tirsdag, september 21, 2010

Når ørkenen blomstrer


Når eg var i Yarabamba sist veka, tok eg ein tur rundt i området. Ein av tinga eg la merke til, var at fleire hadde planta blomster på tomtene sine. Det var verkeleg flott å sjå nokre fine fargar i dette støvete ørkenområdet. I arbeidet vårt her, kan det og av og til opplevast som noko tørt og håplaust. Men slik som vatn kan få ørkenen til å blomstra, kan det levande vatnet som me vil dela med folket her, skapa liv, vekst og frukt.
Johannes 4.10 Jesus svarte: «Om du hadde kjent Guds gave og visst hvem det er som ber deg om drikke, da hadde du bedt ham, og han hadde gitt deg levende vann.»


Sidan eg er i det noko sjeldne kreative tankemoduset i kveld, trur eg at eg tar med ennå ein liten kuriositet frå spaserturen min i Yarabamba. Det var noko som eg såg på fleire av dei svært enkle husa som var bygd der oppe. Dei hadde parabol. Ein parabol tek imot signaler frå "oven", det kan vel ver litt av kvart som du kan få tak i då.
Vårt ønske for folket her, er at dei skal få oppleva at det er mulig å finna ein bølgelengde der dei har direkte-kontakt med Gud i himmelen. I Bibelen kan me lesa om Gud som tala til Samuel, og då sa Eli at han skulle svara:
Tal, Herre, din tjener hører!
Me har eit ord me vil dela med folket her, som gir dei det som dei mest av alt treng: Eit møte med den levande Gud.
1 Joh 1.3 Det som vi har sett og hørt, forkynner vi også for dere, for at dere skal ha fellesskap med oss, vi som har fellesskap med Far og hans Sønn Jesus Kristus.

1 kommentar:

Anonym sa...

Håper dere ikke synes arbeidet er for trått for tiden. Det er jo ikke alltid så lett å se fruktene av arbeidet sitt... 1. kor. 3.6: "Jeg plantet, Apollos vannet, men Gud ga vekst". Ikke alltid like enkelt å forstå seg på når den veksten skal komme.

Forresten; så kreativ og tolkande du var i dette innlegget, så er det vel hakket før du skriver dikt. Eg gleder meg.
olav