulle bu i, før me for ut på første utflukt. Det var til ei øy med masse apekattar. Guiden hadde med bananer, og me fekk sjå forskjellige typar apekattar.

Om kvelden reiste me ut på elva for å sjå caiman, ein liten krokodille. Dei såg me mange av dei dagane me var der.

Den dagen då me såg mest spanande dyr, reiste me oppover ei lita sideelv til Madre de Dios. Me gjekk av båten og gjekk ein tur i jungelen. Ein plass var det eit hål i jorda, og der stakk guiden inn ein pinne, og så kom det ut ein tarantella. Etter ei lita stund kom me til ein plass, der det låg ein giftig slange og ruga på egga sine. Så gjekk me i båten igjen, og reiste lenger opp i elva for å fiska. Han som køyrde båten, fekk ein Piraya! Så reiste me litt lenger ned igjen, og rett før me stoppa, såg me ein liten krokodille som hoppa uti elva.

Så var det å hoppa uti elva me hadde fiska piraya i. Slikt sett ein spiss på badet. Silas likte best å bada i sorpa på elvebredden, men me andre leika Tarzan med eit tau og slengte oss uti elva.

Den siste dagen var me på ein ganske lang tur, der me både gjekk og padla. Me såg og høyrde mange forskjellige fuglar og dyr, men det eg kjem til å huska best er den eg ikkje såg. Me padla i ein liten innsjø langt inni jungelen, me såg skilpadder, caimanar og forskjellig. Så seier plutselig guiden "forsiktig" og padler raskt ut frå ei lita vik, Anaconda! Nokre få meter frå oss var ein 6-7 meter lang anaconda. Dei som sat bak i båten såg den, men ikkje eg! Me høyrde den bevega seg, og såg graset bevega seg, men den forsvann litt for fort. På veien heim den dagen høyrde me eit fælt rabalder i skogen innforbi stien der me gjekk. Då var det villsvin som herja på. Dei kan vera aggresive, så det var visst godt dei ikkje såg oss.

Det var nokre opplevelesesrike dagar, og "lodgen" me budde på var flott. God mat og fint område.
Nettsida til lodgen me budde på finn du på denne linken: http://www.ecoamazonia.com.pe/
Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei:)

onsdag, juli 16, 2008

Endelig kom min nye datta


Nå er det lenge sidan sist eg skreiv noko på bloggen. Men eg lover at det skal bli oftare oppdatering frå nå av. I ettermiddag kom nemlig min nye PC. Eg bestilte den 30.mai, så det var på tide. Men eg rekner med at eg skal ha mykje glede av den i lange tider.

Her kjem litt stikkord om kva dokke kan venta dokke å få meir info om framover. Ein fantastisk jungeltur med mange festlige dyr, nybrottsarbeid i ein by som heiter Azangaro, oppstart av nytt ungdomsarbeid m.m

Følg med!

onsdag, juni 25, 2008

Litt av kvart

Beklager at eg er litt dårlig på oppdatering for tida, men det er ikkje så inspirerande å jobba med ein gammal, treg PC. Men det skjer nå litt av kvart likevel.
Me har hatt besøk av 2 koselige ektepar frå Flekkerøy i helga. Dei var på ferie, og skulle videre til Bolivia der det eine paret har vore lærerar på den norske skulen.
Tor Egil og eg reiste til Crucero på laurdag kl 6!! Me var bedt om å undervisa kvart sitt emne på ei samling der. Me køyrde ein ny firhjulstrekkar som misjonen har kjøpt, ein Toyota Fortuner. Sprek og god bil. Me var på ein skule eit stykke før Crucero. Det skulle begynna 9, og me starta ca 10.30. Det har eg faktisk slutta å irritera meg over. Me hadde bibeltimane våre med ein pause imellom, og så var det deilig middag. Eit stort stykke alpakkakjøt og gode poteter som dei baker i ein jordovn. Snadder.
Før me reiste heimover, var me med å spela volleyball.

I går fekk me koselig besøk av fam Harestad og ein familie som dei har på besøk frå Sokn. Det var bror til Margareth og familien. Dei kom frå Cusco, og var litt halvsjuke. Men dei fleste var oppegåande. David og Peter fekk vera med dei på Titicacasjøen i dag. Det var stas.
Ellers så feira me St Hans på skulen i går, med bål, pølser, kaffi og kaker. Og fint ver!

I dag har me jobba litt med hytta til Silas og Karl-Andreas og hatt vafler og kaffi etterpå.

Det var litt av det som har skjedd i det siste. Me har og vore i Arequipa og hatt skuleavslutning og tatt avskjed med ein del folk som reiste heim.

Det er så stress å legga ut bilder nå, så eg får koma sterkt tilbake når eg får den nye PC-en. Den er komen til Lima.

tirsdag, juni 10, 2008

Me har fått lam




Me har snakka lenge om å få oss eit lam, og nå har me fått eit lite lam. Det har fått det klingande navnet Sulla, og suller rundt i hælane på dei som beveger seg utforbi døra. Står døra åpen er Sulla klar for litt inneliv og. Mika går rundt og seier bæ, bæ. Silas er overbevist om at Sulla er spesielt glad i han, sidan ho følger etter han heile tida. Det er eit lite lam, så det treng melk på tutteflaske kvar 3.time.

Fest og feiring

Me feira Peter sin 9-årsdag med salchipapas(pommes frites og pølsebetar) for alle skuleungane. Så kom dei voksne til kaffi og kaker. Han fekk mykje klær, fotball og ein del penger. Av sine gilde foreldre fekk han ein lapp! Der sto det at han skulle få gitar når me reiser til Arequipa til helga. Han var så fornøgd med dagen.

torsdag, juni 05, 2008

Peter 9 år


Nå er Peter blitt 9 år. Husker godt så letta Brith-Jorunn var nå han var født, terminen var 20.mai!!

Vil du senda bursdagshelsing til Peter, kan du trykka på "kommentarer" og gratulera han.

Bildet er nokre år gammalt, men han er ganske lik seg. Set inn nokre nye bilder så snart eg får det til.

lørdag, mai 31, 2008

Mannen som skal stelle heime

Nå har eg rigga meg til framfor ovnen, ungane er i seng, og Brith-Jorunn er på kvinne-helg! Det verste er at eg ikkje kan klaga, for det er eg som er mest vekke frå heimen. Brith-Jorunn reiste saman med nokre andre misjonærdamer, klokka 6 i dag tidlig. Dei er i Moho, og der er det visst 180 damer! Dei ligg som sild i tønna, og det kan sikkert vera nødvendig, for nå er det kaldt om nettene her oppe.
Første utfordring for meg var å få alle opp og påkledd. Så var det frukost og nister og få dei tre eldste på skulen. Eg fekk god hjelp av David og Peter. Peter dekka bord, og David skifta bleia og kledde Solveig. Når eg hadde levert Solveig hos Elisabeth, var Mika og eg ein tur i sentrum og handla råvarer til ein bedre middag.
Eg følger tradisjonen til pappa, og serverte utmerket spaghetti med pølser til. Det slo godt an!
To heile dagar igjen som gressenkemann. Plutselig så går det bra!

Nå sit eg og skriv på min gamle PC, den andre var det ikkje mulig å fiksa. Så nå har eg bestilt ny på nettet. Men det tar nokre veker før eg får den. Eg har fått henta ut alle data frå hardisken, det var ein lette!

Ellers går det bra!

torsdag, mai 22, 2008

Datatrøbbel

Denne veka har eg bibeltimar på eit pastorkurs på CLET(bibelskulen). Eg hadde forberedt ein god del på forhånd, og på søndagskvelden skulle eg skriva ut bibeltimen til mandag morgon. Men då var skjermen svart, og det har den vore sidan då. Eg har prøvt å få reparert PC-en, men det har eg ikkje fått til. Nå er den sendt til Arequipa, og eg håper jo litt at eg må kjøpa meg ein ny, men me får sjå. Men det blir nok litt lite oppdatering her nokre dagar.

søndag, mai 18, 2008

17. mai






Me har hatt ei storarta 17.mai feiring. Når me var på vei heim sa gutane at dette var kjekkare enn i Norge.

Dagen starta (som vanlig) med strålande sol frå skyfri himmel. Etter frukost satte me kursen mot skulen. Der var det fint pynta med rødt, kvitt og blått. Me vart ønska velkomen av Jeanette, og så var det sang og talar. David, Magnus og Knut hadde ein fin tale, og Helge hadde ein tale med mykje interessant frå historia. Så var det tid for å gå i tog. Skule-ungane hadde laga fin fane. Me gjekk rundt på skuletomta. Etter toget gjekk me inn og fekk høyra forskjellige innslag frå skule-ungane. Det var både dikt, piano-speling og sang. Så kom isvogna!

