fredag, september 11, 2009

Travel veka

Illustrasjonsbilde: Til v. kyrkja i Crucero, til h. skulen "Siervos de Dios"

Den siste veka har det skjedd mykje. Brith-Jorunn og Randi reiste til Cusco på dameleir sist torsdag. Der var dei samla 120-30 damer, og budde på ein fin plass i utkanten av Cusco. Bussturen heim på søndagskvelden vart ikkje heilt etter planen. Bussen stoppa kvar halvtime for å fylla diesel. Dei rekna med å vera heima 9-10 tida, men kom ikkje før det nærma seg midnatt.

Brith-Jorunn vart kjent med eit ektepar frå Israel på bussen. Dei var så koselige at dei tok hu med heim! Sidan bussen kom så seint til Juliaca, var det ikkje så lett å reisa videre til Puno. Utruleg kjekke folk, me vart sitjande å snakka med dei til langt på natt. Ikkje heilt lett å snakka engelsk, men det gjekk an.

Når damene var i Cusco, arrangerte med fedre Playstation-kveld og filmkveld. Fin helg.

Mandag reiste eg til Crucero for å feira 24-års dagen til kyrkja der. Det var bra med folk og skikkelig feiring. Møte mandag kveld og tysdag formiddag. Eg fekk og med meg ein volleyballkamp og ein fotballkamp.

Dei to siste dagane har eg vore på møte i CTP(kyrkja si lærenemd).

Ellers kan eg opplysa om at David sin hamster-hann har fått 8 ungar for ei stund sidan, men nå er det 3 igjen. Trur ikkje eg går nærmare inn på kor dei 5 andre er…

Eg har hatt fotoapparatet mitt på service, så eg har ikkje så mange bilder å visa, men eg kjem sterkare tilbake ein annan gang.

5 kommentarer:

Tor Egil Høgsås sa...

Her kom det 6 hamsterunger i dag. Skal jeg ta med noen hvis vi kommer oppover onsdag så dere kan få fyllt opp...?

Tor Egil Høgsås sa...

Det var Marianne som skrev det Tor Egil sa...

Sverre sa...

Min erfaring er at du aldri veit kor mange hamsterungar du har. Gå å tell ein gang til.

Anonym sa...

hei!! koss går det i peru. Vi har det bare bra!! det var knall kjekkt!!! når dere var her og når eg og Olaus var hoss dokk.koss gård det på Skulen då.vi savner dere! helsing vi på Nærbø.Hadle R. B.

Peter sa...

HEI.
Det va kjekt å ver hoss dokke
i Norge,det va og kjekt å ha
besøg av dokke på Varhaug.Nå har me
komt te Peru igjen og me har begynt
på skulen.Håbe dokke har det bra
i Norge.
Til Bjuland.

Fra Peter.