mandag, september 27, 2010

Besøk i Ilo

Kyrkja i Ilo

På fredag reiste eg for første gang til Ilo, der kyrkja har starta opp eit nytt evangelisk arbeid. Pastoren som jobber der, heiter Ricardo, og han har eg jobba saman med både i Juliaca og i Tacna.

Han møtte meg når eg kom fram, og eg fekk sjå kor han budde og kor kyrkja var(same huset). Etter det reiste me ut for å besøka nokre av dei som kjem i kyrkja. Første plassen me køyrde, var eit typisk nybyggarstrøk, med meir eller mindre provisoriske hus, og utan skikkelig vei, bare spor i sanden. Men hu som me skulle besøka var ikkje heima.

Så køyrde me til eit anna hus, der traff me ei dama. Hu hadde gått i ei av våre kyrkjer som barn, og kjente fleire av misjonærane som har vore i Peru. Når hu flytta til Ilo for 16 år sidan, var det ikkje noko luthersk kyrkja her, så hu begynte i ei anna evangelisk kyrkja. Men når hu traff Ricardo her, har hu kome ei del i vår kyrkja igjen. Ricardo seier at den kyrkja hu går i, ikkje har mykje evangelium. Men mannen liker ikkje at hu går i ei anna kyrkje. Me delte litt frå Bibelen med hu, og hu var svært takknemlig for det. (Gud har sendt dokke til meg i dag)

Så reiste me til eit hus i nærheten av sentrum. Ein gut på 10 år slapp oss inn, og sa at mora ikkje var komen frå jobb ennå, og at faren kom heim i morgon(han jobber i ei gruve). Mora kom, og fortalte at hu var så glad for at nokre problem på jobben såg ut til å løysa seg. Hu hadde vore så bekymra. Hu fortalte at hu var så glad for at hu hadde begynt å gå i kyrkja og fekk muligheten til å bli kjent med Gud. Hu hadde tenkt på det ei stund, og hadde gått i den katolske kyrkja, men det hu fekk høyra der, fylte ikkje hjerta hennas.

Hu var så takknemlig for Ricardo og Maria, som besøker dei og deler Guds Ord med dei. Hu var og glad for at yngste guten hennas var så ivrig etter å gå i kyrkja. Hu har gått i kyrkja vår sidan mai.

Om kvelden snakka eg med Ricardo til langt på kveld, veldig interessant å høyra han fortella om ei variert teneste på mange forskjellige plasser i Sør-Peru.

Ricardo på besøk hos ein familie
Pastoren i Ilo, Ricardo
Nedre del av byen Ilo, opp til høgre er den nye delen av byen.

Ingen kommentarer: