Masse folk på gravplassen
På bordet er er det mat til sjela
Ein rik familie sin gravplass
Ei enkel grav
Ein katolsk prest som ber for ei sjel
I går var det allehelgensdag, og me hadde det som tema i kyrkja i Azangaro og på ei bibelgruppa om kvelden.
Det er tydelig at tradisjonen her ikkje stemmer med det som Bibelen lærer oss om døden.
Her trur folk at når ein person døyr så tar sjela ut på ei reis, der dei aller fleste vil nå himmelen til slutt, men først etter å ha lidd i Skjærsilden i kortare eller lenger tid.
Tradisjonen her er å be for sjela til avdøde, slik at tida i skjærsilden skal bli forkorta.
I tillegg til det, så lager dei mat til sjela, som dei set fram. Dette er for at sjela ikkje skal koma tilbake å plaga dei.
I går var Robert og eg ein tur på gravplassen, og der var det fullt av folk. Alle gravene blir pynta med kransar og blomster. Det er jo fint å minnas den avdøde.
Men her ser me både prestar og lekfolk som står ved gravene og ber for sjelene. I tillegg ser me mat som er satt fram, og grupper som speler musikk.
Tenk om folket her kunne få sjå det som Bibelen lærer oss, at den som har Sønnen har livet. Og når me dør, er det for seint å bli frelst.
1 kommentar:
Hei. Eg er glad for alle innlegg som går på peruansk kultur, folkeliv og religion, takk skal du ha! Eg skal oppmoda elevane mine til å studera bloggen dåkkars!!!
Legg inn en kommentar