Me hadde forskjellige leiker, og så hadde me deilig grillmat. Nå holdt eg på å gløyma noko av det viktigaste for mange, me hadde kiosk med masse billig og godt snop. Det slo godt an.

Før me gjekk heim hadde me fotballkamp. Ein flott dag for store og små.

lørdag, mai 17, 2008

Tjuv tatt på fersken



I kveldinga i dag var eg ute og skulle handla litt grillkull. Eg parkerte bilen og gjekk rett over gata og fekk takk i eit par sekker. Når eg hadde betalt dei, og skulle kryssa veien, høyrde eg ein bilalarm, og såg til min store forskerekkelse at bilen min blinka med lysa. Og inni bilen var det ein type som romsterte rundt på jakt etter verdisaker. Eg ropte "tjuv" og sprang over gata. Og når tjuven såg meg, vart han så livredd at han stakk av uten å ha fått med seg noko, så langt eg kan sjå.
Eg vurderer å gå til innkjøp av skikkelig billås

mandag, mai 05, 2008

Folkefest i Juliaca













Her er det ein som får velsigna ein trailer

På fredag var me oppe i åsen i nærheten der me bur. Den heiter 3 de Mayo(3.mai) og det var fullt av folk der. Dei kjøper miniatyrting som dei får velsigna, og så trur dei at dei får dette i løpet av året, MEN bare viss dei har sterk nok tru. Brith-Jorunn snakka med ein del folk, og prøvte å sei at dette var bedrag og ikkje rett ifølge Bibelen. Men ho vart berre trist og frustrert for dei trur dei har Bibelen med på det dei gjer. Dette viser bare litt av den enorme samanblandinga det er mellom katolisisme og fedretrua. Det er vel og den store utfordringa me står i her. Her er fokuset på alt dei sjølv må gjera, og dei kjenner ikkje Bibelens ord som gir kvile i evangeliet.

3.mai er dagen for kors-festen, og på denne åsen er det masse kors. Men korset er bare eit magisk symbol for dei. Dei kjenner ikkje Jesus som døydde på korset, og veit ikkje at ”all åndelig velsignelse er i Han”.
Det er trist å sjå folkemengden som prøver alt dei kan å tru nok for å få del i den materielle velsignelsen, og så forholdsvis få som kjem til våre kyrkjer og får høyra om han som frelser og velsigner utan å ta betaling for det. Slike gonger kan ein drømma om å ropa ut sanninga gjenom store høgtalarar…….men då hadde me nok vorte kjeppjaga.
Litt mismodige går me ned frå åsen med bibelens ord i tankane: ”Kjente dei Guds gåve og visste dei kven Jesus er då hadde dei bedt han…..” Men visst har me mykje å gleda oss over om det til tider kan virka litt håplaust. Det er stort at me i kveld skal ha bibelstudie med 4 ungdommar der berre ei av dei kjenner Jesus. Det er stort at me får vera her…..bruk oss Jesus.













Åsen var full av folk

På feil villspor??

Klikk på bildet, så forstår du kanskje kva eg meiner med overskrifta!

lørdag, mai 03, 2008

Grønn blogg!

Eg er litt usikker på om eg liker den nye "looken" til bloggen. Kan eg få nokre synspunkter frå sidelinja. Trykk på kommentarer og sei din hjertens meining!

Kyrkja i Cusco



På søndag fekk me vera med i kyrkja i Cusco. Det var flott å sjå både barn, unge og vaksne samla for å høyra frå Bibelen. Arbeidet i Cusco vart starta etter at me reiste til Norge i 2001, så det var første gangen me var i denne kyrkja.
Pastoren i Cusco er ein som me kjenner godt frå Tacna. Han heiter Milton og var fiskar på stranda nokre mil frå Tacna då me budde der. Nå er han blitt menneskefiskar i Cusco. Ein flott mann. Me var på middag hos han og familien ein dag.
Eit dansk ektepar har nettopp flytta til Cusco. Dei heiter Olga og Flemming Stidsen. Be om at dei må få god kontakt med folket, og må trivast og ha glede i tenesten.

fredag, mai 02, 2008

Tur til Cusco


Sist helg reiste me til Cusco. Det er ca 4,5 times køyring. Fin tur, med variert og fin natur. Me besøkte familen Andersen sjå http://majbrittogsoren.blogspot.com. Dei reiser heim til Danmark til sommaren, så me hadde lyst til å ha ei helg saman med dei. Cusco er ein fin by, omkransa av Inka-ruiner. Masse turistar reiser dit for å sjå Machu Pichu og andre inka-ruiner.

Me var i Pisaq i den hellige dalen ei natt, og låg i ein bungalow. Der var det svømmebasseng, trøbåtar. leikeplass og forskjellige banar til fortball, volley osv. Me var ein tur inne på markedet og kjøpte litt suvenirar.

På vei til Pisaq var me på ein plass der dei lager mange fine ting av alpacca-ull. Der gjekk det både lama, alpacca og vicuña rundt. Ungane syntes det var kjekt å gi alpacca-ungar melk i flaske.

Me hadde ei kjekk helg, med både gøy og moro. Både små og store kosa seg. David og Peter tok fly til Arequipa saman med dei danske skuleelevane og lærerane.

tirsdag, april 22, 2008

Silas 6 år


På søndag fylte Silas 6 år. Me vekte han med Happy Birthday og presangar. Og han var i storform. Etter frukost gjekk me i kyrkja, så åt me middag på ein restaurant. Og om ettermiddagen hadde me selskap med kaker, vafler, muffins og is.

Han fekk mykje fint, sjølv om han såg litt skummel ut når han kledde seg opp i sitt nyaste antrekk.

Tilbake på åstedet

På laurdag var me på tur opp i åsane i Juliaca. Og då gjekk me forbi det berykta hoppet som ga meg mange sting i øre-nese-hals regionen. Eg hadde ikkje med sykkelen, men eg måtte bare prøva hoppet ein gang til. Og det gjekk bra!

fredag, april 18, 2008

Mika sin første klypp


Me har fått nokre velmeinte råd om at det snart er på tide å klyppa Mika. Men me synes nå han har vore koselig med hokkeysveisen sin og. I dag fann Brith-Jorunn fram klyppemaskinen, og hår og tårer falt.

Oppdatert fjesrapport


Marit og Joakim etterlyste fleire bilder av fjeset mitt. Det er ikkje kvar dag eg får slike oppfordringar, så her kan dokke sjå koss eg ser ut i dag.

mandag, april 14, 2008

Grua i hagen og telttur


Siste veka har me fått ordna eit par ting rundt huset her. Trampolinen vår står på sement, og først hadde me nokre tjukke bastmatter rundt den, men dei har gått meir eller mindre i oppløysning og var skitne og ekle. Så nå har me fått nett på trampolinen, sjå meir på Solveig sin blogg.

I tillegg til det så har me fått oss grua i hagen, og den vart innvia ein dag i sist veka, med pinnebrøddeig og bananer med sjokolade inni.


Frå onsdag til torsdag låg skuleungane i telt på skuletomta. Silas fekk og vera med sidan han har begynt på førskulen. Dei kom heim ganske trøytte på torsdag ettermiddag. Men dei hadde hatt det kjekt.

lørdag, april 12, 2008

Idrettsskade


I går var David og eg på sykkeltur oppe i åsane utforbi byen her. Me for høgt opp og sat og nøyt utsikten ei stund før me tok på heimvei. Når me var halvveis nede, kom me til ein plass der det er eit hopp som me har prøvt før. Nå var det eit par stutar som sto litt i veien, så det var litt vanskelig å få fart. David køyrde først og kom seg like heil over, men når det var min tur så satte eg hjulet nedi ei grøft og for kontant på nasen. Dette førte til omfattande skader i munn, nase og rundt forbi. David sykla for å sei frå heima, og eg sykla og heim. Brith-Jorunn fann ut at det var best å få meg på sjukehus, og der sette dei lokalbedøvelse og prøvte å gjera reint såra, men når dei såg i munnen, fann dei ut at eg måtte på operasjonsbordet. Så eg fekk narkose og dei prøvte å lappa meg saman så godt dei kunne. Litt vanskelig å sei korleis resulatet er ennå, men om eg ikkje er like fin, så er eg like grei som før. Eg har eit bilde før sying, men eg trur eg legg ut det etter.
Låg på sjukehus i natt, men nå er eg heime igjen. Mika syns eg var så stygg at han gadd ikkje ha noko med meg å gjera. Får håpa det går over.